Mindre medisin kan gi milliongevinst

Om nokre år kan det bli mogleg å gi pasientar medisin sjeldnare enn i dag. Årsaka er ein teknologi UiO-forskarane Jan Terje Andersen og Inger Sandlie har utvikla.– Teknologien vil kunna påverka kor ofte pasientar treng å ta medisinen sin, anten dei er heime eller på sjukehuset. På lang sikt kan det gi ganske store helseøkonomiske gevinstar, trur Andersen. Dei har nyleg inngått ein avtale med bioteknologiselskapet Novozymes.  

MINDRE MEDISIN: – Teknologien vil kunna påverka kor ofte pasientar treng å ta medisinen sin, anten dei er heime eller på sjukehuset. På lang sikt kan det gi ganske store helseøkonomiske gevinstar, trur postdoktor Jan Terje Andersen og professor Inger Sandlie ved Institutt for molekylær biovitskap, UiO.

Foto: Ola Sæther

– Det er svært motiverande å finna ut at nokon er interessert i å lata den teknologien me har utvikla, koma samfunnet til nytte og også vera til nytte for folk, seier postdoktor Jan Terje Andersen ved Institutt for molekylær biovitskap. Professor Inger Sandlie gir han mesteparten av æra for at forskargruppa hennar har klart å utvikla ein teknologi som bioteknologiselskapet Novozymes er interessert i å utvikla til eit kommersielt produkt. Selskapet er ein verdsleiande produsent av enzym og andre protein

– Store innsparingar

– Då han kom med ideen, staka eg berre ut ein kurs i rett retning for han, seier ho. Det skal no søkjast om patentvern på det produktet dei er med på å utvikla. Før det er blitt gjort, kan dei ikkje gi ein detaljert omtale av det. Dei kan likevel seia noko.

– Me har i lang tid arbeidd med eit molekyl i immunsystemet som er viktig fordi det mellom anna styrer levetida til viktige protein i blodet. Dette er grunnforsking som kan omgjerast til praktisk bruk, seier Sandlie og Andersen.

Dei ser føre seg at det kan gi store innsparingar for staten, dersom det viser seg at produktet blir vellykka.

– Teknologien vil kunna påverka kor ofte pasientar treng å ta medisinen sin, anten dei er heime eller på sjukehuset. På lang sikt kan det gi ganske store helseøkonomiske gevinstar, trur Andersen.

– Fekk invitt på konferanse

Inger Sandlie er leiar av ei av forskargruppene ved Centre for Immune Regulation (CIR) eller Senter for immunregulering, som er eit senter for framifrå forsking ved UiO og Rikshospitalet. Der ser dei på molekylære mekanismar og bestemte protein i immunsystemet.

Det var etter eit foredrag om deira grunnforsking på ein internasjonal konferanse at ho blei kontakta av fleire som ville samarbeida, blant andre Novozymes.

– Etter at eg hadde presentert eit interessant funn frå grunnforskinga vår, kom ein forskar som var tilsett i farmasiselskapet Novozymes bort til meg og sa at dei gjerne ville samarbeida nærare med meg og forskargruppa mi. Då eg kom tilbake, tok eg kontakt med Birkeland Innovasjon og fortalde dei om den invitten eg hadde fått, og at eg òg var interessert i å samarbeida med dei, fortel Sandlie.

Snøballen byrja å rulla ganske fort.

– Full fridom til å publisera

I sommar inngjekk Birkeland Innovasjon på vegner av UiO og forskargruppa til Inger Sandlie ein avtale om forskings- og utviklingssamarbeid og lisensiering av dei immaterielle rettane.

– Formålet med samarbeidet er å utvikla teknologien vidare, slik at den kjem i bruk på ein best mogleg måte. Avtalen med Novozymes sikrar at ein del av inntektene av denne teknologien går til Universitetet i Oslo og dei forskarane som fann opp teknologien. Dei får også full fridom til å publisera resultata frå dette samarbeidet, samtidig som dei arbeider tett saman for å sikra vern av oppfinninga, seier prosjektleiar Jørund Sollid i Birkeland Innovasjon til Uniforum

Fakta om Birkeland Innovasjon:

Birkeland Innovasjon AS er eit teknologi-overførings-selskap som er eigd av UiO og som blei oppretta i 2004. Dei forvaltar oppfinningar frå UiO-tilsette og skal bringast inn i alle avtalar som handlar om eigarskap og kommersiell utnytting. Dei har nærare 50 prosjekt no, og dei 11 tilsette evaluerer rundt 80 nye oppfinningar kvart år.

 


 

– Me er svært nøgde med starten på dette samarbeidet. Det er ofte store synergiar mellom akademia og industri når dei arbeider saman, meiner han. 

 – Det er flott at me har kunna bruka selskapet sine ressursar på å utvikla den teknologien som me har kome fram til gjennom grunnforskinga vår. Difor er det fint at det vekkjer slik interesse, seier Jan Terje Andersen.

– Gjort ein god jobb

Både Inger Sandlie og Jan Terje Andersen er svært nøgde med den innsatsen Birkeland Innovasjon har gjort for dei.

– Dei har gjort ein svært god jobb både for oss og UiO. Viss me skulle ha drive med slike forhandlingar på eiga hand, hadde me ikkje fått tid til å forska. Og me ville sikkert ikkje ha noko særleg å stilla opp med mot forretningsjuristar med lange kontraktar, synest Sandlie.

– Det er klausular både for publisering, eigarskap til resultata, patentar, omfanget av samarbeidet og kor lenge det skal vara. Kontrakten er på tjue sider. Birkeland Innovasjon har oppført seg strengt forretningsmessig og vore lydhøyr for våre ynskje. Me har følt oss trygge gjennom heile prosessen, meiner Inger Sandlie.

 

Emneord: Birkeland Innovasjon, Bioteknologi Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2009 15:24 - Sist endra 7. okt. 2009 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere