Mat for kresne ganar

Denne veka opna SV-kantina i Eilert Sundts hus på Blindern i heilt ny drakt. No blir det satsing på sunn og næringsrik mat. – Studentane vil gjerne betala litt meir for mat som er laga frå grunnen av, seier Alain Clérambault, administrerande direktør for Studentkafeane AS.  

LUKSUSRETTEN: – Dagens luksusrett er scampi, fortel kaféleiar Manuel De Sa.

Foto: Ola Sæther

Dei som var stamgjester i den gamle SV-kantina, vil ikkje kjenna seg igjen i den nye SV-kantina. Borte er dei gamle borda og stolane, inn har det kome trepanel og koselege små benkar.

No minner kantina meir om ein kafé enn ei kantine. Det er likevel mattilbodet som skil den nye kantina mest frå den gamle. 

Kortreist, fersk mat

– Kantina tilbyr, som den aller første serveringsstaden i landet, ein betjent salatbar. Det gjer me mest av hygieniske årsaker. Ei anna nyvinning er satsinga på kortreist, fersk mat, som me har kalla for Optima. Det kan vera ein rett med fersk fisk eller ferskt kjøt. I dag er det scampi som står på den menyen. Det skal alltid vera to garnityrrettar, og ein av dei skal vera med ferske grønsaker,  fortel Alain Clérambault, som er administrerande direktør i Studentkafeane AS.

– Og me har også ein minivariant av konseptet til kiosken Beatween i Frederikkebygningen. Vårt tilbod kallar me for Beat, for å visa at det er ein mindre variant av det same innhaldet, Clérambault er svært kry over det dei har fått til.

– Det har me klart i nær dialog med studentane sine representantar i Velferdstinget og Studentparlamentet. Me har heile tida hatt eit klart bilete av at studentane på SV-fakultetet brukar meir pengar på mat enn studentar på andre fakultet. Og studentane gav klart uttrykk for at dei gjerne betalte litt ekstra for ein middagsrett eit par gonger i veka, dersom dei visste at den var utan bearbeidde produkt. Slik blei ideen om det eksklusive og råvarebaserte middagstilbodet Optima utvikla, fortel han.

Kantina serverer også både halalrettar og vegetarrettar.

– Fekk ideen i London

– Du kjem opphaveleg frå Frankrike, men det var ikkje Frankrike som gav deg ideen til denne kantinemodellen?

– Nei, ideen kjem eigentleg frå verdas mest berømte handlesenter, Harrods i London. Me var der på ei forretningsreise, og blei inspirerte, seier han til Uniforum. Sidan kantina opna på måndag, har fleire og fleire byrja å bruka den.

– Eg trur også at den betjente salatbaren vil bli ein suksess. Tradisjonelt selde me rundt 120 porsjonar for dagen, men no har me kome opp i eit gjennomsnitt på 150 porsjonar. No tar me betaling etter kva ingrediensar kundane våre vil ha i salaten, og ikkje etter vekta. I går selde me 50 rettar med Optima, medan me selde 35 på tysdag. Då var det kokt fisk, og det går alltid litt dårlegare, peikar han på.

Finansiert av krisepengar

Ombygginga av SV-kantina har kosta rundt 10 millionar kroner.

– Den kostnaden er det Universitetet i Oslo som tar. Pengane kjem frå krisepakka som UiO fekk frå regjeringa i januar, seier han.

– Og prisen på maten, korleis er den?

– Alle studentar som blir abonnentar på dagens rett vil få den for 34 kroner, medan den vil kosta 45 kroner for alle dei andre studentane. For tilsette blir det litt dyrare. Luksusretten Optima kostar 75 kroner for studentar, medan alle dei som ikkje er studentar må betala mellom 10 og 15 kroner meir. Om me hadde gitt dei studentpris, kunne me fått problem med dei europeiske konkurransereglane, og fått ESA på nakken, trur han.

– Kan denne kantina bli ein modell for alle dei andre kantinene til UiO?

– Dersom det viser seg at det blir ein suksess med servering av sunn mat i SV-kantina, må me vurdera det. Men det er det opp til universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og resten av universitetsleiinga å avgjera, slår han fast. Han understrekar at Studentsamskipnaden i Oslo er svært tilfreds med samarbeidet med SV-fakultetet og Universitetet i Oslo.

– Det har vore eit fantastisk lagarbeid, synest Clérambault.

Fredag 9. oktober klokka 12.00 opnar SV-kantina offisielt. Då står universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe for opninga, medan UniKor tar seg av underhaldninga. 

 

Emneord: Studentforhold, Kantine Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2009 14:07 - Sist endra 8. okt. 2009 14:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere