Jon Bing om forsking på nett

Fleire og fleire vitskaplege artiklar blir publiserte elektronisk i opne, tilgjengelege nettidsskrift. Torsdag 22. oktober kl. 18.00 inviterer Vitskapsakademiet til debatt med professor i rettsinformatikk, Jon Bing som innleiar. – Då håpar me at alle interesserte vil ta turen til Drammensveien 78 for å høyra kva Jon Bing har på hjarta, fortel professorane Anne-Brit Kolstø og Erik Boye frå UiO og Radiumhospitalet.

NETTPUBLISERING: Professorane Erik Boye og Anne-Brit Kolstø inviterer til debatt om nettpublisering av forskingsresultat i Vitskapsakademiet med Jon Bing som innleiar.  

Foto: Martin Toft

Boye skal saman med Hans Petter Langtangen frå Simula-senteret kommentera innlegget frå Jon Bing. Anne-Brit Kolstø leier den matematisk-naturvitskaplege klassen i Vitskapsakademiet, som også skipar til denne debatten.

– Den elektroniske publiseringa av forskingsartiklar i opne tilgjengelege netttidsskrifter bør føra til ei endring i pengeoverføring til forsking, synest Boye og Kolstø.

– Sjølv om fleire og fleire artiklar no blir publiserte på nettet, må enkeltforskaren framleis betala rundt 15 000 norske kroner til forlaget for å få publisert artikkelen sin. Dette er pengar som ikkje er kalkulerte inn i dei overføringane forskaren får frå Forskingsrådet , EU eller frå Kunnskapsdepartementet.

– Difor bør ein del av dei pengane som i dag går til universitetsbiblioteka for at dei skal abonnera på vitskaplege tidsskrift bli overførte til dei forskarane som må betala for å få publisert i desse tidsskrifta. Abonnementet vil etter kvart bli gratis, og så blir alle utgiftene lagde på forskaren, meiner Kolstø og Boye.

– Fleire internasjonale forskingsfond tar allereie slike omsyn når dei løyver pengar til forskingsprosjekt, minner dei om.

 

Emneord: Forskningsformidling, Videnskaps-Akademiet, Jus Av Martin Toft
Publisert 15. okt. 2009 10:23 - Sist endra 15. okt. 2009 10:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere