Skaper målreising i Zimbabwe

– Dette er eit pionerarbeid som kan skapa målreising i Zimbabwe, slik at dei nasjonale språka i framtida kan overta for engelsk som administrasjons- og undervisningsspråk, seier Nomalanga Mpofu og Edgar Mberi. Ho er den siste, medan han var den første av seks ALLEX-stipendiatar i lingvistikk. Denne månaden sat den første i doktorkomiteen til den siste.  

HØGTIDLEG: Doktorkandidat Nomalanga Mpofu skrir ned auditorium 2 i Helga Engs hus flankert av setjedekan Hanne Gram Simonsen (t.v.), komitémedlemane Michel Lafon og Edgar Mberi og komitéleiar Kjell Magne Yri.

Foto: Ola Sæther

Nomalanga Mpofu er den siste av i alt seks ALLEX-stipendiatar, som alle har fullført studia sine ved UiO. ALLEX står for African Languages Lexical Project, og det er eit ordboks- og korpusarbeid der Institutt for lingvistikk og nordiske studium (ILN) ved UiO og Universitetet i Zimbabwe har hatt eit nært samarbeid.

Adjektiv i shonaspråket

Det var høgtideleg då doktorkandidat Nomalanga Mpofu fredag 11. september skreidd ned auditorium 2 i Helga Engs hus i fylgje med setjedekan Hanne Gram Simonsen, komitéleiar Kjell Magne Yri og komitémedlemane Edgar Mberi og Michel Lafon frå University of Pretoria. Etter ein kort introduksjon frå Hanne Gram Simonsen kunne Nomalanga Mpofu gå fram til talarstolen for å forsvara avhandlinga si for ph.d.-graden.

"Korleis kan ein vita at eit ord er eit adjektiv, og ikkje noko anna? Og kva ligg i ordklassenemninga "adjektiv"? Desse spørsmåla har ho undersøkt. Utgangspunktet er mange års arbeid som morsmålsleksikograf for shona, fleirtalsspråket i Zimbabwe.

Ordbøkene blei redigerte utfrå shonakorpuset som ALLEX-prosjektet (1991–2006) bygde opp. Etter kvart vart det klart at eksisterande teoriar og skildringar av shonaspråket ikkje gav eit rett bilete av språket.

– Såg bantuspråka gjennom eigne briller

– Mange tidlege spesialistar på afrikanske språk snakka sjølve europeiske språk, og såg bantuspråka gjennom eigne briller. Dei måtte læra språka våre før dei kunne analysera dei. Før hadde ein heller ikkje tilgang til så store tekstmengder og effektive undersøkingsmetodar som ein har no. Difor er det ikkje så rart at ordklasseinndelinga i bantuspråk vart knytt einsidig opp mot morfologi.

– Med avhandlinga mi vonar eg å ha vist at generell, kognitiv teori og morfosyntaktiske kriterium kan nyttast like godt til å bestemma ordtilfang i shona som for alle andre språk, seier Nomalanga.

– Ingen bantuspråk er verkeleg grundig undersøkte av morsmålslingvistar. Enorme arbeidsoppgåver ventar på oss, og me ser fram til å byggja ut afrikansk lingvistikk innanfrå, med både moderne, lingvistisk teori og betre empiri i verktøykassa, seier ho.

– Kva synest du om at den tidlegare ALLEX-stipendiaten, Edgar Mberi, sat i komiteen som vurderte doktoravhandlinga di?

– Det var berre heilt fantastisk. Og det var ei god røynsle for meg, synest Nomalang Mpofu. Også for Edgar Mberi var dette ein milestolpe.

– Det er heilt utruleg kor langt me har kome i denne språkforskinga, sidan den gongen eg starta opp i 1992. Då hadde me ikkje eingong datamaskiner som me kunne bruka i ordsamlingsarbeidet. No har me eit korpus på 2 millionar ord for shonaspråket, som blir snakka av 75 prosent av dei 11,4 millionar innbyggjarane i Zimbabwe. Og ein annan del av prosjektet har gjort det same arbeidet med mindretalsspråket ndebele. Det synest eg er ei heilt utruleg utvikling.

– Kan erstatta engelsk

– Vil dette arbeidet til dømes, kunna føra til at shona og ndebele blir meir brukte som administrasjons- og undervisningspråk i framtida?

– Heilt klart, seier Mpofu og Mberi i kor. – I dag blir det berre undervist i shona på eit universitet i Zimbabwe, og det er for dei som studerer shonaspråket. Elles er all undervisning på engelsk både innanfor høgare utdanning og i grunnskulen. Me har grunn til å tru at dette morsmålsarbeidet fører til at shona og ndebele og andre språk gradvis kan erstatta engelsk, seier dei.

Likar seg best i heimlandet

No drar Nomalanga Mpofu tilbake til stillinga si som forskar ved African Languages Research Institute ved Universitetet i Zimbabwe, der Edgar Mberi er tilsett som forskar ved Department of African Languages and Literature.

– Så du kunne ikkje tenkja deg å bli verande ved Universitetet i Oslo?

– Eg har likt meg veldig godt her, men eg likar meg endå betre i heimlandet mitt, trass i dei problema me har opplevd der. Og no held eg fram med å samarbeida med rettleiaren min, Christian-Emil Ore, Oddrun Grønvik og Øyvind Eide i Crobol-prosjektet. Då skal me samarbeida med forskarar frå mellom anna Mosambik. Det gler eg meg til.

Språkforskar Oddrun Grønvik i Norsk Ordbok har vore ein av leiarane for ALLEX-prosjeketet. Ho tykkjer Nomalanga Mpofu har gjort eit svært viktig arbeid.

– Avhandlinga hennar spring direkte ut av ordboks- og korpusarbeidet i ALLEX-prosjektet. Institutt for lingvistikk og nordiske studium kan også visa til at dei med samanhangande støtte gjennom snart tjue år faktisk har sytt for at Universitetet i Zimbabwe no er oppe og går på eiga hand når det gjeld morsmålslingvistikk, trass i svært vanskelege ytre tilhøve, fortel Grønvik til Uniforum.
 


 

Emneord: Språk, Afrika, Zimbabwe Av Martin Toft
Publisert 24. sep. 2009 15:45 - Sist endra 24. sep. 2009 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere