Psykologi tjuvstarta 100-årsjubileet

– Psykologi er ein god og stor bidragsytar for omdømmet til Universitetet i Oslo. Det sa prorektor Inga Bostad, då ho opna jubileumsutstillinga til Psykologisk institutt i Galleri Sverdrup 1. september. Det var ein tjuvstart på 100-årsmarkeringa,som startar 30. oktober.

FEIRER PSYKOLOGI: Kristin Nordseth, Vera Østensen, Fanny Duckert og Carolin Aulie har tjuvstarta 100-årsjubileet til Psykologisk institutt. Stine Vogt er ansvarleg for plakaten i bakgrunnen.

Foto: Martin Toft

 ”Laboratorium og klinikk. Psykologisk institutt i 100 år” er tittelen på jubileumsutstillinga som dei tilsette på instituttet står bak.

– Det er me svært stolte av. Me har spikra og tatt tunge lyft og gjort masse praktisk arbeid. Eg vil spesielt trekkja fram Stine Vogt som har vore kunstnarleg ansvarleg for utstillinga, sa Fanny Duckert til Uniforum. Ho er leiar for jubileumskomiteen.

– Eit av dei mest populære studia

Prorektor Inga Bostad kunne visa til at psykologi har vore på timeplanen heilt sidan byrjinga av historia om universitetet.

– I dag er det eitt av dei største og mest populære studia ved Universitetet i Oslo. Alle aviser og vekeblad har i dag samlivsspalter eller psykologispalter. Psykogisk institutt er i dag i ei særstilling fordi det er så breitt samansett. Det er ein god prestasjon at alle er i eitt institutt, sa Inga Bostad, før ho opna utstillinga og inviterte dei rundt 40 frammøtte til å læra meir om 100-årsjubilanten.


 

Emneord: Psykologi, Galleri Sverdrup Av Martin Toft
Publisert 4. sep. 2009 11:26 - Sist endra 4. sep. 2009 12:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere