– Men allereie frå klokka 16.30 går det første programmet med ”Forskar-standups” frå Universitetet i Stavanger på lufta. Der skal forskarar stå opp for ei forsamling og utan hjelpemiddel presentera eit tema, fortel førsteamanuensis Arild Boman.
Han er dagleg leiar for Kunnskapskanalen saman med Yvonne Pettrem ved InterMedia på UiO. Gjennom 15 år har publikumsundersøkingar vist at Kunnskapskanalen sine sendingar kan måla seg med sjåaroppslutnaden til underhaldningsprogram som blir sende samtidig. Meir enn 12 millionar personar har sett heile eller delar av sendingane til no.
– Med det høge utdanningsnivået i samfunnet vårt er dette ikkje overraskande. Det er meir overraskande at det ikkje blir satsa meir på slike tilbod, synest Boman.
– Kunnskapskanalen får denne hausten faste sendingar kvar laurdag kl 16.30 på NRK 2. Det siste året er kanalen utvida til mest alle universiteta i Noreg, etter at universiteta i Stavanger, Agder og NTNU no er blitt medlemar, seier han.
Laurdag den 12. september kl. 16.45 vil det koma eit program om finanskrisa produsert av NTNU.
Logg inn for å kommentere