Holbergprisen i økonomisk knipe
– Me styrer mot underskot, seier Jan Fridthjof Bernt, styreleiar i Holbergprisen til På Høyden.

PENGEPROBLEM: – Holberg-prisen styrer mot underskot, seier styreleiar Jan Fridthjof Bernt.
– Det er først i dette årets budsjett at problemet har blitt akutt. No innser me at me styrer mot eit underskot, seier Jan Fridthjof Bernt, styreleiar i Holbergprisen.
Ludvig Holbergs minnefond vart oppretta i 2002, og fekk då ein fondskapital på 200 millionar kroner. Den årlege avkastninga vert tildelt Universitetet i Bergen, som står som økonomiansvarleg for verksemda rundt Holbergprisen og Nils Klim-prisen. Av di avkastninga er eit fast kronebeløp og renter av bestemte statsobligasjonar, er realverdien av dei årlege inntektene stadig fallande, opplyser Jan Fridthjof Bernt til På Høyden.
I følgje tal På Høyden har fått frå Holbergprisen var avkastninga på 9,1 millionar kroner i 2009. Av desse går 4,5 millionar kroner til Holbergs internasjonale minnepris, som i år går til Ian Hacking.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere