Vil ha inn danning i bachelorgraden

– Me vil ikkje overtala lærestadene til å innføra framlegga våre, men heller overtyda dei om behovet for å gjera det. Det sa leiar for Danningsutvalet, prorektor Inga Bostad, då utvalet la fram sluttrapporten sin måndag 10. august. Utvalet foreslår mellom anna å innføra ex.phil. ved alle profesjonsutdanningar og setja i gang forsøk med å utvida bachelorgraden med eit halvt år fordjuping i danning.

MEIR ALLMENNDANNING: Danningsutvalet ynskjer meir allmenndanning inn i mellom anna bachelorgraden. Her presenterer utvalsleiar Inga Bostad sluttrapporten saman med Lars Løvlie (t.v.) frå UiO og Anders Lindseth frå Høgskolen i Bodø.

Foto: Ola Sæther

Heile utvalet står samla om innleiingskapitlet og sluttkapittelet i sluttdokumentet. Dei har valt å vera ueinige om det dei er ueinige om, og så har dei kome fram til argument og praktiske forslag til korleis studentar kan få meir innføring i kunnskap som gir dei ei betre akademisk danning enn i dag.

Det var Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bodø som sette ned Danningsutvalet i mai 2007. Utvalet har mellom anna sett på korleis den akademiske danninga blir tatt vare på etter innføringa av Kvalitetsreforma, igangsetjinga av Bologna-prosessen, og gjennomføringa av Lisboa-strategiane.

– Opprør mot instrumentaliseringa

– Sluttdokumentet er eit opprør mot instrumentaliseringa av høgare utdanning, meinte stortingsrepresentant Odd-Einar Dørum, den einaste politikaren som er med i utvalet.

– Det er eit dokument med tankar om korleis ein kan tenkja, la han til.

Ved Universitetet i Bergen vurderer dei å få inn forslaga frå Danningsutvalet i bachelorgraden.

– Ja, me vil gjerne ha inn fordjuping i danning som eit semesteremne i bachelorgraden vår, seier utvalsmedlem Berit Rokne, som også er prorektor ved Universitetet i Bergen. No håpar ho Kunnskapsdepartementet og Universitets- og høgskulerådet vil støtta forslaga.

– No er me i gang med ein prosess, men me treng drahjelp frå alle andre, understreka ho.

Verda og faga endrar seg

Utvalet meiner at debatten om allmenndanning spring ut av fleire ulike problemområde. Det første handlar om verda utanfor akademia, det andre om endringar i livssituasjonen til kvar einskild student, det tredje om skiftingar i forholdet mellom faga, og det fjerde handlar om nye typar press på arbeidsmarknaden.

Skiftar jobb oftare enn før

Eit viktig poeng er at studentar skiftar arbeid oftare enn før. Det krev ny evne til omstilling, heiter det i dokumentet. Samtidig krev det evne til nyinnhenting av kunnskap og fornying av lærdom, ajourføring og mot og ressursar til sjølvutvikling. Utvalet viser også til at faga no nærmar seg kvarandre og blir meir integrerte enn før.

Teknologisk endring

Den teknologiske endringa i informasjonsteknologien, det vil seia IKT, Internett, web, radio, fjernsyn og enklare teknologi for publisering av bøker, fører til ein svær auke i tilgangen til informasjon, og difor også ein auke i kunnskapsmassen.

Lever lenger

Det faktum at me lever lenger, har også utvalet sett på som eit viktig punkt. Dei meiner det er ein viktig grunn til at me må ha reiskapar til omstilling og til å finna nye kjelder til innsikt og oppleving.

Globalisering

I ei tid med svære kulturelle, politiske, vitskaplege og økologiske, demografiske, teknologiske, mediale og religiøse endringar, vil internasjonalisering av livskjensla trengja seg på, konstaterer utvalet. Det peikar på at globaliseringa ikkje berre spreier menneskerettsnormer, men også hatet.

Nye former for fundamentalisme spreier seg innanfor religionane, like mykje innanfor kristendom og jødedom som innanfor islam. I kombinasjon med totalitære, politiske ideologiar står verda overfor ei svært stor utfordring med omsyn til fridom, likestilling, likeverd og demokrati, meiner utvalet.

Må utdanna informerte borgarar

Universiteta har difor som det særlege bidraget sitt å utdanna informerte borgarar som kan leva med dei tvetydige tinga livet i den moderne verda byr på og fungera som samtalepartnarar med demokratisk sinnelag, som også kan kjenna solidaritet og handlingsevne utanfor si eiga livsverd.

Det handlar ikkje minst om behovet for auka religiøs, kjønnsteoretisk, politisk og kulturell kompetanse i ei kompleks ny verd, understrekar utvalet.

 

Desse personane har sete i Danningsutvalet:

Inga Bostad, Universitetet i Oslo (leiar),
Terje André Arnøy, Norsk Studentunion,
Odd Einar Dørum, stortingsrepresentant, Oslo,
Bernt Hagtvet, Universitetet i Oslo,

Berit Rokne Hanestad, Universitetet i Bergen,
Anders Lindseth, Høgskolen i Bodø,
Lars Løvlie, Universitetet i Oslo,
Roger Strand, Universitetet i Bergen (sekretær)
 

Ser til USA

Danningsutvalet er einige om at dei gode døma på universitet som har tatt akademisk danning på alvor, finst i USA. Dei nemner spesielt universiteta i Yale og Harvard, som har sett opp ei liste over kva studentane deira skal ha lært før dei blir uteksaminerte frå lærestaden. Dei understrekar sterkt at også offentleg finansierte universitet i mellom anna California, Minnesota og Connecticut har liknande mål.

På dette området meiner utvalet at det kan vera noko å læra frå USA. ”Vi er ikke vant til karakterbygging ved norske universiteter. Mon vi ikke har et og annet å lære av USA her. Høyere utdanning må ta inn over seg de intellektuelle og psykologiske konsekvenser av verdens tiltakende enhet. Ikke minst gjelder disse utfordringene i Norge, et lite, kulturelt utsatt land med svake lærdomstradisjoner,” står det i sluttdokumentet.

Vil drøfta innhaldet i ex.phil. og i bachelorgraden

Utvalet kjem difor med ein del praktiske forslag til kva som kan gjerast for å få ei betre allmenndanning ved høgare utdanning i Noreg. Det meiner difor at norske lærestader kan byrja med å diskutera desse punkta:

- drøfta om ex.phil. no har det innhaldet som skal vera der.
- ta initiativ til å gjera ex.phil. til fast del av alle profesjonsutdanningar
- gjennnomgå ex.fac. og bachelorprogramma uti frå det som kjem ut av debatten om danning.
- leggja opp til forsøk med fordjuping i danning i ulike bachelorløp, slik at graden kan bli på 3 ½ år, inkludert eit halvt år med fordjuping. Det skal kunna gi bachelor med utmerking.
- ein skal også gå gjennom og styrkja danningsinnhaldet i ph.d.–utdanninga.
- ein skal leggja til rette for nyskapande utviklingsarbeid i undervisning og formidling gjennom ordningar med studietermin.
- skal gå gjennom korleis satsingar på framifrå undervisning kan styrkja danningsinnhaldet i høgare utdanning.

– No er oppgåva til Danningsutvalet over. Me oppfordrar difor til at debatten om allmenndanninga ved høgare utdanning blir ført vidare på lærestadene, konkluderte utvalsleiar Inga Bostad. Ein sjanse blir den 23. oktober. Då skipar Universitetet i Oslo til eit seminar om allmenndanning i høgare utdanning.

 

Emneord: Undervisning, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 11. aug. 2009 07:14 - Sist endra 11. aug. 2009 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere