Styrkjer beredskapen mot svineinfluensa

Universitetet i Oslo styrkjer reinhaldet, utplasserer dispensarar med våtserviettar ved fleire hovudinngangar og etablerer ein eigen influensatelefon for å vera i beredskap mot svineinfluensaen. –Studentar og tilsette bør unngå å handhelsa på kvarandre og heller gi kvarandre ein klapp på skuldra, oppfordrar universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

KLAPP PÅ SKULDRA: Det er betre med ein klapp på skuldra enn handhelsing for å unngå svineinfluensa, demonstrerer universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, fung. kommunikasjonsdirektør Bente Hennie Strandh, fung. teknisk direktør Trygve Sogn og forskingsdirektør Bjørn Haugstad.

Foto: Martin Toft

Den 11. august er det velkomsseremoni for nye studentar ved Universitetet i Oslo. Deretter startar også haustsemesteret etter kvart opp for alle dei andre studentane. Fleirtalet av studentane er i den aldersgruppa som oftast blir råka av svineinfluensaen, altså unge mellom 19 og 30 år.

– Unngå handhelsing

– Det er me fullt klar over, og difor vil me oppfordra både studentane og dei tilsette om å fylgja enkle hygieneråd for å avgrensa ein eventuell svineinfluensaepidemi mest mogleg. Først og fremst er det viktig med god handhygiene og vaska hendene ofte og godt. Og me vil også be alle om å unngå å handhelsa på kvarandre og heller gi kvarandre ein klapp på skuldra eller ei kongeleg vinking, understrekar universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Alle blir også oppfordra til å lesa informasjonen på Helsedirektoratets nettside om svineinflfuensaen pandemi.no.

Beredskapsgruppe

Tidleg i vår sette UiO beredskap og den sentrale beredskapsgruppa utarbeidde saman med einingane ein pandemiplan i tilfelle svineinfluensaen skulle råka universitetssamfunnet. Då var scenariet at rundt 40 prosent av dei tilsette og studentane kunne bli sjuke samtidig. Denne veka har Helsedirektoratet nedjustert dette talet til 25 prosent.

I går ettermiddag sat universitetdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe saman med beredskapsgruppa for å utarbeida gode råd og retningslinjer for studentar og andre om kva dei skal gjera for å unngå smitte og kva dei skal gjera dersom dei føler symptom på at dei er smitta. I tillegg til universitetdirektøren sit fungerande teknisk direktør Trygve Sogn, forskingsdirektør Bjørn Haugstad, fungerande kommunikasjonsdirektør Bente Hennie Strandh og informasjonsrådgjevar Margareth B. Bentsen i beredskapsgruppa. Det gjer også studiedirektør Monica Bakken og HMS-koordinator Jorulf Brøvig Silde.

– Risikogrupper får behandling

– Dei som får svineinfluena eller influensa A(H1N1) kan ta dei same forholdsreglane som dei gjer ved ein vanleg influensa. Men dei som tilhøyrer risikogrupper bør få behandling med medikament. Det gjeld blant andre dei som har alvorlege lungesjukdomar, kroniske hjartekarsjukdomar, diabetes, kronisk nyresvikt og gravide. Også dei som har alvorlege nevrologiske sjukdomar tilhøyrer risikogruppa. Det er særleg dei som bør kontakta lege, fortel universitetsdirektør Bjørneboe. Dei kan ringja både til sin fastlege eller til Legevakten i Oslo 22 93 22 93.

– Eigen influensatelefon

– Me vil ha klar ein eigen influensatelefon som studentar og andre kan ringja til ved studiestart. Sentralen vil bli utstyrt med ti ekstra telefonapparat. Dessutan vil me opna eit eige lokale på universitetsområdet på Blindern der folk som trur dei kan ha fått svineinfluensa kan søkja legehjelp, slik at me kan unngå at dei går på det vanlege venterommet til Studenthelsetenesta, seier fungerande teknisk direktør, Trygve Sogn.

Avlyser ingen forelesingar eller arrangement

Verken velkomstarrangmentet for nye studentar, forelesingar eller andre arrangement blir avlyste på grunn av svineinfluensaen, som rundt rekna 369 personar i Noreg er blitt sjuke av til no.

– Det gjeld å ta ansvar og halda samfunnsmaskineriet i gang. Me vil be alle våre studentar og tilsette som kjenner at dei har fått influensaen om å dra rett heim og bli verande heime i sju dagar før dei kjem tilbake til lesesalen eller på jobb. Då vil dei unngå å smitta medstudentar ogkollegaer , understrekar Bjørneboe.

Informerer studentar og tilsette

Informasjon om korleis folk skal gå fram for å unngå svineinfluensa og kva dei skal gjera om dei får den, skal no ut til heile universitetssamfunnet. Det skal Informasjonsavdelinga ta seg av.

– I første omgang skal me dela ut ein eigen informasjonsfoldar til alle dei nye studentane. Den skal også leggjast ut i stativ på heile universitetet slik at andre studentar også får den. Planen er at den skal omsetjast til engelsk slik at internasjonale studentar også får den informasjonen. Me skal dessutan oppretta ei eiga nettside med råd og retningslinjer om svineinfluensaen. Og alle studentar og alle tilsette skal få ein e-post med informasjon om kva dei kan gjera for å hindra smitte og kva dei skal gjera om dei blir smitta, fortel fungerande kommunikasjondirektør Bente Hennie Strandh.

– Me kan koma svært langt i å hindra smittespreiing om folk som er blitt sjuke hostar eller nys i olbogekroken, og om alle sluttar å handhelsa på kvarandre og går over til andre måtar å helsa på kvarandre på. Og så må folk vaska hendene ofte med såpe og vatn og bruka desinfeksjonsmiddel om dei har det for handa. Det kan ikkje understrekast sterkt nok. Og me har hatt møte med Oslo kommune og Fylkeslegen og har ein tett dialog med Kunnskapsdepartementet, som  alle er godt nøgde med dei forholdsreglane me set i verk på UiO, seier Bjørneboe.

 

 

Emneord: Studentforhold, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 31. juli 2009 10:13 - Sist endra 3. aug. 2009 15:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere