– Kvileskjeret var eit skjer i sjøen

– Under rektorvalkampen i 2005 blei eg omtala som kandidaten utan uvenner. Etter tre og eit halvt år som rektor har eg nok klart å få meg både uvenner og kritikarar, seier Geir Ellingsrud, med glimt i begge augene. Som rektor har han berre drøymt om matematikk. No ser han fram til å driva med det igjen.

SKJER I SJØEN: – Kvileskjeret til kunnskapsminister Øystein Djupedal var bokstaveleg tala eit skjer i sjøen for oss, meiner avgåande rektor Geir Ellingsrud.(Arkivfoto)

Enno er det Geir Ellingsruds bøker og hans papirbunke som ligg på skrivebordet.

– Kva hadde du minst røynsle med då du tok til som rektor?

– Å halda talar. No har eg lært. Den personlege rekorden min er fire talar på ein dag, smiler han. No driv han og skriv den siste talen han skal halda som rektor. Avskilstalen sin under rektorinaugurasjonen i Universitetets Gamle Festsal 24. juni.

– Den talen vil eg skriva kvart ord av sjølv. Då blir den mest personleg. Og no er det så roleg på universitetet at eg får god tid til å flikka litt på den i arbeidstida. Det har eg ikkje vore særleg vand til som rektor. Vanlegvis har dagen gått i eitt, og blitt runda av med representasjonsoppgåver om kvelden.

– Bratt læringskurve

– Det blei du overraska over då du byrja i vervet?

– Eg visste det ville bli mykje å gjera, men eg hadde ikkje trudd at det skulle vera så mange representasjonsoppgåver. Men eg synest det er svært viktig at rektor kan representera Universitetet i Oslos i ulike fora, og gjera UiO synleg for omverda. Det er ein viktig del av rektorjobben. Og det er ein del av den bratte læringskurva eg fekk etter at eg blei vald til rektor. Eg har utvikla ny kompetanse når det gjeld leiing og fått forska grundig på korleis ein organisasjon fungerer. Eg har sett stor pris på kontakten med alle dei flotte og varierte fagmiljøa me har ved UiO. Det har utvida horisonten min, for å seia det mildt.

– Korleis er det å forlata rektorvervet?

– Det er vemodig for det har vore ei utruleg morosam tid som til tider har vore utfordrande og kontinuerleg anstrengjande. Eg har kome i kontakt med mange hyggelege og interessante folk som eg kjem til å sakna. Difor er det absolutt ambivalent å slutta som rektor, men eg tok sjølv avgjerda om at eg ikkje ville stilla til val for ein ny rektorperiode.

– Har ført UiO framover

–Når du ser tilbake på rektorvalkampen i 2005, synest du at du har fått gjennomført mange av vallovnadane dine?

– Ja, me har ført Universitetet i Oslo vesentleg framover i denne rektorperioden. Styringsstrukturen med vald rektor, som eg meiner me skal ha, er ført vidare. Me har også klart å etablera ein avtale om at dei vitskaplege tilsette skal bruka halvparten av tida på forsking og den andre halvparten til undervisning og andre oppgåver. Eg meiner at me har klart å koma eit langt steg vidare når det gjeld likestillingsarbeidet på universitetet.

– Kva er du aller mest nøgd med?

– Det er vanskeleg å seia. Eg er nøgd med at me har fått i land dei faglege prioriteringane på ein god måte etter ein lang prosess. Den trur eg kan gi UiO ein dytt framover. Eg meiner også at me har klart å løysa Riksrevisjonens manglande godkjenning av rekneskapen vår for 2006 på ein god måte. Sjølvsagt er eg ikkje nøgd med at den situasjonen oppstod, men eg er godt nøgd med måten me har handtert saka på.

– Eg er svært glad for at me fekk nok midlar til opppussing av sentrumsbygningane slik at dei kan vera ferdig restaurerte til 200-årsjubileet i 2011. Eg er svært takksam overfor dei løyvande styresmaktene og den hjelpa me fekk frå Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. Og viss eg får nemna ein ting til, så tykkjer eg det er flott at krisepakka frå regjeringa gav ei startløyving på åtte millionar kroner til nytt veksthus på Tøyen.

– Eit skjer i sjøen

– Men budsjettsituasjonen i byrjinga av rektorperioden din såg ikkje så lys ut?

– Nei, me fekk jo kvileskjeret til kunnskapsminister Øystein Djupedal, og det var bokstaveleg tala eit skjer i sjøen for oss. Den romerske politikaren Kato sa heile tida at ”Kartago må øydeleggjast!” Mitt Kartago har vore fullfinansiering av stipendiatstillingar. Det har ikkje alltid vore tilfelle, så difor sit UiO igjen med ei stor rekning i tilleggsutgifter på grunn av dei ekstrakostnadene med får når stipendiatstillingane ikkje er fullfinansierte. Det er ein viktig diskusjon som me er midt inne i no. Det kan vera at det er eit tilskott til eiga verksemd, men me må vera meir medvitne på kva prosjekt me går inn i når me får tilbod om forskingsprosjekt frå til dømes Noregs forskingsråd.

– Synest du ikkje det er bra at forskarar ved UiO halar i land mange eksterne forskingsprosjekt?
 

– Jau, men då skal dei vera fullfinansierte eller me skal vera medvitne om at det fører til ein eigendel. Eg er glad for at UiO har gjort det så bra i konkurransen om å få etablert senter for framifrå forsking og senter for forskingsdriven innovasjon. Og det er også gledeleg at UiO-forskarane stadig publiserer fleire vitskaplege artiklar i fleire vitskaplege tidsskrift med godt ord på seg.

– I din rektorperiode har det vore to saker som handlar om forskingsfusk, og historieprofessor Arnved Nedkvitne har fått sparken. Har ikkje det vore svært tøft?

– Eg synest UiO har kome godt ut av dei to sakene om forskingsfusk. Det er blitt etablert eit godt apparat rundt forskingsetikk som absolutt toler vatn. Når det gjeld Nedkvitne-saka så verserer den framleis for retten, så den vil eg ikkje kommentera.

– Drøymer om matematikk

– Kva føler du at du har ofra i den tida du har vore rektor?

– Eg har ikkje drive med matematisk forsking i det heile tatt i denne tida. Når eg har hatt fritid,har eg brukt den til familien eller til eigen restitusjon. Eg har berre drøymt at eg har lese ei matematikkbok, og det var ikkje eit mareritt. Det tyder på at det ligg eit utilfredsstilt behov der.

– Er det noko du har klart å skjerma i denne tida?

– Onsdagsdansen på Nordseter skole på Nordstrand har kona og eg deltatt på heile tida. Då har me dansa cha cha cha, swing, tango, slow og foxtrot. Eg likar å dansa klassiske dansar, og det er også svært god trening.

– Kapteinen på skuta

– Har du nokre gode råd til etterfylgjaren din, Ole Petter Ottersen?

– Eg vil gjerne understreka at å driva dette universitetet også er eit lagspel og rektor er 100 prosent avhengig av ein administrasjon som er dyktig, sjølvstendig og støttande. Det er så mange ting som skjer på ein gong, at om ikkje det fungerer, så går det dårleg. Rektor er kapteinen på skuta, som tar dei store avgjerdene. Som rektor har eg hatt gleda at å samarbeida med tre universitetsdirektørar. Først med Hanne Harlem, så med Tove Kristin Karlsen og dei siste åra med Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Det har gått veldig bra. Det er viktig at det blir brukt energi på å få til eit knirkefritt samarbeid mellom rektor og universitetsdirektør. Det synest eg me har fått til i min rektorperiode. Eit godt råd til etterfylgjaren min vil vera: Stå på!

– Og samarbeidet med Universitetsstyret, korleis har det gått?

– Det tok litt tid før me fann forma, men den siste tida har det fungert godt.

– Kva skal du gjera no?

– Eg skal tilbake til stillinga mi som matematikkprofessor ved CMA, (Centre of Mathemathics for Applications).

 


 

Emneord: Geir Ellingsrud Av Martin Toft
Publisert 19. juni 2009 17:14 - Sist endra 23. juni 2009 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere