Åtvarar mot akademiske hersketeknikkar

– Det blir brukt akademiske hersketeknikkar mot tolkinga vår av apefossilet ”Ida!” Dei går ikkje til åtak på funnet, men på ordbruken vår og at me har brukt omgrepet ”missing link”, fortel paleontologen Jørn Hurum ved Naturhistorisk museum. Han er no mest kjend som apefossilet Idas ”far”.

REKORDINTERESSE: Førsteamanuensis Jørn Hurum og apefossilet ”Ida” under pressekonferansen på Tøyen fredag 29. mai.

Foto: Ola Sæther

Det var på eit mediekurs for masterstudentar på Det humanistiske og på Det samfunnvitskaplege fakultetet førsteamanuensis i paleontologi, Jørn Hurum tok bladet frå munnen og gjekk til åtak på kritikarane sine.

– Hersketeknikk mot formidling

– Dei kritiserer utsjånaden min og språket mitt og meiner at eg driv med ei vulgarisering av faget. Det er det eg vil kalla akademisk hersketeknikk mot formidling, sa Hurum til dei rundt 40 studentane. Samtidig åtvara han dei mot berre å gjera det som rettleiarane deira meinte dei burde gjera.

– Dei gamle professorane vil forma dykk akkurat slik som dei sjølve er. Viss de gir etter, blir de slik som dei som aldri går til media, men held seg for seg sjølve på kontora sine, meinte han.

– Ikkje bruk faguttrykk!

Jørn Hurum rådde dei til å gå ut i media når dei hadde ein viktig bodskap å formidla.
– De må spissa bodskapen dykkar på både engelsk og norsk utan å bruka eit einaste faguttrykk. Då kan journalisten klippa og lima artikkelen utan problem. Det nyttar ikkje å få ein journalist til å fordjupa seg i ein fagartikkel, var han overtydd om.

Så viste han til kva han og forskarkollegaene hans lærte i samband med pressedekninga av funn av 11 øgleskjelett på Svalbard i 2004 og ei nytt funn i 2006.

– NRK blei med og filma det første funnet me gjorde. Det blei sendt i Schrødingers katt 2. september 2004. Dagen byrja likevel med eit innslag om funnet i NRK Dagsnytt klokka 06.00, og deretter sat eg kontinuerleg i mobiltelefonen i tre og ein halv time. Leiinga på Naturhistorisk museum var ikkje orientert om dette, og det var dei ikkje særleg glad for. Samtidig la kollegaen min, Hans Arne Nakrem saka ut på nett til fri bruk for alle journalistar.

– Då me fann eit nytt skjelett i august 2006, sette me ein fast dato for nyhendesleppet i Schrødingers katt den 5. oktober 2006.

Verdas djupaste dinosaurfunn

– Våren 2006 brukte me det me hadde lært av dette, då me fekk innlevert eit eit fossil av ein dinosaurknokkel frå botnen av Nordsjøen. Me skildra den vitskapleg og førebudde samtidig ei formidling på norsk om funnet.

– Det kom først som eit oppslag på seks sider i A-magasinet. Deretter blei det eit oppslag i forskning.no, før Forskingsrådet omsette artikkelen til engelsk og la den ut på ei utanlandsk nettside. Då blei funnet omtalt som verdas djupaste dinosaurfunn, og då tok det ordentleg av, og me fekk ei overraskande stor internasjonal interesse for funnet vårt, fortalde han.

– Dette lærte me masse av og i oktober 2006 var me klare med webside, og me hadde også hugsa å informera leiinga om funnet av fossila etter den marine øgla på Svalbard tidlegare. Og i 2007 gjorde me nesten det same. Selskapet Atlantic Production blei valt til å laga ein dokumentar om øgla på Svalbard og kalla prosjektet ”Predator X”.

– Draumeprosjektet som blei verkeleg

– Samtidig hadde museet kjøpt eit apeskjelett og forskinga på dette hadde gått føre seg i eitt år. Etter avtale med alle forskarane gjorde Naturhistorisk museum avtale med produksjonsselskapet om ein dokumentar om dette også, konstaterte han.

Så kom han inn på apefossilet ”Ida”.

– Det var eit draumeprosjekt som blei verkeleg. Me regisserte heile greia frå byrjing til slutt. Og eg leidde forskargruppa som skreiv ein vitskapleg artikkel om funna me hadde gjort under forskinga på ”Ida”.

– Og i samband med kunngjeringa av den vitskaplege artikkelen om forskinga på det 47 millionar gamle apefossilet ”Ida”, fann me ut at me kunne få ut stoff i fleire ulike medium samtidig. På ein og same dag blei den vitskaplege artikkelen publisert i tidsskriftet PloS ONE, ny webside, og det var pressekonferanse frå American Museum of Natural History og boka ”The Link” blei gitt ut. Dessutan var dokumentarfilmen klar til å gå på lufta samtidig på BBC, NRK og ZDF.

Formidling til 2 milliardar

– Det var første gong eit vitskapleg funn er publisert i alle kanalar på ein gong. Flaksen gjorde at ”Google” også gjorde om ikonet sitt til eit avtrykk av ”Ida”. Resultatet blei at mellom 1,2 og 2 milliardar personar klikka seg inn på Ida på Google i løpet av det første døgnet etter at me hadde publisert funna våre.

– Me er stolte over at den vitskaplege artikkelen blei publisert på ein nettstad som er open tilgjengeleg for alle i staden for i eit av dei mest kjende vitskaplege tidsskrifta. Det kom sterke reaksjonar frå dei som tener pengar på at forskarane publiserer i tidsskrifta deira. Forskingsjournalistane i desse vitskaplege tidsskrifta meinte at me gjorde jobben deira. Dei er vande til at forskarane kjem til dei med lua i handa, og dei held alltid med ekspertane i elfenbeinstårnet.

Fann ord som gav journalistar ”kick”

– Me tok vare på e-postadressene til gode journalistar som me visste ville respektera ein sperrefrist. Så studerte me korleis nyhendet spreidde seg på nettet. Til slutt såg me på kva ord journalisten fekk ”kick” av. Etter kvart såg me at det er rundt fem spørsmål som går igjen hos journalistane. Dessutan er det viktig både å bruka ei e-postadresse og ha ei nettadresse knytt til Universitetet i Oslo. Det garanterer for seriøsiteten, var rådet han gav til dei frammøtte masterstudentane.

Jørn Hurum meiner det er viktig at det blir diskusjon om forskingsfunn.

– Eg synest at den fagleg konstruktive kritikken er bra! Men de må alltid lesa mellom linjene og sjå opp for skjulte agendaer. Det finst nemleg ingen objektive ekspertar. 

 

 


 

 

Emneord: Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2009 11:06 - Sist endra 17. juni 2009 12:09

Førsteamanuensis Jørn Hurum har satt UiO på kartet. Et skoleksempel på hvordan forskningsfunn bør formidles.

terjeth@uio.no - 19. juni 2009 10:13

Akademsik språk er ikke noe vi har fordi vi synes det er morsomt. Presisjon innen vitenskap er utrolig viktig, når man snakker om en ting må det  være utvetydig. Derfor er forsker lite villige til å gå ut i rampelyset og forenkle språket. Det de sier vil bli misoppfattet og forvrengt. De fleste i media skjønner ikke en gang hva konsepter som teorier, hypoteser og bevis betyr innen vitenskapen, og dermed er det vanskelig å formidle vitenskapelige fakta til dem.

Missing link problematikken er et eksempel på dette, ordet skulle ikke ha blitt brukt fordi det gir et helt feil bilde av funnet både i media og innen akademia. Hva hjelper det å formidle kunnskap om det som oppfattes er feil?

axelbe@uio.no - 19. juni 2009 11:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere