UiOs web: God på innhald, dårleg på form

Det går for tregt å finna fram til den informasjonen du er ute etter på UiOs web, synest eit stort fleirtal i ei spørjeundersøking selskapet NetLife Research har gjort. Derimot skårar nettsidene svært høgt på truverde og forståeleg språk, opplyser prosjektmedarbeidar Linda Therese Aa. Johnsen i Ny UiO-web.  

UVENTA: – Det var uventa at nettsidene skåra så høgt på at språket var lettfatteleg. Det hadde me ikkje trudd på førehand, seier prosjektmedarbeidar Linda Therese Aa. Johnsen i Ny UiO-web.

Foto: Ola Sæther

Fleirtalet av dei spurde meiner også at UiOs web er for dårleg på navigering og på det visuelle uttrykket.

– Overraskande

– Det var overraskande at brukarane la så pass stor vekt på det visuelle uttrykket. Vanlegvis er det noko brukarane ikkje legg særleg vekt på, seier spesialist på brukarvennleg web, Eirik Hafver Rønjum hos NetLife Research. Det var dette selskapet som gjorde undersøkinga på oppdrag frå den sentrale webredaksjonen ved UiO. Konseptet er utvikla av nettguruen Gerry McGovern og selskapet hans, Customer Carewords.

– Uventa

– Det var uventa at nettsidene skåra så høgt på at språket var lettfatteleg. Det hadde me ikkje trudd på førehand, seier prosjektmedarbeidar Linda Therese Aa. Johnsen i Ny UiO-web. Elles tykkjer ho at resultata av undersøkinga er heilt i samsvar med dei prioriteringane og planane som prosjektet har gjort.

2230 personar svarte

I løpet av ei veke i mars svarte 2230 personar på kva dei tykte om UiOs nettsider. Godt over halvparten av dei var studentar, medan rundt 29 prosent var tilsette. Resten var alumni og moglege studentar.

26 påstandar

Undersøkinga var sett saman av 26 påstandar om UiOs web, 13 positive og 13 negative. Påstandane blei sorterte under innhald, sosiale faktorar og ting som er knytte til oppbygginga eller informasjonsarkitekturen til nettsidene. Dei som svarte på undersøkinga, skulle prioritera dei tre påstandane som dei syntest skildra UiOs web best.

Truverdig informasjon

Dei spurde meinte at det mest positive ved UiOs nettsider var at dei er svært opne og demokratiske, har eit lett tilgjengeleg språk og gir nøyaktig og truverdig informasjon.

Går tregt

Fleirtalet av dei spurde meinte likevel at UOs nettsider var endå meir prega av at det går tregt å finna fram til den informasjonen dei er ute etter, og at dei har eit dårleg visuelt uttrykk. Dessutan er ikkje søkjefunksjonen god nok.

Må få ny arkitektur

Brukarane blei delte inn i tilsette, studentar, alumni og andre. Undersøkinga viser at det er liten skilnad i svara frå dei ulike gruppene. Funna i undersøkinga gjer at selskapet NetLife Research konkluderer med at det hastar aller mest å gjera noko med informasjonsarkitekturen til UiOs nettsider. Det første det må gripast tak i, er tregleiken til nettsidene. Deretter må det gjerast noko med navigeringa, den visuelle appellen og søkjefunksjonen, peikar selskapet på. Men også den grafiske formgjevinga og oppdateringa må kunna bli endå betre, går det fram av oppsummeringa av undersøkinga.

Arbeidet er i gang

– Det var godt for oss å sjå at det nettopp er dei svake punkta Ny UiO-web no arbeider med for å gjera gode. Dermed kan den nye webben til UiO bli lettare å finna fram i og få ein langt betre og meir heilskapleg design og struktur. Det er likevel berre menneska som kan gjera webben god, uansett kor god innpakkinga er. Difor har me også jobba med etablering av ein profesjonell weborganisasjon med lokale webredaksjonar og webredaktørar. I tida framover skal me satsa sterkt på opplæring og kompetanseheving av alle som arbeider med UiOs web. Det skal bli både lærerikt og interessant å vera webmedarbeidar på UiO framover, trur Johnsen.

Jus først ute

Frå 1. november i år skal nettsidene til Det juridiske fakultetet koma i heilt ny drakt. Det blir det første fakultetet som får det til.

– No er me i gang med samtalar med andre fakultet og einingar, slik at dei også skal bli tilpassa den framtidige nye informasjonsarkitekuren og visuelle profilen til UiOs web. Til 200-årsjubileet i 2011 vil heile UiOs web vera ryddig og feiande flott, lovar Linda Therese Aa. Johnsen.
 

Emneord: Web Av Martin Toft
Publisert 13. mai 2009 15:43 - Sist endra 14. mai 2009 09:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere