Olav H. Hauge kom endeleg heim til Kina

Den 28. februar i år blei eit utval på åtti av Olav H. Hauge sine dikt lansert i Kina. Hauge var sjølv svært oppteken av kinesisk poesi, men besøkte aldri landet. Det var Kina-forskaren Harald Bøckman ved Senter for utvikling og miljø som sette i gang arbeidet med å gjendikta Hauge til kinesisk.  

DAOISTTEMPEL: Universitetslektor Baisha Liu ved IKOS under lanseringa av Olav H. Hauges dikt i Kina den 28. februar i år. Lanseringa fann stad i eit ombygd daoisttempel i eit av byens tradisjonelle område.  

Foto: Gøril F. Borgen

Det var arrangørane av det felles jubileet for Olav H. Hauge og Geirr Tveitt i 2008 som oppmoda Harald Bøckman om å setja i gang med dette arbeidet. Boka er no ute i eit samla opplag på tre tusen eksemplar, og blir gitt ut av Forfattarforlaget i Beijing. Boka har ein vevnad av Bodil Cappelen, kona til Hauge, på omslaget, fortel Harald Bøckman i ei pressemelding.

Norsk-kinesisk samarbeid 

I fjor blei det også gitt ut attdiktingar av Hauge på mellom anna fransk, italiensk, koreansk og hindi. Bøckman samarbeidde med universitetslektor Baisha Liu ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk og den kinesiske poeten Xi Chuan om attdiktinga. Xi Chuan er ein av dagens fremste poetar i Kina, og Liu har tidlegare også  omsett den kinesiske nobelprisvinnaren i litteratur, Gao Xingjian, til norsk i samarbeid med Bøckman.

Kulturavdelinga ved Den norske ambassaden i Beijing gjekk saman med dei kinesiske utgjevarane om lanseringa. Etterpå framførte Juni Dahr og musikarane Tore Brunborg og Thomas Strønen framsyninga ”Hei, Hauge”, som også seinare blei spela på Peking-universitetet og Fudan-universitetet i Shanghai. No har han endeleg ”blitt ein av oss” uttalte ein kinesisk poet på lanseringa.

Blei nekta visum

Bøckman synest likevel markeringa blei skjemd av at han sjølv ikkje fekk høve til å vera til stades, sidan Den kinesiske ambassaden i Oslo nektar å gi han visum til landet.


 

Emneord: Litteratur (skjønn-) Og Forfattere, Kina
Publisert 16. apr. 2009 12:12 - Sist endra 17. apr. 2009 13:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere