I samråd med universitetsleiinga har dei også klart å realisera eit anna ynske som dei har hatt lenge.
– Me får løyve til å senda ein e-post til alle dei tilsette med informasjon om tilboda til Bedriftsidrettslaget. Dessutan får me høve til å leggja informasjonsfaldaren vår i posthylla til alle som arbeider på Universitetet i Oslo, opplyser dei til Uniforum.
Tilbod i arbeidstida
Etter at universitetsleiinga har gjort det mogleg å driva med fysisk aktivitet i arbeidstida halvannan time i veka, har også Bedriftsidrettslaget organisert tilbod på dagtid.
– Kvar torsdag frå kl. 11.00 til 13.00 leiger me Blindern Athletica til ballidrett. Det er også mogleg å spela bordtennis i Kjemibygningen kvar måndag frå 13.30–14.30 og fredag 12.30–13.30. Etter avtale med gruppeleiaren for friidrettsgruppa, Sofie Jakobsen, vil det også vera mogleg å få avtalt løpetrening på fredag eller etter avtale. Alle kan delta, også dei som ikkje er medlemar, fortel dei.
Skidagen
Både Astrid Jenssen og Heidi Løken vil dessutan nytta høvet til å reklamera for Skidagen torsdag 26. oktober. Bedriftsidrettslaget arrangerer den for alle UiO-tilsette med støtte frå Kultur- og velferdsutvalet.
– Folk kan velja mellom den lange skituren frå Stryken til Kikut eller ein kort skitur. Dei kan også delta i rebusløp på Sognsvann eller driva med alpint i Tryvann. Alle UiO-tilsette får rabatt i alpinanlegget. Høgdepunktet er middagen om kvelden i Helga Engs hus. Den kostar berre 150,- kroner og me minner om at påmeldinga allereie er i gang, seier dei, og kjem med honnør til UiO-leiinga.
– Det er fint at universitetsleiinga har sett eit ordentleg fokus på bedriftsidretten.
Jeg vil bare benytte anledningen til å reklamere litt for skidagen som er en fantastisk mulighet til å komme seg ut en vanlig arbeidsdag. I år var vi spesielt heldige med været og det ble en flott tur fra Stryken til Sognsvann.
Logg inn for å kommentere