UiO skal etterutdanna Oslo-lærarar

Universitetet i Oslo har vunne konkurransen om å etterutdanna lærarar i Oslo-skulen. Kontrakten med Utdanningsetaten i Oslo kommune er verdt mellom tre og fire millionar kroner. - Det er den desidert største etterutdanningskontrakten UiO nokon gong har fått, seier rådgjevar Vigdis Johansen i UNIVETT (Universitetets sentrale eining for vidare- og etterutdanning) til Uniforum.

BRYT BARRIERE: - UiO har brote ein barriere, synest Truls Grønneberg og Brit Skaugrud på Skulelaboratoriet til Kjemisk institutt.
Foto: Ola Sæther

Det er første gongen fagmiljø frå både naturfag, engelsk og norsk har gått saman om å senda eit felles pakketilbod om etterutdanning. Naturfagmiljøet vil gi etterutdanning for naturfaglærarar frå 1. til 11. klasse, medan norsk og engelsk vil tilby etterutdanning til lærarar som underviser i 10. og 11. klasse.

- Det faktum at me saman har klart å få til dette, gjer nok at me også vil prøva oss igjen når det blir bede om tilbod på etterutdanning i andre fag eller at kommunar utanfor Oslo ynskjer tilbod på liknande etterutdanningspakkar. Uansett så prøver me i UNIVETT å fylgja med i Databasen for offentlege innkjøp (DOFFIN) for å sjå etter om UiO skal senda inn tilbod. Alle offentlege kontraktar som har ein verdi på over ein halv million kroner må nemleg ut på tilbod, fortel Vigdis Johansen.

Ho synest at dette er ei fin oppfylging av samarbeidsavtalen mellom UiO og Oslo kommune.

- Avtalen kan hjelpa til med å gjera UiO synleg som Noregs største lærarutdanningsinstitusjon, slår ho fast.

- Også andre fagmiljø som ynskjer å levera inn tilbod på etterutdanning, kan få hjelp til det praktiske arbeidet frå UNIVETT, lovar ho.

Tilbod til alle naturfaglærarar

I Skulelaboratoriet på Kjemisk institutt, strålar både førsteamanuensis Truls Grønneberg og universitetslektor Brit Skaugrud når nyhendet blir kjent.

- Lærarane som får høve til å etterutdanna seg, får heile kurstilbodet vårt. Heile etterutdanningspakken, som dekkar naturfaget både på barnetrinnet, ungdomstrinnet og i den vidaregåande skulen, har kome i stand for at lærarane skal bli i stand til å oppdatera seg og dermed oppfylla måla i Kunnskapsløftet, som blei lansert av tidlegare utdanningsminister Kristin Clemet. Me kan gi etterutdanning til rundt 150 lærarar i denne omgang, fortel Truls Grønneberg.

Skulelaboratoria til naturfagmiljøet får til saman 1 million kroner og kurstilbodet vil vera sett saman av eit to dagar langt kurs våren 2006 og eit fire dagar langt kurs hausten 2006. Mellom kursdagane skal kursdeltakarane arbeida med oppgåver og halda kontakt med kvarandre og faglærarane gjennom det nettbaserte undervisningssystemet Classfronter. Det er faglærarane på biologi, kjemi, geofaga og fysikk som skal halda kursa. Dessutan vil dei samarbeida både med Naturhistorisk museum og med realfaggruppa ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling på UV-fakultetet.

- Har brote ein barriere

- I første omgang vil kontrakten føra til at me får mykje meir å gjera. Om me må tilsetja fleire hjelpelærarar eller gi fleire personar lengre engasjement hos oss, har me enno ikkje tatt stilling til. Me håpar at dette etter kvart vil gjera det mogleg å tilsetja ein eigen koordinator for etterutdanninga. Den rolla har Brit Skaugrud hatt til no, fortel Grønneberg. Både han og Skaugrud synest at kontrakten er banebrytande.

- UiO har brote ein barriere og demonstrert at det ikkje berre er den tradisjonelle allmennlærarutdanninga som kan koma med eit slikt etterutdanningstilbod for lærarar frå grunnskulen til den vidaregåande skulen. På denne måten får me påverka desse lærarane, og dermed vil dei kunna ha positiv påverknad på elevane sine slik at dei kan hende dukkar opp som studentar ein dag. Det kan vera med på å skapa større interesse for realfag, håpar Grønneberg og Skaugrud.

Dei er glade for at lærarane ikkje lenger må gå med på å ta etterutdanning i fritida.

- Det er svært positivt for oss at Oslo kommune har gått med på lærarane sine krav om å kunna ta etterutdanning i arbeidstida. Kommunen vil også finansiera kostnadene skulane vil ha med bruk av vikarar. Me håpar det får mange lærarar til å melda seg på desse etterutdanningstilboda, seier dei.

- Vil bruka seniorprofessorar

Også prosjektleiar Kristin Bech ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk er glad for at det er UiO som skal etterutdanna Oslo-lærarane i engelsk. Dei skal bruka dei ekstra pengane til å halda kurs for lærarar i 10. klasse i grunnskulen og 1. klasse i den vidaregåande skulen.

- Me har mange eksisterande kurs som kan knytast direkte til den nye læreplanen i engelsk og til Kunnskapsløftet. Difor kan me bruka seniorprofessorane våre som lærarar på desse kursa og dermed tilby dei beste me har, seier ho nøgd.

Engelskseksjonen vil tilby tre kurs som kvart skal vara i sju veker. Planen er at det første kurset skal setjast i gang allereie i februar, medan det blir to oppfylgingskurs hausten 2006. Alle kursa blir tilbydde lærarar som har engelsk for 10. og 11. årstrinn.

- Me er opptekne av at kursa me tilbyr skal ha direkte nytte for lærarane i deira eiga undervisning. Samtidig er det viktig for oss å presisera at dette er eit faginstitutt og at kursa dermed er faglege og ikkje fagdidaktiske kurs.

- Me ynskjer å kopla etter- og vidareutdanning til forsking, som er styrken til instituttet. Årsaka til denne tenkinga, er at me veit at uansett kor god pedagog ein lærar er, så må vedkomande ha det faglege på plass først. God formidling er ikkje mogleg utan god fagkunnskap, understrekar Bech.

Ho trekkjer fram at både universitetslærarane og kursdeltakarane trivst i lag.

- Universitetslærarane får svært godt motiverte kursdeltakarar som set pris på å høyra på ei forelesing framfor å undervisa sjølve, meiner ho. Samarbeidet med UNIVETT har ho hatt stor glede av.

- Det har vore flott å ha nokon som kan hjelpa til med det administrative og det praktiske opplegget rundt dette opplegget, konstaterer ho.

- No håpar eg berre rektorane gir nok engelsklærarar fri, slik at me kan få fylt opp kursa våre, legg ho til.

Emneord: Undervisning Av Martin Toft
Publisert 15. des. 2005 09:59 - Sist endra 10. des. 2008 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere