UiO protesterer mot utvising av student i Kviterussland

Universitetet i Oslo protesterer kraftig mot utvisinga av den europeiske studentrepresentanten Taciana Khoma frå Belarus State Economic University i Minsk. Khoma er styremedlem i Den europeiske studentunionen (The National Unions of Students in Europe) og ho blei utvist frå det økonomisk universitetet i Minsk fredag 25. november. I eit brev til rektoren ved det kviterussiske universitetet uttrykkjer rektor Arild Underdal stor uro over avgjerda om å utvisa Taciana Khoma. Han ber også alle dekanar om å avbryta alt samarbeid med Belarus State Economic University.

PROTESTERER: Rektor Arild Underdal har sendt eit protestbrev til rektoren ved Belarus State Economic University etter utvisinga av ein europeisk studentrepresentant.
Foto: Ola Sæther

I eit brev frå rektor Arild Underdal til rektor Vladimir N. Shinov ved Belarus State Economic University blir han oppfordra til å oppfylla plikta universitetet har til å lata alle studentar få nytta seg av retten til å halda frie val på studentrepresentantar og til å lata dei få høve til å oppfylla dei rollene dei har blitt valde til. Underdal viser til at UiO saman med 390 andre universitet skreiv under på avtalen "Magna Charta Universitatum i 1988 som nettopp gir alle studentar denne fridomen.
Samtidig ber Arild Underdal alle dei åtte dekanane om inntil vidare å bryta alt samarbeid med Belarus State Economic University, som nyleg også er blitt suspendert frå European University Association. Det er European University Association som har oppfordra alle medlemsuniversiteta sine om å bryta alt samarbeid med Belarus State Economic University etter at det vedtok å stå fast på avgjerda om å utvisa den europeiske studentrepresentanten Taciana Khoma.


Dette er protesbrevet frå UiO til Belarus State Economic University:

Professor Vladimir N. Shimov,
Rector,
Belarus State Economic University,
Minsk.

Fax: 375 17 249 1107.

Dear Rector Shimov,

I am writing to express our grave concern at the actions taken by your university against Ms Taciana Khoma, a BSEU student elected to the Executive Committee of ESIB - the National Unions of Students in Europe.

We see the active participation of students in university governance as important to the development of the university itself and as crucial to our mission to prepare students for demanding work in a free society. Together with nearly 390 other universities, the University of Oslo signed the Magna Charta Universitatum in 1988, committing each university to "ensure that its students' freedoms are safeguarded". This commitment clearly includes a duty to promote free elections of student representatives and to enable these representatives to fill the roles for which they have been elected.

We urge you to take appropriate steps to ensure that Ms Khoma and all other students at your university will be able to enjoy these basic rights.

Yours sincerely,

Arild Underdal
Rector

Emneord: Internasjonalisering, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 5. des. 2005 14:02 - Sist endra 10. des. 2008 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere