Styret drøftar anlegg for kjemi og livsvitskapar og internhusleige

Planlegginga av det nye anlegget for kjemi og livsvitskapar i Gaustadbekkdalen og forslaget om å frysa internhusleiga på tildelte nivå frå 1. januar 2006, er to av sakene som skal opp i årets siste møte i Universitetsstyret, tysdag 20. desember 2005.

Den nye bygningen for kjemi og livsvitskapar i Gaustadbekkdalen skal først og fremst gi nye lokale for Kjemisk institutt. Men det planlagde anlegget skal profilerast som eit forskingsanlegg der ein vesentleg del av arealet blir sett av til mellombelse og delvis permanente einingar. Men også forskingsgrupper som blir rekrutterte på grunnlag av vitskapleg kvalitet og strategiske omsyn bør få lokale i anlegget, foreslår universitetsdirektøren.

Det blir vist til at det i høyringsrunden er gitt opp gode grunnar til at både Farmasøytisk institutt og Institutt for molekylær biovitskap bør inn i bygningen. Difor blir universitetsdirektøren beden om å få utført ein nærare analyse av arealbehova til Kjemisk institutt, Farmasøytisk institutt og Institutt for molekylær biovitskap.

Internhusleige

Når det gjeld internhusleiga, blir det foreslått at dei tildelte midlane til internhusleige blir frosne frå 1. januar 2006 og at dagens arealfordeling blir lagt til grunn ved fastsetjing av tildelinga. Institutt, senter eller andre einingar som ynskjer større areal, må vanlegvis sjølve finansiera meirkostnadene med dette. Men dei kan også seia opp areal og på den måten frigjera midlar dei kan bruka til det dei vil. Kontrakt om leige og drift av areal skal inngåast mellom Teknisk avdeling og einingane.

EUs 7. rammeprogram

Styret skal dessutan sjå på korleis Universitetet i Oslo skal posisjonera ser fram mot EUs 7. rammeprogram. Det blir foreslått at UiO her skal lyfta fram modne fagmiljø som allereie har godt ord på seg internasjonalt slik at dei kan få meir sentrale roller i europeiske prosjekt og program. Dessutan vil UiO ha ei breiare deltakting frå fagmiljø som i liten grad har vore med til no. Målet er å få auka inntekta frå EU-kjelder.

Satsingsområde

Dessutan skal styret ta stilling til korleis UiO skal fylgja opp og bruka Forskingsmeldinga. Her blir det foreslått at det blir satsa på dei fem områda, forskingsleiing, realfagssatsing, attraktivitet for internasjonal rekruttering og internasjonalt forskingssamarbeid, synleggjering og forskingsfinansiering.

Styrehonorar

Styremedlemane skal også bestemma kva godtgjering medlemane i styret skal få. Forslaget går ut på at dei eksterne styremedlemane skal få 80 000 kroner i året kvar. Det same gjeld for representantane til dei tilsette, men dei kan også velja å bli frikjøpte 25 prosent av den faste stillinga si. Styremedlemar tilsette i rekrutteringssstilling kan velja mellom ei økonomisk godtgjering på 80 000 kroner eller å få forlengja stipendiatperioden med tre månader.

Styret skal også ta stilling til klagen frå fem professorar på oppteljingsmåten ved universitetsstyrevalet i haust. Universitetsdirektøren foreslår at styret vedtar ikkje å ta klagen til fylgje, fordi det ikkje kan sjå at det finst feil eller manglar ved dei forholda dei peikar på.

I lukka møte vil Universitetsstyret blant anna gå gjennom status for Birkeland Innovasjon AS og UiOs deltaking i World University Network (WUN).

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. des. 2005 17:03 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere