Mellomalderstudiet blir ikkje nedlagt no

Det humanistiske fakultetet har avgjort å venta med å be Universitetsstyret leggja ned bachelorprogrammet i vesteuropeiske mellomalderstudium til det er avklart korleis ressurssituasjonen blir. - Dette kan gjerast i ro og mak i vårsemesteret 2006, opplyser studiedekan Tor Egil Førland til Uniforum.

Studiedekan Tor Egil Førland viser også til at studieprogrammet saman med masterprogrammet i Nordic Viking and Medieval Culture skal gå gjennom ei evaluering i løpet av våren 2006.

- Det har nemleg vist seg at programleiar Terje Spurklands oppfatning om at minst eitt av programma måtte nedleggjast dersom ikkje Institutt for arkeologi, konservering og historiske studium (IAKH) tilførte mellomalder fleire ressursar, ikkje blir delt av resten av programrådet, og kanskje ikkje ein gong av Spurkland sjølv. Samtidig har det kome fram at det engelskspråklege masterprogrammet har større problem, blant anna med å tiltrekkja seg utanlandske studentar, enn det fakultetet tidlegare var klar over, skriv studiedekan Tor Egil Førland i ein e-post til Uniforum.

I eit lesarbrev i denne utgåva av Uniforum konstaterer han at programmet i vesteuropeiske mellomalderstudium har hatt det lågaste talet på primærsøkjarar av alle HF-programma. "Både i 2005 og i 2003 var det 29 søkere som helst ville studere mellomalder. Opptaksgrensen er blant fakultetets laveste. Studiepoengproduksjonen er litt lavere enn HF-snittet: frafallet noe større. Likevel vurderte fakultetet aldri å legge ned mellomalderprogrammet - før Terje Spurkland bad om det," skriv studiedekan Førland. Sidan både programma i Antikk kultur og klassisk tradisjon og Arkeologi, kunsthistorie og konservering, også skal evaluerast våren 2006, meiner han det gir høve til å vurdera tilgrensande program i samanheng, for å sjå om det finst høve til å bruka ressursane betre enn til no.

Det var førsteamanuensis Terje Spurkland som gjekk ut i førre nummer av Uniforum og protesterte mot avgjerda om å be Universitetsstyret om å leggja ned bachelorprogrammet i vesteuropeiske mellomalderstudium. Han er også leiar for programrådet og undervisningskoordinator for studieprogrammet.

- Eg er nøgd med avgjerda så langt, seier han til Uniforum. Fleire kommentarar ynskjer han ikkje å gi akkurat no.
Les også lesarbrevet til studiedekan Tor Egil Førland på side 12 i Uniforum nr.16, som kjem ut 15. desember.

Emneord: Undervisning, Fakultetene, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 14. des. 2005 09:30 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere