Med eit russisk blikk på russisk kunst

- Dette er eit lite stykke St. Petersburg i Oslo, utbryt doktorstudent i pedagogikk, Katarina Rodina når me tar henne med på utstillinga "Med kjærlighet til Russland" i Galleri Sverdrup på Blindern.

VINTERPALASSET: - Eg føler det nesten som om eg går og ser på kunstsamlingane i Vinterpalasset, seier Katarina Rodina når ho går rundt i utstillinga "Med kjærlighet til Russland" i Galleri Sverdrup.
Foto: Ola Sæther

Katarina Rodina kjem sjølv frå St. Petersburg, og for henne er konsul Jonas Lieds samling av russisk kunst frå garden Sølsnes i Romsdal storslått.

- Eg føler det nesten som om eg går og ser på kunstsamlingane i Vinterpalasset, seier ho, medan ho ser nøye på måleria av den siste tsarfamilien og dei russiske krigsheltane frå Napoleonskrigane.

- I Vinterpalasset er det ei heil avdeling med måleri av russiske krigsheltar frå Napoleonskrigane. Og når eg ser på nokre av dei vakkert dekorerte tinga på denne utstillinga, så minner mykje om det eg tidlegare har sett der, fortel ho. Katarina Rodina går vidare og ser på måleria av Peter og Paul-festningen, Vinterpalasset, elva Neva og kanalane i St. Petersburg. Målarane er ukjende for henne, men det er ikkje motiva.

Vesle Europa

- Dette viser at det stemmer når eg kallar St. Petersburg for Vesle Europa. Der kan du finna litt Amsterdam, litt Paris og litt Venezia. Det var arkitektar frå heile Europa som teikna byen. Når eg tar med meg besøkjande til heimbyen min, så ber eg dei alltid om først å gå til Vinterpalasset og deretter til Peter og Paul-festningen. St. Petersburg blei nemleg grunnlagt på denne festningen, samtidig som du derifrå får ei svært god utsikt over elva Neva til Vinterpalasset.

- Eg ser at titlane på bileta er på fransk, og det må vera fordi det var språket til høgadelen på den tida. Engelsk var også til ein viss grad i bruk, medan det berre var bøndene og arbeidarane som brukte russisk som daglegspråk, fortel ho. Like ved måleria frå St. Petersburg heng eit stort fat med eit portrett av den siste tsarfamilien.

- Det er det vakraste biletet i heile samlinga, og kvar gong eg ser inn i augene til tsar Nikolaj II, byrjar eg å førestella meg kva som ville ha skjedd med Russland om bolsjevikane ikkje hadde kome til makta og tatt livet av tsarfamilien. Biletet vekkjer sterke nasjonale kjensler i meg, vedgår ho.

For henne er ikkje konsul Jonas Lied eit ukjend namn.

- Han var ein del av ein slags norsk troika i Russland, som var sett saman av Fridtjof Nansen, Vidkun Quisling og Jonas Lied. Både Nansen og Quisling var svært berømte og høgt elska i mange miljø i Russland og Ukraina på den tida. Mange russarar har problem med å forstå logikken i at Vidkun Quisling som blei igjen i Noreg då Tyskland invaderte landet, blei sett på som ein forrædar, medan kong Haakon 7, som forlet landet, blei ein helt, fortel ho.

På leiting etter det norske

Katarina Rodina synest Noreg har vore på leiting etter det norske sidan den gongen.

- Det slår meg at medan Noreg etter Den andre verdskrigen har hatt store problem med å tydeleggjera ein særprega norsk identitet, så er Russland alltid Russland uansett kva som skjer politisk i det landet, understrekar ho.

- Når eg ser dei russiske måleria og den andre kunsten her, er det ikkje tvil i mi sjel om at Jonas Lied må ha vore ein mann som hadde stor kjærleik til Russland, slår ho fast.

Katarina Rodina meiner at Jonas Lied var ein god representant for nordmennene som ikkje berre var interessert i Russland på grunn av handel, men også fordi dei var interesserte i den russiske kulturen.

- Noreg har alltid vore interessert i å handla med Russland, men i dag er det altfor lite samarbeid om kultur og forsking. Difor set eg umåteleg stor pris på det arbeidet som kunsthistorikar Marit Werenskiold har gjort med å få i stand denne utstillinga av Jonas Lieds samlingar. Eit slikt kulturelt samarbeid mellom nabolanda Noreg og Russland burde det ha vore mykje meir av. Alle på universitetet og i Noreg som er interesserte i Russland, bør koma hit og besøkja denne utstillinga, oppfordrar ho.

Fakta om Jonas Lied og utstillinga "Med kjærlighet til Russland":
Jonas Magnus Lied (1881-1969), norsk forretningsmann fødd på Sølsnes i Romsdal
- grunnla Det Sibirske Kompani i 1912
- blei utnemnd til norsk honorær konsul i Krasnojarsk i Sibir, og vart gjort til arveleg russisk æresborgar av tsar Nikolaj II
- skreiv sjølvbiografien "Return to Happiness" som vekte stor oppsikt i Noreg og i andre land
- Det Sibirske Kompani blei nasjonalisert av Bolsjevik-regjeringa etter revolusjonen i 1917
- dei 25 siste åra av livet sitt budde Lied på slektsgarden Sølsnes i Romsdal
- Jonas Lied samla på russisk kunst, som i mange år hang anonymt på slektsgarden Sølsnes før den blei oppdaga på nytt av kunsthistorikar Marit Werenskiold ved UiO. Oppdaginga førte til utstillinga "Med kjærlighet til Russland", som blir synt fram i Galleri Sverdrup på Blindern frå 9. desember og fram til 10. februar 2006. Tidlegare har samlinga blitt vist i Pusjkin-museet i Moskva.
Emneord: Internasjonalisering, Russland, Galleri Sverdrup Av Martin Toft
Publisert 16. des. 2005 14:36 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere