Kolstø: - Lønsamt å publisera på norsk også

- Publikasjonar på norsk gir like stor utteljing som mesteparten av publikasjonane på engelsk. Det understrekar prorektor Anne-Brit Kolstø overfor Uniforum i ein kommentar til debatten om framtida for norsk som fagspråk på universiteta og høgskulane.

OPPMUNTRA: - Formålet var å oppmuntra forskarane til å få publisert forskingsresultata sine i vitskaplege tidsskrift som har godt ord på seg internasjonalt , seier prorektor Anne-Brit Kolstø.
Foto: Ståle Skogstad

- I den nye finansieringsmodellen for universitet og høgskular utgjer vitskapleg publisering rundt ein prosent av grunnlaget. Norsk som vitskapsspråk er verken meir eller mindre truga etter innføringa av denne modellen, meiner prorektor Anne-Brit Kolstø. Ho slår fast at det heilt medvite blei oppretta ein eigen pengepott for vitskapleg publisering, slik at ein del midlar som før blei fordelte ut frå talet på tilsette i førstestillingar i staden blir fordelte ut frå den vitskaplege produksjonen.

Ville oppmuntra til publisering

- Formålet var å oppmuntra forskarane til å få publisert forskingsresultata sine i vitskaplege tidsskrift eller andre publikasjonar som har godt ord på seg internasjonalt og få artiklane fagfellevurderte. Det er viktig at dei deler dei funna dei gjer med resten av forskarsamfunnet, peikar ho på.

Kolstø meiner mange av forskarane som har publisert kronikkar om emnet i dagsavisene, har misforstått kva ordninga eigentleg går ut på.

- Heile universitets- og høgskulesektoren produserer årleg 8000 vitskaplege publikasjonar, i tidsskrift, skriftseriar eller bøker som tilhøyrer eitt av dei to kvalitetsnivåa som Universitets- og høgskulerådet har foreslått. Det vil seia at Nature og Science tilhøyrer det desiderte elitenivået for naturvitskapleg og medisinsk forsking, og vil vera på nivå 2, medan alle dei andre godkjende tidsskrifta tilhøyrer nivået like under, det vil seia nivå 1. Dei sistnemnde tidsskrifta innanfor naturvitskapleg og medisinsk forsking er i stor grad på engelsk, medan nokon er på norsk, konstaterer Kolstø.

80 prosent på norsk på HF

Men ho er klar over at dei humanistiske faga har ei heilt anna fordeling.

- Der er 80 prosent av den vitskaplege produksjonen på norsk, i norske kanalar som tidsskrift, serie og bøker. Dette er det normale nivået, og norsk gir akkurat same utteljing som det meste av den internasjonale publiseringa i fag der det er vanleg å publisera internasjonalt. På det høgare nivået har også desse faga valt å prioritera tidsskrift der også forskarar frå andre land publiserer på språk som engelsk, tysk, spansk, fransk eller russisk, fortel Kolstø.

Ho viser til at fagråda sjølve har deltatt i prosessen med å nominera kva publikasjonskanalar som skal vera på nivå 2.

- I mange fagmiljø har nettopp ei inndeling av publikasjonskanalar i eit nivå 1 og 2 vore kontroversiell. Me har sett at Utdannings- og forskingsdepartementet har gitt artiklar publiserte i tidsskrift på nivå 2 tre gonger så stor vekt som artiklar publiserte på nivå 1, medan skilnaden er mindre for bokutgjevingar på nivå 2. Då gir det 1,4 gonger meir igjen enn nivå 1, slår ho fast.

Fekk støtte frå HF-representantar

- Også representantane frå Det humanistiske fakultetet i det faglege utvalet til Universitets- og høgskulerådet stod bak forslaga til denne komiteen om å dela publikasjonsnivåa inn i to, det høgaste og det normale, fortel ho.

Det siste budsjettåret har UiOs forskarar publisert så mykje at UiO får ei ekstra overføring på 22 millionar kroner på grunnlag av dette. Om publiseringspotten hadde utgjort ein enda større grad av finansieringmodellen, slik den førre regjeringa foreslo, ville UiO ha fått dobbelt så mykje, nemleg 44 millionar kroner.

- Dette er pengar som Universitetsstyret vil fordela vidare til kvart einskilt fakultet som har publisert vitskaplege artiklar. Då kan kvart fakultet sjølv få avgjera korleis det vil vidareføra desse pengane til institutt og andre einingar. Det vil ikkje vera den einskilde forskar som får utbetalt desse pengane. Det er nemleg fakulteta som bestemmer, presiserer ho.

Tidlegare i haust sette rektor Arild Underdal ned eit utval som skal greia nærare ut situasjonen for norsk som fagspråk ved UiO. Utvalet blir leia av professor i statsvitskap, Helge Hveem, og det skal ha klar ein rapport i løpet av 2006.

Emneord: Nynorsk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 21. des. 2005 15:01 - Sist endra 10. des. 2008 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere