Kjemisk institutt får førsteprioritet i ny forskingsbygning

Den nye bygningen for kjemi og livsvitskapar i Gaustadbekkdalen skal først og fremst gi nye lokale til Kjemisk institutt, men det er sannsynleg at også Farmasøytisk institutt og Institutt for molekylær biovitskap skal inn i anlegget. Dessutan skal store deler av anlegget setjast av til mellombelse og delvis permanente forskingsgrupper. Det vedtok Universitetsstyret tysdag 20. desember.

Den nye bygningen for kjemi og livsvitskapar i Gaustadbekkdalen skal i første rekkje gi nye lokale for Kjemisk institutt. . Men det planlagde anlegget skal profilerast som eit forskingsanlegg der ein vesentleg del av arealet blir sett av til mellombelse og delvis permanente einingar og forskingsgrupper. Kva forskingsgrupper som skal inn, vil vera avhengig av vitskapleg kvalitet og strategiske omsyn. Det vedtok Universitetsstyret tysdag 20. desember.

I vedtaket blir det vist til at det i høyringsrunden er gitt opp gode grunnar til at både Farmasøytisk institutt og Institutt for molekylær biovitskap bør leggjast til eit slikt anlegg. Styret ber difor universitetsdirektøren om å få utført ein nærare analyse av arealbehova til Kjemisk institutt, Farmasøytisk institutt og Institutt for molekylær biovitskap.

I bygningen for livsvitskapar (Life Sciences) skal altså forskarar frå ulike faggreiner halda til og samarbeida. Det vil også liggja i nærleiken av Forskingsparken, det nye informatikkbygget, dei medisinske og odontologiske bygningane, Rikshospitalet og Mikro- og nanoteknologisenteret. I tillegg vil det liggja i kort avstand frå forskingsmiljøa på Ullevål universitetssjukehus og Radiumhospitalet. Prorektor Anne-Brit Kolstø har tidlegare sagt til Uniforum at ho håpar det kan vera klart til UiOs 200-årsjubileum i 2011.

EUs 7. rammeprogram og Forskingsmeldinga

Styret vedtok også kva ambisjonar Universitetet i Oslo må ha i posisjoneringa fram mot EUs 7. rammeprogram. Det blei vedtatt at UiO skal lyfta fram "modne" fagmiljø som allereie har godt ord på seg internasjonalt slik at dei kan få meir sentrale roller i europeiske prosjekt og program. Dessutan vil UiO ha ei breiare deltaking frå fagmiljø som i liten grad har vore med til no. Målet er å få auka inntekta frå EU-kjelder.

Deretter vedtok styret å setja opp ein plan for korleis UiO skal fylgja opp og bruka Forskingsmeldinga. Her blir det foreslått at det blir satsa på områda, forskingsleiing, realfagssatsing, attraktivitet for internasjonal rekruttering og internasjonalt forskingssamarbeid, synleggjering og forskingsfinansiering. Under det siste punktet blei det tatt inn ei heilt ny formulering der det heiter at Universitetsstyret ber universitetsdirektøren leggja til rette for ein meir inngåande og samla diskusjon om korleis UiO kan møta dei store utfordringane som oppstår som ein fylgje av norsk og europeisk FoU-politikk (FoU= forsking og utvikling)og forskingsfinansiering.

Får 80 000 i honorar
Styret bestemte også at dei eksterne styremedlemane skal få ei godtgjering på 80 000 kroner kvar i året. Det same gjeld for representantane til dei tilsette, men dei kan også velja å bli 25 prosent frikjøpte frå den faste stillinga si. Styremedlemar tilsett i rekrutteringsstilling kan velja mellom ei økonomisk godtgjering på 80 000 kroner eller å få forlengja stipendiatperioden sin med tre månader.

(Oppdatert kl. 14:19)

Emneord: Universitetspolitikk, Kjemi Av Martin Toft
Publisert 21. des. 2005 11:12 - Sist endra 10. des. 2008 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere