Avviste klage på styrevalet

Klagen på oppteljingsmåten under styrevalet ved UiO i haust blir ikkje tatt til fylgje. Det vedtok Universitetsstyret samrøystes i dag. Dei fem professorane Vigdis Ystad, Nils Roll-Hansen, Henning Jakhelln og Petter Laake klagde over at valstyret hadde gripe inn i oppteljingsprosedyren og stansa oppteljinga ein runde for tidleg i høve til regelverket.

Universitetsdirektøren viser til notatet til valstyret frå 5. desember i år der det går fram at ein ved gjennomføringa har lagt til grunn logikken til ei ordning med preferanseval. Dette inneber at dess tidlegare ein kandidat under valet blir erklært valt fordi vedkomande har nådd valtalet, dess sterkare står vedkomande. Når valoppgjeret fører til at det blir valt for mange av eitt kjønn, skal den falla ut som står svakast i høve til å nå valtalet.

Logisk visse

Nils Damm Christophersen nådde som første og einaste kandidat valtalet i den sjuande teljerunden. Då avslutta valstyret oppteljinga fordi det med logisk visse kunne seia kva resultatet ville bli. Resultatet viste nemleg at Olav Gjelsvik hadde nest-flest stemmer, medan Johanne Sundby hadde flest stemmer av dei kvinnelege kandidatane. Difor blei regelen om kjønnskvotering lagt til grunn, sidan det skulle vera ein kandidat av kvart kjønn. Dermed blei Nils Damm Christophersen og Johanne Sundby erklærte som vinnarar av styrevalet for dei vitskaplege tilsette.

Klagarane viser til paragraf 11 pkt. 14 i valreglementet og meiner at valstyret har gripe inn i oppteljingsprosedyren og stansa oppteljinga ein runde for tidleg. Dei meiner at den siste teljerunden kunne hatt noko å seia for valresultatet og krev difor at oppteljinga skal halda fram.

Kunne vore i strid med prinsippa for valordninga

Universitetsdirektøren viser til at ved tolking av valreglementet, må ordyden forståast i samanheng med dei grunnleggjande prinsippa som ordninga med preferanseval byggjer på. Eitt av desse prinsippa er forholdstalsprinsippet, som inneber at fraksjonar eller grupper av veljarar av ein viss storleik har krav på forholdsmessig representasjon og minst ein representant. Det sentrale er at kvar veljar har ei og berre ei teljande stemme.

På nytt viser universitetsdirektøren til notatet til valstyret der det går fram at ei vidare oppteljing kunne ha ført til at ein del stemmer får dobbel vekt og at eit knapt fleirtal kan sikra seg begge representantane. Dette vil vera i strid med prinsippa for valordninga, heiter det i framleggsnotatet. Under møtet i Universitetsstyret, heldt leiar for Valstyret, Aanund Hylland ei orientering om kva reglement og kva prosedyre dei hadde brukt under oppteljinga av stemmene og han grunngav også kvifor dei hadde valt å avslutta oppteljinga før den siste teljerunden.
Etter ei kort ordveksling mellom Kristian Gundersen, Paul Chaffey og Kristian Mollestad, konkluderte eit samrøystes
styre med at det ikkje kan sjå at dei forholda som dei fem professorane har peika på når det gjeld oppteljingsmåten ved styrevalet 2005, representerer feil eller manglar. Klagen blir difor ikkje tatt til fylgje, står det i det endelege vedtaket.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. des. 2005 15:29 - Sist endra 10. des. 2008 14:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere