Tre menn og ei kvinne valde inn i Universitetsstyret

Informatikkprofessor Nils Damm Christophersen, medisinprofessor Johanne Sundby, hovudtillitsvalt Kristian Mollestad og stipendiat Klaus Magnus Håland Johansen er alle valde inn i Universitetsstyret. Det viser resultatet av styrevalet torsdag 17. oktober. Filosofiprofessor Olav Gjelsvik, rådgjevar Dorte Skulstad og stipendiat Boel Christensen-Scheel blir vararepresentantar. Olav Gjelsvik fekk ni stemmer meir enn Johanne Sundby, men ho blei valt inn fordi ein av dei to representantane for dei vitskapleg tilsette måtte vera ei kvinne.

INNVALDE: Nils Damm Christophersen og Johanne Sundby er valde inn i Universitetsstyret som representantar for dei vitskapleg tilsette.
Foto: Ola Sæther

- Eg synest det er spennande å bli valt inn i Universitetsstyret, seier Johanne Sundby, medan ho står på reisefot til det afrikanske landet Malawi. Ho ser på vervet som ein av to representantar for dei vitskaplege tilsette i styret, som ei stor utfordring.

- Eg står jo også på den reformkritiske linja til nyvald rektor Geir Ellingsrud og er blitt stemt inn i styret av reformkritiske støttespelarar. Difor ser eg fram til å diskutera universitetspolitikken vår både med han og andre meiningsfeller.

- Kva er den viktigaste saka du vil kjempa for i styret?

- Det blir å få evaluert alle sider ved Kvalitetsreforma på UiO. Difor må me hausta inn kva konsekvensar den har fått for både for vitskapleg tilsette og andre. Dessutan synest eg det er ein spennande kontrast at Nils Damm Christophersen er valt inn frå den andre universitetspolitiske leiren.

- Kvifor blei akkurat de to valde inn?

- Det viktigaste er at me begge er godt profilerte og kjente frå rektorvalkampen sidan me var prorektorkandidatar. Det at me har sagt ja til å bli med i politikken, har jo også ført til at me har fått masse kjeft, vedgår ho. No drar ho til Malawi i Afrika for å fylgja opp det internasjonale forskingssamarbeidet med det landet. Seinare skal ho delta i det 40 mil lange hundeløpet Femundløpet.

- Når det er over i februar skal eg via meg fullt og heilt til universitetspolitikk, forsking i den tredje verda og hundekjøring. Føresetnaden min for å vera ein god forskar er nettopp å ha slik kontakt med både folkelege og internasjonale kulturar. Då kan eg prøva ut kunnskapen min mot det verkelege livet, slår ho fast.

- Hyggeleg

Informatikkprofessor Nils Damm Christophersen blei overraska då han fekk vita at han hadde blitt valt inn i styret.
- Eg hadde trudd at andre kandidatar hadde blitt valde. Men eg synest det er svært hyggeleg og eg vil vera ein representant for heile universitetet, lovar han.

- Kva vil du jobba for i styret?

- Eg vil ta utgangspunkt i plattforma mi og arbeida for UiO som institusjon, internasjonal solidaritet, kamp mot fattigdom og for å utvikla ei god leiing på alle einingar på universitetet, seier han. Christophersen vil også betra situasjonen for institutta og sentra.

- Ja, det er viktig at dei produktive einingane får best moglege vilkår.

Glad

Hovudtillitsvalt Kristian Mollestad i Forskarforbundet blei valt inn som den eine representanten for dei teknisk-administrative tilsette.

- Eg er svært glad for det og eg vil oppfordra alle som stemte på meg om å fylgja meg opp og passa på at eg held lovnadane mine. Dette er ein tillit som eg må fylgja opp, lovar han. Han gler seg til å ta fatt på jobben.

- Ja, det er klart. Dessutan er eg sikker på at dette styret vil bli eit godt team som kjem til å jobba godt saman, seier han. Mollestad er i dag vararepresentant til styret og møter denne hausten fast fordi Hanna Ekeli har svangerskapspermisjon. I 2002 sat han fast i styret fram til 1. januar 2003.

Vil organisera stipendiatane

Også stipendiat Klaus Magnus Håland Johansen er godt nøgd med å bli valt inn i styret.

- Eg stilte sjølvsagt opp for å bli valt, men den låge valdeltakinga blant stipendiatane skuffar meg, vedgår han. No vil han arbeida for å organisera alle vitskaplege tilsette i mellombelse stillingar og finna ut kva problem dei har og gripa tak i dei. Dessutan har han ei anna hjartesak.

- Eg vil foreslå innføring av elektronisk val på UiO, spesielt etter alt rotet rundt valet til nytt universitetsstyre denne gongen. I tillegg ynskjer eg også ein gjennomgang av dei administrative rutinane på universitetet og ei betre utnytting av dei IT-systema som finst og ei vidareutvikling av dei for å unngå dobbeltarbeid ein ser ved søknadsrutinar, rekneskap og fleire andre ting.

- Organisasjonsstrukturen ved UiO vil eg også ta opp. I dag er det ei oppblomstring av talet på senter. Det legg eit press på strukturen og difor må me ta ein diskusjon om det. Og eg vil sjølvsagt arbeida for at å styrkja arbeidet med å formidla forskingsresultat, lovar han.

Valt inn på kjønnskvotering

Då alle stemmene var talde opp i valet av dei to representantantane for dei vitskapleg tilsette, viste resultatet etter siste oppteljingsrunde at Nils Damm Christophersen hadde fått flest stemmer med Olav Gjelsvik og Johanne Sundby på dei neste plassane. Medan Nils Damm Christophersen fekk 231 stemmer, fekk Olav Gjelsvik 206 stemmer og Johanne Sundby 197 stemmer.

- Sidan valreglementet bestemmer at det skal veljast ein mann og ei kvinne, blei likevel Johanne Sundby valt inn i Universitetsstyret, fortel leiar for Valstyret, Aanund Hylland til Uniforum. Under oppteljinga gjekk først Janne Haaland Matlary ut, deretter Anne Eriksen, Trond Skard Dokka, Lise Kjølsrød og Øyvind Østerud.

Også i valet på representanten for dei teknisk-vitskapleg tilsette, var det spennande. Kristian Mollestad fekk til slutt 382 stemmer medan Dorte Skulstad fekk 372 stemmer.

- Det var 35 veljarar som ikkje hadde prioritert alle kandidatane, og dermed gjekk stemmene deira ut før den siste oppteljingsrunden. Dei kunne ha vore utslagsgjevande sidan det til slutt berre skilte ti stemmer mellom Mollestad og Skulstad, seier Aanund Hylland.

- I første runde fekk Dorte Skulstad 272 stemmer medan Kristian Mollestad fekk 233 stemmer. Seinare gjekk Mollestad forbi etter kvart som den eine og den andre av kandidatane gjekk ut. Den første som gjekk ut var Karen Haugland, deretter fylgde Kristin Nordseth og Hanne Sølna, opplyser Hylland. Det endelege valresultatet var klart torsdag 17. oktober klokka 21.30.

Klage ikkje tatt til fylgje

Tidlegare i veka leverte fysikkprofessor Eivind Osnes inn ein klage på prosessen rundt valet til nytt universitetsstyre. Klagen blei handsama av valstyret i går, og den blei ikkje tatt til fylgje.

Dette blei resultatet av valet til nytt universitetsstyre:

Faste representantar:
-Professor Nils Damm Christophersen, Institutt for informatikk
-Professor Johanne Sundby, Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin

Vararepresentantar:
1. vararepr.: Professor Olav Gjelsvik, Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk
2. vararepr.: Professor Lise Kjølsrød, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi

Valde frå gruppa mellombelse vitskaplege tilsette for perioden 01.01.06 - 31.12.06:
Fast representant:
- Stipendiat Klaus Magnus Håland Johansen, Fysisk institutt
Vararepresentant:
-Stipendiat Boel Christensen-Scheel, Institutt for kulturstudium og orientalske språk

Valde frå gruppa teknisk/administrativt tilsette for perioden 01.01.06 - 31.07.09:
Fast representant:
-Førstekonsulent/hovudtillitsvalt Forskarforbundet, Kristian Mollestad
Vararepresentant:
-Rådgjevar Dorthe Skulstad, Institutt for kulturstudium og orientalske språk

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. nov. 2005 11:58 - Sist endra 10. des. 2008 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere