Tekst: Martin Toft
Foto: Ståle Skogstad
- Rektorvalet har vist kor viktig det har vore med demokrati og merksemd rundt det valet. Det er også viktig å sitja i styret, fordi det på eiga hand kan bestemma om det skal vera vald eller tilsett rektor, seier Dorte Skulstad. Ho har ei anna hjartesak også.
- Etter å ha prøvd ut einskapleg leiing på HF, viser det seg at det fører til mindre merksemd og mindre demokrati. Det blir heller ikkje meir effektivt, dersom leiinga heile tida må sløkka brannar etter avgjerdene dei tar, konstaterer ho.
Lønspolitikk
Den lokale lønspolitikken på UiO, er ei tredje sak ho vil fronta i styret.
- Eg trur ikkje arbeidsmiljøet eller organiseringa blir noko betre om du gir nokon mykje høgare lønn medan andre føler seg sveltefora. Under dei lokale lønsforhandlingane i fjor var NTL på kollisjonskurs med universitetsleiinga fordi nokre få fekk stor lønnsauke medan dei aller fleste fekk lite eller ikkje noko ekstra i lønningsposen, fortel ho. Rektorvalet falt heldig ut, synest ho.
- Eg er godt nøgd med at Geir Ellingsrud blei vald. Han vil vera oppteken av avtaleverket vårt og bruka både fagforeiningane og studentane som høyringsinstans, trur ho.
- Og så vil eg arbeida imot at delar av UiO blir skilde ut frå universitetet og må konkurrera med private selskap om viktige funksjonar. Utskiljing eller outsourcing vil berre svekka fagforeiningane si makt på UiO, slår ho fast.
Logg inn for å kommentere