Men også dei andre fem kandidatane som ynskjer å bli valde inn i styret som representant for dei fast vitskaplege tilsette, er godt kjende i universitetsmiljøet.
Kriminologiprofessor Cecilie Høigård, teologiprofessor Trond Skard Dokka, filosofiprofessor Olav Gjelsvik, sosiologiprofessor Lise Kjølsrød og professor i kulturhistorie, Anne Eriksen er alle godt kjende frå den akademiske arenaen både på og utanfor Universitetet i Oslo. To av dei fire tapande prorektorkandidatane, Nils Damm Christophersen og Johanne Sundby kjem frå høvesvis Institutt for informatikk og Seksjon for internasjonal helse.
Det som er nytt med valet til Universitetstyret denne gongen i høve til tidlegare val, er det faktum at dei mellombels vitskapleg tilsette også skal ha inn ein representant. På den lista står stipendiatane, Klaus Håland Johansen, Fysisk institutt, Boel Christensen-Scheel, Institutt for kulturstudium og orientalske språk og Tarjei Havnes frå Økonomisk institutt.
Når det gjeld lista over kandidatar til den eine plassen for dei tekniske-administrative tilsette, så har Uniforum tidlegare meldt at Dorte Skulstad er lansert som kandidat av Tenestemannslaget. I tillegg har valstyret fått inn forslag på kontorsjef Kristin Nordseth frå Psykologisk institutt, hovudtillitsvald Kristian Mollestad frå Forskarforbundet, seksjonssjef Hanne Sølna, MN-fakultetet og seniorkonsulent Karen Haugland frå Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk.
Valstyrets sekretær, Håvard Pedersen understrekar at forslaga enno ikkje er formelt godkjende av valstyret. Men han legg til at den førebelse gjennomgangen av forslagsstillarar og kandidatar, ikkje gir grunnlag for å tru at nokon av dei foreslåtte kandidatane ikkje vil bli godkjende.
Valstyret vil offentleggjera forslagsstillarane for dei forskjellige kandidatane måndag 24. oktober på nettsida http://www.admin.uio.no/ia/styrevalg/2005/
Logg inn for å kommentere