Regjeringa vil flytta Autismeeininga

Autismeeininga ved UiO skal leggjast til Rikshospitalet, medan resten av Autismenettverket blir lagt ned. Det blir resultatet dersom toppleiinga i Helse- og omsorgsdepartementet får viljen sin. - Dette vil føra til at autistar med fleire funksjonshemmingar vil mista dagens tilbod om spisskompetente tenester, meiner Vegard Ytterland og Anne Maj Kvale i Autismeeininga.

RÅKAR AUTISTAR: - Autistar med fleire lidingar blir taparane om Autismenettverket blir lagd ned, meiner Vegard Ytterland og Anne Maj Kvale i Autismeeininga ved Institutt for spesialpedagogikk.
Foto: Ola Sæther

Det var hausten 1998 Stortinget vedtok at det skulle opprettast eit permanent tenesteytande kompetansesystem om autisme. Det skulle setjast saman av Autismeeininga, knytt til Institutt for spesialpedagogikk ved UiO og fagmiljø med spisskompetanse på autisme lagde til kompetansesentra og spesialisthelsetenesta. Autismeeininga skulle koordinera Autismenettverket og ha det faglege og administrative ansvaret for arbeidsoppgåvene til nettverket.

Ei av dei viktigaste oppgåvene var at eininga fekk fullmakt til å inngå avtalar om knutepunktfunksjonar. Desse fagmiljøa er oppretta for å yta tenester til menneske med autisme som også har ei tilleggsliding. Det kan vera dei som både har autisme og synshemming eller kombinasjon av autisme og høyrselshemming.

- Dersom Helse- og omsorgsdepartementet får gjennomført avgjerda si om å erstatta desse knutepunktfunksjonane med regionale fagmiljø for autisme i dei fem regionale helseforetaka, fryktar me at den kompetansen me har vore med og bygd opp, vil forsvinna, seier dagleg leiar Vegard Ytterland og universitetslektor Anne Maj Kvale i Autismeeininga ved Institutt for spesialpedagogikk på UiO. Dei forstår heller ikkje grunnen til at Autismenettverket, som mange i utanlandske fagmiljø ynskjer å bruka som modell, må omstrukturerast.

- Går utover brukarane

- I Noreg er det så få menneske med autisme som har behov for spesielt kompetansekrevjande tiltak, at det er urealistisk med regionale tilbod til denne gruppa. Difor gjeld det å sikra eit godt tenestetilbod til denne gruppa på landsbasis, meiner Ytterland og Kvale. I dag arbeider det ni personar ved Autismeeininga. I tillegg finst det mellom 30 og 40 stillingar på knutepunktstader over heile landet.

- Det er først og fremst brukarane dette vil gå ut over, fordi dei ikkje vil få den oppfylginga som dei etter lova har krav på. Behovet for spesialkompetanse på autistar med fleire funksjonshemmingar kan nemleg ikkje takast vare på av folk som berre har kompetanse på autisme, fortel dei.

- Men kvifor trur de at Helse- og omsorgsdepartementet vil leggja knutepunktfunksjonane til dei regionale helseforetaka og Autismeeininga til Rikshospitalet og Helse Sør?

- Dette er eit forslag som har kome frå inkompetente byråkratar som vil ha eit firkanta organisasjonskart, meiner Kvale.

Krev ny stortingshandsaming

- Stortinget vedtok hausten 1998 at Autismenettverket skulle opprettast med ei eiga Autismeeining som skulle leggjast til UiO. Skal dette vedtaket gjerast om, må Stortinget handsama det på nytt. Departementet kan ikkje på eiga hand avgjera dette, slår Ytterland og Kvale fast. Begge ynskjer at Autismeeininga skal halda fram med å vera ein del av Institutt for spesialpedagogikk.

- Professor Harald Martinsen har vore primus motor bak oppbygginga av kompetanse på autisme ved Institutt for spesialpedaogikk, og også andre av oss driv forsking på dette fagfeltet. Fleire av resultata våre er presenterte på internasjonale fagkonferansar. Me har vore både i Canada, Nederland og i nabolanda våre og fortalt om "The Norwegian Modell" innanfor tenestetilbodet til autistar. Det hadde vore trist om denne kompetansen no vert bygd ned, synest dei.

- Fryktar rasert tilbod

Dei får støtte i synspunkta sine frå Åse Gaarder, som er dagleg leiar for Autismeforeininga i Noreg.

- Dersom knutepunkta blir lagde ned, blir tilbodet til denne brukargruppa rasert. Og viss Autismeeininga skal flyttast til Rikshospitalet, så må øyremerkte årlege pengeoverføringar fylgja med. Elles trur eg at pengane vil forsvinna i det store helsesluket, seier Gaarder. Ho kjem til å ta opp denne saka politisk.

- Autismeforeininga vil ta kontakt med medlemar i Stortingets helse- og sosialkomité og sentrale medlemar i den raudgrøne regjeringskoalisjonen, for å få dei til å gjera om avgjerda til departementet, fortel ho.

Same kvalitet som før

I ein generell kommentar til Uniforum avviser Helse- og omsorgsdepartementet at menneske med autisme og tilleggslidingar vil få eit dårlegare tilbod. Departementet viser til at føresetnaden for denne tilknytinga er at kompetansen og det tverrfaglege tenestetilbodet som Autismenettverket yter, skal vera av minst same kvalitet og på same nivå som i dag i den nye organisasjonsforma. Målet er at den nye organisasjonsforma i regionale fagmiljø innanfor helseforetaka i større grad vil sikra fleire menneske med autisme eit godt tenestetilbod.

Innan 1. desember må alle dei involverte instansane koma med forslag til oppgåver og faglege krav for dei regionale fagmiljøa og for Autismeeininga, får Uniforum opplyst hos departementet.

Emneord: Fakultetene, Det utdanningsvitenskapelige fakultet Av Martin Toft
Publisert 13. okt. 2005 09:50 - Sist endra 10. des. 2008 15:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere