- Ikkje uproblematisk å kritisera Kina

- Før UiOs rektor uttaler seg om menneskerettssituasjonen i Kina, må han ta omsyn til at det kan føra til at akademikarar som arbeider med politisk sensitive emne, får det vanskelegare, meiner Koen Wellens, som leier Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar, UiO.

IKKJE LETT: - Ein akademikar som kritiserer dei kinesiske styresmaktene offentleg, kan få det vanskeleg, konstaterer Koen Wellens, som leier Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar.
Foto: Ståle Skogstad

Koen Wellens har sjølvsagt ikkje noko imot at FN og menneskerettsorganisasjonar kritiserer Kina for menneskerettsbrot.

- Det er heilt i orden at eit fleirtal av medlemslanda i FN ber Kinas regjering på linje med andre land, oppføra seg eksemplarisk overfor innbyggjarane sine dei gongene dei har brote menneskerettane eller FN-konvensjonar som landet har skrive under på og ratifisert, forklarar han. Wellens viser til leiarartikkelen i Uniforum nr. 10, der rektor Arild Underdal blei oppfordra til å ta opp brot på menneskerettane med akademikarar og andre han ville treffa under Kina-besøket sitt. Dessutan blei det uttrykt håp om at UiO kunne utnemna ein kinesisk dissident til æresdoktor, på same måte som ein dissident og jussprofessor frå Zimbabwe nyleg blei kreert til æresdoktor ved UiO.

Får det vanskeleg

- Problemet er at i Kina er du grovt sett anten innanfor eller utanfor. Ein professor eller ein annan akademikar som har kritisert dei kinesiske styresmaktene offentleg kan få det svært vanskeleg. Han eller ho blir anten fengsla eller utvist og send med første fly til USA. Dei som trur at kinesiske intellektuelle som bur i eksil i Vesten vil koma heim og bli statsrådar med ein gong Kina er blitt demokratisk, tar feil. Sjansen er ikkje stor for at det skjer nokon revolusjon i Kina i den nærmaste framtida. Derimot er det ikkje utenkjeleg at Kommunistpartiet kjem til å bli meir og meir demokratisk, trur Wellens. Men no aksepterer ikkje partiet organisert motstand. Han viser til korleis dei kinesiske styresmaktene handla då organisasjonen Falun Gong demonstrerte i Beijing.

- Den blei slått kraftig ned på. Det er på grunn av denne politikken at det ikkje finst noko seriøs undergrunnsrørsle i Kina, slik som i andre land. Unntaket er sjølvsagt Tibet og Xinjiang, der det finst organiserte opposisjonsgrupper, men dei oppheld seg i utlandet, konstaterer han.

- Vil betra situasjonen

Wellens vil likevel trekkja fram at det skjer positive ting på menneskerettssida i verdas mest folkerike land.

- Det er offisiell kinesisk politikk å betra situasjonen for menneskerettane i landet. I grunnlova er det også kome inn eit punkt om menneskerettar. I det stille arbeider også akademikarar og andre med å flytta grenser for ytringsfridomen. Dersom dei blir pressa til det, vil dei derimot trekkja seg unna, åtvarar han.

Norsk senter for menneskerettar gav for nokre år sidan ut ei lærebok om menneskerettane på kinesisk, i samarbeid med kinesiske akademikarar.
- Denne læreboka blir no brukt ved fleire kinesiske universitet, fortel han. I dag er Kinaprogrammet involvert i fleire store forskingsprosjekt.

- Me ser på diskriminering i arbeidslivet i Kina. Eit anna prosjekt handlar om kvinnerettar. Dessutan skal me sjå på kva som skjer med den tradisjonelle fordelinga av jord i kollektivet, når nokon familiar har fleire barn som vil overta, medan det hos andre berre er ei einsleg kvinne igjen, fortel han. Då me treffer Wellens, står han på reisefot til Kina.

Underviser i menneskerettar

- Denne månaden skal me ta til med eit prosjekt der akademikarar i Xinjiang-provinsen i Vest-Kina skal undervisast i menneskerettar av akademikarar frå Aust-Kina, fortel han.

- Vest-Kina er minst utvikla økonomisk og der det bur flest etniske minoritetar. Samitidig er det der det er minst kunnskap om menneskerettar. Eg trudde at me ville få store problem med å få skipa til ein forelesingsserie om menneskerettar i dette området. Eg trur grunnen til at det har gått over all forventing, er at det eksisterer ein menneskerettsdialog mellom Noreg og Kina, der forskarar ved Norsk senter for menneskerettar blir brukte som rådgjevarar og tilretteleggjarar. Difor har denne kontakten ei viss forståing på høgaste hald i Kina, fordi dei synest at det er ein grei måte å jobba på, konstaterer han.

Emneord: Sentrene, Kina, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 13. okt. 2005 13:27 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere