Grete Berget ny ekstern medlem i Universitetsstyret.

Tidlegare statsråd og noverande generalsekretær for Europabevegelsen, Grete Berget blir den einaste nye eksterne medlemen i Universitetsstyret i neste valperiode.

NYTT EKSTERNT MEDLEM: Generalsekretær for Europabevegelsen, Grete Berget, er peika ut som ny ekstern representant i Universitetsstyret (Foto: Europabevegelsen)

Det er klart etter at Utdannings- og forskingsdepartementet i dag på nytt har oppnemnt Abelia-direktør Paul Chaffey, tidlegare rektor ved Lunds universitet,Boel Flodgren, Grete Berget og styreleiar for Norsk Hydro, Egil Myklebust som eksterne representantar. Grete Berget vil dermed erstatta Aftenposten-redaktør Hilde Haugsgjerd som har takka nei til å bli peika ut for ein ny periode.

Abelia-direktør Paul Chaffey var den einaste av dagens representantar som ikkje var foreslått av korkje fleirtalet eller mindretalet i utvalet som skulle laga ei liste med moglege eksterne kandidatar. Mindretalet i utvalet, det vil seia, NTL-representant, Ulrik Sverdrup, ville heller ikkje ha Egil Myklebust med på lista over moglege kandidatar. Grunnen til at Sverdrup ikkje ville ha Chaffey og Myklebust med på lista, var at dei begge ynskjer tilsett og ikkje valt rektor. Han meinte at det var eit synspunkt som var heilt i utakt med universitetet elles.

I det førre møtet sitt, tok ikkje Universitetsstyret omsyn til at ingen i utvalet ville ha med Paul Chaffey, og heller ikkje motstanden til mindretalet mot å oppnemna Egil Myklebust, blei tatt til fylgje. Difor var både Chaffey og Myklebust med på lista over dei tolv kandidatane som Utdannings- og forskingsdepartementet kunne peika ut som eksterne representantar i styret. Der stod sjølvsagt også Boel Flodgren og Grete Berget.

Tre av dei andre som stod på denne lista, administrerande direktør i Statistisk Sentralbyrå, Øystein Olsen, viseadministreande direktør for Helse Øst, Bente Mikkelsen og kulturredaktør i Dagsavisen, Cathrine Sandnes, er alle utnemnde til vararepresentantar.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. okt. 2005 12:34 - Sist endra 10. des. 2008 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere