Frå rektorval til universitetsstyreval

Dei tidlegare prorektorkandidatane Johanne Sundby og Nils Damm Christophersen er begge blant dei ni kandidatane som konkurrerer om å få dei to ledige plassane til dei fast vitskaplege tilsette i Universitetsstyret. - Rektorvalkampen har auka engasjementet vårt for universitetspolitikk, konstaterer dei.

ENGASJERTE KANDIDATAR: - Rektorvalkampen har auka engasjementet vårt for universitetspolitikk, seier Nils Damm Christophersen og Johanne Sundby.
Foto: Ola Sæther

Det var støttespelarane til vinnaren av rektorvalet, Geir Ellingsrud og rektorkandidat Kristian Gundersen som spurde medisinprofessor Johanne Sundby om ikkje ho kunne stilla som kandidat til ein plass i Universitetsstyret.

- Eg rekte ikkje opp handa akkurat, men då eg fekk det spørsmålet sa eg ja. Det er ikkje like lett å få kvinnelege professorar med lang fartstid på universitetet til å stilla opp som kandidatar til eit slikt verv. Dessutan vil det gi meg høve til å jobba med dei tre sakene eg brenn mest for, demokrati, likestilling og globalisering, altså internasjonalisering. Det er det som er meg, seier Sundby til Uniforum. Informatikkprofessor Nils Damm Christophersen blei oppmoda til å stilla som kandidat av støttespelarar til dei tre tapande rektorkandidatane, Lars Walløe, Fanny Duckert og Stein A. Evensen.

- I styret vil eg arbeida for å spissa UiO som institusjon både nasjonalt og internasjonalt. For meg er det viktig at det er institusjonen som kjem i forgrunnen. Den nye regjeringa ynskjer å styrkja det regionale høgskuletilbodet. Den utfordringa må UiO møta ved blant anna å visa til at universitetet er Noregs beste, samtidig som det må auka kontakten med næringslivet og stimulera til innovasjon og entreprenørskap. I konkurransen om studentane må me satsa på studiekvalitet som eit fortrinn for UiO, seier Nils Damm Christophersen til Uniforum. Han er også oppteken av kva universitetet kan gjera med dei store globale utfordringane.

- Det aller viktigaste spørsmålet er korleis jorda om 50 år skal kunna romma opp mot 10 milliardar menneske som skal kunna leva i harmoni med seg sjølve og kloden. På dette området må UiO finna ei rolle som inkluderer både Senter for utvikling og miljø (SUM) og Senter for klimaforsking (CICERO), og som dessutan involverer større delar av universitetet enn til no, understrekar han.

Sundby er einig med han i denne saka, men ho vil også leggja vekt på eit anna problem.

- Hjerneflukta frå dei fattige landa i sør til dei rike landa i nord må stansast. Me må få til eit samarbeid som kan føra til at kunnskap blir verande i dei landa som ikkje har så store ressursar. Difor er det viktig at UiO arbeider nært saman med kunnskapsinstitusjonar i desse landa, slår ho fast. Både Christophersen og Sundby vil ha både vald rektor og valde dekanar.

Ueinige om einskapleg leiing

Men når det gjeld synet på einskapleg leiing, skil dei lag.

- Me har jo i dag einskapleg leiing både på institutt- og fakultetsnivå. Om instituttleiaren skal vera vald eller tilsett, må vera opp til instituttstyret å bestemma, meiner Christophersen.

- Det er eg heilt ueinig med deg i. Eg vil ha valde leiarar og demokratisk valde styre på alle nivå på universitetet. På Det medisinske fakultetet har ikkje dei tilsette eingong fått høve til å vera med på å stemma over om dei ville ha valde eller tilsette leiarar. Det er viktig at instituttleiarane har ei forankring i fagmiljøet, synest ho.

Ikkje lansert av Ellingsrud

Påtroppande rektor Geir Ellingsrud vil gjerne presisera at han personleg ikkje har vore med på lanseringa av medisinprofessor Johanne Sundby som kandidat til Universitetsstyret, slik som det kunne sjå ut av oppslaget i papirutgåva av Uniforum i dag.

- Det korrekte er at fleire av støttespelarane mine står bak den lanseringa. Reint prinsipielt meiner eg nemleg at eg som nyvald rektor ikkje bør engasjera meg i valet til nytt universitetsstyre. Det ville ha vore gale av meg, seier Geir Ellingsrud til Uniforum.

To debattmøte

Medan det tidlegare var annonsert eit felles debattmøte for alle styrekandidatane onsdag 2. november, har universitetssleiinga no bestemt seg for å organisera to separate debattmøte og samtidig utsetja dessse møtene til 8. og 10. november. Det første debattmøtet blir arrangert tysdag 8. november kl. 14.00 i aud. 1 i Helga Engs hus. På dette møtet blir kandidatane til to to styreplassane for det fast vitskaplege personalet presenterte og bedne om å delta i debatt mellom kvarandre og svara på spørsmål frå publikum. Det er enno ikkje bestemt kven som blir debattleiar. To dagar seinare blir det debattmøte med kandidatane til styreplassen for dei mellombels vitskapleg tilsette og med kandidatane til styreplassen for dei teknisk-administrative tilsette. Det skjer altså torsdag 10. november kl. 14.00 i aud. 1 i Helga Engs hus, Debattleiar blir informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal.

(Oppdatert fredag 28. oktober)

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. okt. 2005 14:28 - Sist endra 10. des. 2008 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere