Forlengjer nominasjonsfristen for styrevalet

Fristen for å melda inn kandidatar til valet på nytt universitetsstyre er forlengja fra 13. til 21 oktober. Det har rektor Arild Underdal bestemt etter at fleire UiO-tilsette har gjort han merksam på at dei ikkje hadde sett kunngjeringa om val på nytt universitetsstyre.

FORLENGJAR FRIST: Leiar for valstyret, Aanund Hylland og rektor Arild Underdal har i fellesskap avgjort å forlengja fristen til å nominera kandidatar til styrevalet til 21. oktober.
Foto: Ola Sæther

- Me er sjølvsagt interesserte i at alle som vil stå som kandidatar eller vil foreslå andre som kandidatar, får høve til å gjera det. Etter at fleire personar hadde tatt kontakt med meg før helga og fortalt meg at dei ikkje hadde fått med seg at fristen for å nominera kandidatar ville gå ut torsdag 13, september, tok eg kontakt med leiar for valstyret, Aanund Hylland, for å høyra om det ville skapa problem for gjennomføringa av valet om me forlenga denne fristen.

- I fellesskap fann me ut at det ville det ikkje, og dermed kunne eg nytta meg av mine fullmakter til å utsetja fristen med åtte dagar, seier Arild Underdal til Uniforum. Han ser ikkje bort frå at valet på nytt universitetsstyre, kan ha kome i skuggen av eit anna val ved UiO.

- Det kan nok henda at rektorvalkampen har tatt all merksemd vekk frå det faktum at det også skal haldast eit val på nytt universitetsstyre, konstaterer han.

Postval

Opprinneleg var altså torsdag 13. september siste frist for å nominera kandidatar til valet på nytt universitetsstyre. No blir altså fristen utsett til fredag 21. oktober. Heile valet skal gjennomførast som eit postval, og stemmesetlane må vera valstyret i hende innan 17. november. Det skal veljast ein representant for dei tekniske/administrative tilsette, to representantar for dei vitskapleg tilsette og ein representant for stipendiatane og mellombels vitskaplege tilsette.

- Glad for utvida frist

Ein av dei som reagerte på den korte fristen til å nominera kandidatar til styrevalet, var forskingsdekan Trine Syvertsen ved Det humanistiske fakultetet.

- Eg er glad for at rektor Arild Underdal no har utvida fristen for å nominera kandidatar til valet på nytt universitetsstyre, seier ho til Uniforum.

- Informasjonen rundt dette valet har vore altfor dårleg. På UiOs nettsider låg det rett nok informasjon, men på portalen for dei tilsette. Det vil seia at ein måtte vita om informasjonen for å finna fram til den. Denne informasjonen burde heller ha stått på hovudsida til UiO. Det minner litt for mykje om mangelen på informasjon til studentane om rektorvalet, synest ho.

Syvertsen tykkjer at valstyret som eit minstekrav burde ha sendt både ei pressemelding og ein annonse til Uniforum og Universitas og kunngjort prosedyrane rundt valet mykje tidlegare.

- Det var jo berre heilt tilfeldig om folk fekk vita at fristen for å nominera kandidatar til valet på nytt universitetsstyre var i ferd med å gå ut, seier ho.

- Vil ikkje det bli aktuelt for nokon av dei tapande rektorkandidatane å stilla til val på nytt universitetsstyre?

- Det kan godt henda, men fleire av dei moglege kandidatane sit vel allereie i valde verv og er ikkje aktuelle, slår ho fast.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. okt. 2005 13:15 - Sist endra 10. des. 2008 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere