UiO får språkrefs

UiO må innan 1. oktober gjera greie for kva rutinar og tiltak universitetet vil setja i verk for å kunna etterleva mållova. Det krev Kultur- og kyrkjedepartementet i eit brev til UiO. Departementet viser til tal frå Språkrådet som viser at UiO frå 2001-2004 berre hadde frå fire til ti prosent nynorsk i skrifteleg materiale på papir medan det tilsvarande talet for nettsidene var på to prosent. Kravet er at ingen av dei to målformene skal vera representert med mindre enn 25 prosent. Torsdag 10. august skal universitetsleiinga drøfta kravet frå departementet, opplyser informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal til Uniforum.

MEIR NYNORSK: Kultur- og kyrkjedepartementet krev at UiO set i verk tiltak for å auka nynorskprosenten.
Foto: Ståle Skogstad

Tal frå Språkrådet viser at den dårlege utviklinga for bruken av nynorsk ved UiO heldt fram i 2004. Då hadde UiO frå tre til seks prosent nynorsk i skrifteleg materiale på papir og berre ein prosent på nettsidene. Dette er langt under kravet til mållova om at ingen av dei to målformene skal vera representert med mindre enn 25 prosent i alt skrifteleg materiale.

I eit brev frå direktør Sylfest Lomheim i Språkrådet til Kultur- og kyrkjedepartementet, blir det peika på at UiO 23. september 2003 gjorde greie for fleire gode tiltak for å fylgja mållova. "Trass i fleire gode intensjonar har lite eller ingenting skjedd sidan den gongen," står det i brevet frå Språkrådet, som samtidig ber Kultur- og kyrkjedepartementet om å ta saka opp med Utdannings- og forskingsdepartementet.

- Eit krav som skal fylgjast

Seniorrådgjevar Ingvar Engen i Kultur og kyrkjedepartementet går utifrå at UiO tar brevet alvorleg.

- Me går sjølvsagt utifrå at UiO vil fylgja opp dette kravet. Dette er ei lov med eit krav som skal fylgjast av alle statsorgan. Ettersom universitetet likevel har brukt altfor lite nynorsk, har me bede om det blir gjort greie for kva tiltak ein vil setja i verk for å retta på dette, seier Engen til Uniforum.

Etter initiativ frå Språkrådet, er det også sendt tilsvarande brev til Universitetet i Tromsø og til fleire høgskular. Også desse må auka bruken av nynorsk i skrifteleg materiale.

- Det bør likevel ikkje noko trøyst for UiO at andre har fått eit liknande brev. Kvar statsinstitusjon har eit sjølvstendig ansvar for å fylgja kravet om at ingen av dei to målformene skal vera representert med mindre enn 25 prosent i utoverretta informasjonstilfang, understrekar Engen.

Intern sakshandsaming blir derimot ikkje omfatta av mållova. Heller ikkje hovudoppgåver eller doktoravhandlingar kjem inn under mållova. Det gjer derimot all generell informasjon som blir lagt ut på Internett.

- Tett oppfylging

Seniorrådgjevar Ingvar Engen trur det hjelper å senda brev til statsorgan som ikkje oppfyller mållova.

- Jau, det gjer det, men det er ofte naudsynt med tett oppfylging av Språkrådet. Det er som regel det som må til for at statsorgan skal skjerpa seg, seier Engen.

Foreslår tiltak

Torsdag 11. august skal denne saka opp på eit møte mellom rektor Arild Underdal og resten av universitetsleiinga. Informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal er allereie i gang med å skriva eit notat om kva tiltak som bør setjast i verk.

- Dette bør bli tiltak som ikkje vil føra til unødig bruk av ekstra ressursar. Dessutan handlar dette ikkje berre om tiltak, men om vilje til å gjennomføra dei. For tiltak har me jo foreslått tidlegare også, konstaterer han.

Emneord: Nynorsk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. aug. 2005 15:25 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere