Biologisk forskingssenter i europeisk meisterklasse

Det tverrfaglege forskingssenteret CEES (Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis) ved Biologisk institutt, UiO, får status som Marie Curie Early Stage Training Site. Det er klart etter at eit uavhengig ekspertpanel sett ned av EU-kommisjonen har gitt senteret 95 av 100 moglege poeng. - Dette er god reklame for UiO, som blir enda meir synleg og attraktivt, seier senterleiar Nils Christian Stenseth i ein kommentar til Uniforum.

SYNLEG: - Dette gjer UiO både meir synleg og attraktivt, seier biologiprofessor Nils Christian Stenseth etter at forskingsenteret CEES er utnemnt til Marie Curie Early Stage Training Site.
Foto: Ståle Skogstad

Etter at forskingssenteret CEES (Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis) no er utnemnt til Marie Curie Early Stage Training Site, inneber det at senteret får pengar til finansiering av fire ph.d.-studentar frå EU/EØS-området og sju kortvarige forskingsstipend. CEES blir dermed det sjette forskingsmiljøet ved UiO som får denne statusen. Frå før har forskingsmiljø både ved Matematisk institutt, Kjemisk institutt, Senter for materialvitskap og nanoteknologi, Det medisinske fakultetet og Det utdanningsvitskaplege fakultetet blitt utpeika til Marie Curie-senter av EU. I tillegg har Det juridiske fakultetet fått tildelt eit eige Marie Curie-professorat i internasjonal miljørett.

Til skilnad frå dei andre får dette senteret altså fire heile stipendiatstillingar over tre år. Senteret er no i forhandlingar med EU-kommisjonen sitt forskingskontor og ein endeleg avtale skal underskrivast i månadsskiftet september/oktober. Ved CEES-senteret samarbeider økologar, evolusjonsbiologar og statistikarar. Samarbeidet har allereie resultert i vitskaplege artiklar i forskingstidsskrifta Nature og Science.

Forskar på klimaendringar

Forskinga ved senteret dreier seg blant anna om korleis klimaendringar påverkar samspelet i naturen.

- Me skal dessutan sjå på korleis klimaendringar påverkar strukturen og dynamikken til ulike økosystem. Men me vil også forska på korleis berekraftig ressursstyring kan bli påverka av klimaendringar, fortel Stenseth.

Han viser til at komiteen som har evaluert forskingssenteret sin søknad, peikar på at desse forskingsfelta er både svært viktige og svært relevante for EUs forskingspolitikk sidan globale endringar er eit hovudtema på den vitskaplege og politiske dagsorden.

CEES var opphaveleg tenkt som eit Senter for framifrå forsking. Dei nådde derimot ikkje heilt opp hos Noregs forskingsråd då søknaden om å bli eit slikt senter ble handsama. Sidan Universitetet i Oslo likevel valde å satsa på dei forslaga som ikkje nådde heilt opp, får senteret tildelt eit par millionar kroner kvart år frå universitetet i fem år.

Håpar på SFF-status

Stenseth trur den positive vurderinga frå EU kan føra til at søknaden om å bli eit senter for framifrå forsking, kan få ein annan lagnad denne gongen.

- Det vil ikkje akkurat svekkja søknaden vår om å bli eitt av dei nye sentra for framifrå forsking, kalkulerer han med.

Til saman sende 857 forskingsmiljø frå heile Europa inn søknad om å få status som Marie Curie-senter denne gongen. Berre 107 av søknadane blei innvilga, og ein av dei kom altså frå CEES frå Biologisk institutt, UiO.

- Forskingsenteret vårt skal i alle fall gjera det det kan for å oppfylla målsetjinga om å utvikla strategiar for å oppnå ei berekraftig forvalting av naturressurane, lovar han.

Emneord: Forskning, Biologisk institutt Av Martin Toft
Publisert 3. aug. 2005 10:14 - Sist endra 10. des. 2008 14:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere