Redd for EU-kontroll

- EU kan koma til å bruka Bologna-prosessen for å gjennomføra sine eigne mål, meiner førsteamanuensis Tor Halvorsen . - Bologna kan opna vegen mot ein ny europeisk arbeidsmarknad, meiner økonomiprofessor Sverker Sörlin . Begge deltok på ein internasjonal forskarkonferanse om Bologna-prosessen i Bergen.

EUROPEISK ARBEIDSMARKNAD: - Bologna-prosessen vil kunna opna vegen mot ein ny europeisk arbeidsmarknad for forskarar, trur Sverker Sørlin.
Foto: Martin Toft

Den internasjonale forskarkonferansen The Third Conference on Knowledge and Politics, The Bologna Process and the Shaping of the Future Knowledge Societies, blei arrangert parallelt med ministerkonferansen i Bergen. I motsetning til Bologna-møtet som i stor grad blei styrt av politikarar og byråkratar, var det stemma til forskarane som kom fram på denne konferansen.

Stor interesse

- Mange meiner at Bologna-prosessen berre verkar inn på strukturen og styringa av universiteta medan den ikkje har nokon innverknad på korleis dei fungerer. Interessa for denne utviklinga er i alle fall så stor at det deltar forskarar blant anna frå Asia og andre kontinent på denne konferansen fordi dei gjerne vil bruka Bologna-prosessen som modell for kontinenta sine, fortel førsteamanuensis Tor Halvorsen ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, UiB. Mange av deltakarane er kritiske til kva EU ynskjer med forskingspolitikken sin.

- Nokon fryktar at EU skal overta heile Bologna-prosessen med Center of Excellency-ideologien sin. Både amerikanske og andre forskarar synest det er ein underleg modell som ikkje forskarane sjølve ynskjer, slår han fast.

Europeisk arbeidsmarknad

Økonomiprofessor Sverker Sörlin frå Umeås universitet er derimot svært nøgd med Bologna-prosessen. Han ser for seg ei heilt ny framtid for universiteta i Europa.

- Forskarar og studentar vil kunna ta lengre opphald på fleire ulike universitet. Det vil kunna opna vegen mot ein ny europeisk arbeidsmarknad for forskarar. Ein ph.d.-grad vil kunna brukast på alle dei europeiske universiteta. Kort sagt vil me få mange ulike fotballag, men dei same reglane vil gjelda for alle, konstaterer han.

Emneord: Internasjonalisering, Kvalitetsreformen Av Martin Toft
Publisert 26. mai 2005 14:15 - Sist endra 10. des. 2008 15:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere