NTL varslar kamp

- Dersom godt fungerande forskings- og driftseiningar ved UiO blir lagde inn under Unirand, ser me på det som utskiljing eller outsourcing. Det vil me kjempa imot, varslar leiar for Tenestemannslaget, Anita K. Solhaug . Unirand-direktør Erik Gulbrandsen synest ikkje det er grunn til uro.

SYNLEGARE: - Oppdraga til randsoneselskapa blir dessutan mykje synlegare enn før når dei er organiserte i Unirand A/S, meiner direktør Erik Gulbrandsen.
Foto: Ståle Skogstad

Det er først og fremst framtida til dei odontologiske klinikkane og delar av USIT og Teknisk avdeling ho uroar seg for. Solhaug viser til at rapporten om UiOs randsoneaktivitetar foreslår at desse einingane i framtida også bør kunne leggjast inn under Unirand A/S.

- Meininga var å leggja ting som ikkje har å gjera med kjerneverksemda inn under dette selskapet. Forslaga går derimot svært langt i å inkludera både typiske forskings- og driftseiningar i ei slik selskapsform, meiner ho.

Solhaug vil no prøva å få analysert dokumentet for å finna ut om forslaga kan kallast for utskiljing av einingar.

- Dersom dei mest radikale forslaga ikkje blir trekte tilbake, vil eg syta for at dette blir eit tema under rektorvalkampen, lovar ho.

NTL-leiaren vil likevel understreka at organiseringa av Åtferdssenteret og Psykososialt senter for flyktningar og asylsøkjarar under Unirand A/S har gått fint.

- Dei tilsette er godt nøgde med måten det er blitt gjort på for desse randsoneselskapa. Det er noko heilt anna når universitetsleiinga vil leggja sentrale forskings- og driftseiningar under Unirand A/S, seier ho.

Deler ikkje uro

Uroa hennar blir ikkje delt av Unirand-direktør, Erik Gulbrandsen.

- Stortinget kjem til å vedta endringar både i Arbeidsmiljølova og Tenestemannslova. Det vil då føra til at det ikkje vil vera stor skilnad på om ei verksemd er eit aksjeselskap og kjem inn under Arbeidsmiljølova eller er ein del av ein statsinstitusjon og kjem inn under både Arbeidsmiljølova og Tenestemannslova, seier han.

Fordelar

Han meiner det finst mange fordelar med aksjeselskapsforma.

- Utgangspunktet for å oppretta Unirand var å gi høve til at visse aktivitetar kunne forvaltast på ein annan måte enn innanfor den ordinære universitetsstrukturen dersom dette var tenleg for verksemda og universitetet. Oppdraga til randsoneselskapa blir dessutan mykje synlegare enn før.

- I dag ynskjer blant andre leiinga for Universiteta sin registreringssentral (UNIREG) å bli lagt under Unirand. For oss er det viktig at UiO tar ein prinsipiell debatt om kva universitetet vil med Unirand A/S. Difor sette me også ned den gruppa som skulle sjå på kva andre einingar som kunne leggjast inn under Unirand eller organiserast på ein annan måte, seier Gulbrandsen.

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. mai 2005 09:39 - Sist endra 10. des. 2008 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere