Kreativitet er eit ord som karakteriserer Jan Erlvang. Både når det gjeld å få unna daglegdagse gjeremål og å få sett i gang nye prosjekt. Måten han blei tilsett på ved Matematisk institutt, var også eit utslag av kreativitet. Han blei tilsett i ei universitetslektorstilling, men i praksis var han administrativ leiar for Matematisk institutt i ein mannsalder.
- Jo, eg hadde vel ein del innføringsforelesingar, men mesteparten av tida dreiv eg med administrasjon. Derimot hadde eg mykje betre løn enn dei andre kontorsjefane. Det gav meg nok litt ekstra status. Sidan eg var vitskapleg tilsett, kunne eg veljast inn i komitear og utval ved UiO. Difor fekk eg eit mykje større kontaktnett blant dei vitskapleg tilsette enn det kontorsjefane for dei andre institutta hadde.
- Eg meiner at også andre administrative leiarar bør kunne veljast inn i slike komitear. Då vil dei få eit mykje større overblikk over heile universitetssamfunnet enn det dei har høve til i dag, seier han.
Jan Erlvang byrja som matematikkstudent ved UiO på 1950-talet og blei tilsett som administrativ leiar ved Matematisk institutt i mai 1962.
Drøymer ikkje om fortida
Han er ikkje blant dei som drøymer seg tilbake til
fortida.
- Det er berre tull at alt var så mykje betre før. Eg hugsar
at det aldri var nok pengar til å pussa Fysikkbygningen
ordentleg opp for. Difor blei den
alltid kalka. Du kunne ikkje lena deg mot veggane innvendig
utan at du måtte børsta av deg det kvite støvet etterpå.
Stolane i auditoria i Fysikkbygningen var så dårlege at dei
måtte haldast på plass med tauverk, minnest han.
Dei som truleg hadde det best på den tida, var professorane.
- Dei hadde eigne stenografdamer som skreiv ned alt som professoren dikterte til dei. Professorane tiltalte dei med De-forma, medan dei aller nådigast drista seg til å spørja "Hvordan har professoren det i dag," hugsar han.
- Kunne berre ta ein telefon
Likevel synest han det er mykje meir byråkrati og kontroll no enn i gamle dagar.
- Eg kunne berre ta ein telefon til universitetsdirektøren eller økonomiansvarleg, og så ordna tinga seg. I dag må ein heile tida bruka linja oppover og vera flink til å skriva månadsrapportar. Dermed blir folk meir opptekne av å vera flinkaste gut eller jente i klassen og ikkje så opptekne av å stilla kritiske spørsmål til det dei blir bedne om å gjera. Sjølv om dette gjeld på det administrative nivået, så trur eg det også vil påverka forskinga, seier Erlvang.
Mange gir han æra for å ha utvikla bylgjelaboratoriet til Avdeling for mekanikk ved Matematisk institutt til eitt av dei leiande i Norden.
- Det er heilt feil. Det var professor Einar Høiland som skapte bylgjelaboratoriet i 1966.
- Men du stod i alle fall bak moderniseringa av laboratoriet?
- Det er heller ikkje rett. For det var professor John
Grue som var drivkrafta bak den naudsynte moderniseringa
i 1996. Han kom inn som ein yngre mann
med stort pågangsmot, og eg hjelpte han berre med å finna
pengar til prosjektet på instituttbudsjettet. Sidan me hadde
god økonomistyring, var det som regel mogleg å setja av litt
pengar til enkeltprosjekt på instituttet på eiga hand. Det
var ingen ekstern styring frå Sentraladministrasjonen eller
Utdannings- og forskingsdepartementet på den tida, fortel
han.
- Innleia ein gullalder
Erlvang meiner det har hatt mykje å seia for Matematisk institutt.
- Det innleia heilt klart ein gullalder for Avdeling for mekanikk. Og det var den viktigaste grunnen til at avdelinga fekk sitt første strategiske universitetsprogram "General analysis of Realistic Ocean Waves" i 1998-2002 og oppfylgjaren "Modelling of Currents and Waves for Sea Structures" 2002-2006. Det siste programmet gjer avdelinga i samarbeid med miljøa ved Universitetet i Bergen og ved NTNU.
- Denne aktiviteten gjorde oss meir synlege internasjonalt og trekte til seg fleire unge og flinke forskarar frå Frankrike og Storbritannia som blei knytte til gruppa gjennom desse programma, understrekar han.
Då dei ville byggja ut 12. etasje i Matematikkbygningen, brukte han den same strategien. Instituttet løyvde 1 million kroner, men den gongen spytta Sentraladministrasjonen inn dei to millionar kronene som mangla. Utbygginga gav Matematisk institutt ti nye kontor.
Kampen om Observatoriet
Utanfor instituttet er Jan Erlvang kjent som leiar for rådet for Universitetsbiblioteket frå 1994 til han gjekk av i 2000. Men mest uro skapte han truleg under kampen mellom Ibsensenteret og MN-fakultetet om kven som skulle inn i Observatoriet.
- Det var ein temperamentsfull debatt. Eg er nøgd med at det skal bli omgjort til eit museum for naturvitskap i 2007, og det er greitt at Ibsensenteret er der til Ibsenjubileet er over. Men eg er ikkje langsint, så eg er absolutt på talefot med både tidlegare senterleiar Astrid Sæther og Ibsenforskar Vigdis Ystad, understrekar han.
Engasjerte Arild Stubhaug
Jan Erlvang var også mannen som engasjerte forfattaren Arild Stubhaug til å skriva ein biografi om Sophus Lie. Difor er instituttet truleg det einaste i Noreg som har eit eige forfattarkontor.
- Det blei ein fantastisk flott biografi med dei erotiske kjærleiksbreva til ho som seinare blei kona hans som eit høgdepunkt, flirer han. Då han gjekk av med pensjon for fem år sidan, fekk han sjølv tilbod om eit eige pensjonistkontor.
- Eg brukte det i ein månad før eg fann ut at det ikkje var rett. Eg ville ikkje hengja over etterfylgjaren min som ein sjuande far i huset, forklarar han. Difor brukar han tida si heime i familieleiligheten frå 1910 på St. Hanshaugen og til å gå på kunstutstillingar. Og det er Olav Mosebekk som er favoritten.
- Ja, det er ein fantastisk kunstnar som fortener ein større plass i kunsthistoria enn det han har. Problemet var at han nesten berre kunne måla erotiske motiv, ler han.
Logg inn for å kommentere