Fordeler 20 millionar for vitskapleg publisering

Universitetsstyret skal i dag fordela 20 millionar kroner for vitskapleg publisering mellom fakultet, senter og museum. Fordelinga blir gjort med utgangspunkt i den registrerte vitskaplege publiseringa i 2003. I dag skal også styret tilsetja ny forskingsdirektør ved UiO.

Det er hovudsak data som er innlagt i forskingsdokumentasjonsbasen Frida som skal nyttast når dei 20 millionar kronene skal fordelast mellom dei ulike einingane ved UiO. I framtida skal det stillast strengare kvalitetskrav til vitskapleg publisering, men samtidig går Universitetsdirektøren inn for at 100 millionar kroner skal delast ut til dei ulike einingane ut frå dokumenterte forskingsresultat frå 2006.

Styret skal også ta stilling til det vidare arbeidet med å etablera ein norsk node i eit nordisk senter for molekylærmedisin ved UiO. Universitetsdirektøren går inn for at styret tilrår dette. Universitetsstyret skal dessutan vedta eit nytt valreglement for UiO. Dermed blir det gamle valreglementet oppheva.

Den saka det truleg knyter seg mest spenning til, er kven som blir tilsett som ny forskingsdirektør ved UiO. Den som får stillinga vil få ei viktig rolle i målet om å gjera Universitetet i Oslo til eit godt europeisk forskingsuniversitet. Saka blir handsama bak stengde dører.

Planane om å leggja eit nytt anlegg for kjemi og life sciences i Gaustabekkdalen skal også opp på møtet. Styret blir bede om å be rektor setja ned eit eige utval som kan utarbeida ei forskingstrategisk utgreiing om prosjektet. Utgreiinga vil vera utgangspunktet for kva brukarar som skal lokaliserast i senteret. Styret vil truleg be Universitetsdirektøren om å leggja fram ein plan for alternative finansieringsstrategiar for oppføring av dette anlegget. Universitetsdirektøren vil bli beden av styret om å oppretta ei eiga styringsgruppe for prosjektet.

Bak stengde dører vil Universitetstyret drøfta strategisk plan på grunnlag av høyringsrunden. Der blir det også bestemt kven som skal tilsetjast som instituttleiar ved Institutt for musikkvitskap ved HF.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. mai 2005 10:40 - Sist endra 10. des. 2008 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere