Oppsving for orientalske språk

Talet på studentar som studerer asiatiske språk er femdobla sidan 2002. - Det morosame er at interessa ser ut til å vera stabil og ikkje er forbigåande, seier instituttleiar Mette Halskov Hansen .

GLAD: Instituttleiar Mette Halskov Hansen er glad for oppsvinget på orientalske fag.
Foto: Ola Sæther

Medan det fram til 2003 var mellom 10 og 15 studentar som byrja på kinesisk kvart semester, er talet i dag auka til over 80 på begynnarnivå medan mellom 30 og 40 går vidare til andre semester. Den same tendensen viser seg på japansk som også har rundt rekna 80 begynnartudentar.

Aller mest populært av dei asiatiske språkfaga er likevel arabisk, der det byrjar over 100 nye studentar kvart semester. I 1998 var det registrert berre 25 studentar på arabisk grunnfag. Det mest overraskande er likevel at det byrja over 50 studentar på persisk dette studieåret. Det viser tal Uniforum har fått frå Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS).

- Klar tendens

Instituttleiar Mette Halskov Hansen er glad og nøgd med oppsvinget for desse faga.

- Både for kinesisk, japansk og arabisk ser me ein klar tendens sidan byrjinga av dette tiåret. Når det gjeld persisk, er det berre dette studieåret det faget har opplevd slik tilstrøyming av studentar, seier ho. Halskov Hansen meiner det finst to forklaringar på den auka populariteten til desse faga.

- Ein viktig grunn er innføringa av moduliseringa av fag i samband med innføringa av Kvalitetsreforma. Arabisk var tidleg ute med dette, og det gjorde det mogleg å kombinera arabisk med statsvitskap, sosialantropologi eller andre fag frå andre fakultet. Det same gjeld for kinesisk og japansk. Dermed har også studentar som planlegg å ta ein bachelorgrad eller ein master på eit anna fakultet, tatt desse språkfaga som ein del av studiet sitt.

- Ein annan viktig grunn for auken av studentar på arabisk, kan ha å gjera med terroråtaket mot USA 11. september 2001 og den generelle auka interessa for Midtausten. Fleire ynskjer å setja seg inn i arabisk språk, politikk, kultur og tenkjemåte. Dei som studerer persisk, kan til dels vera dei som ikkje kom inn på arabisk, men som er interesserte i å studera forholda i Midtausten, meiner Halskov Hansen. Før innføringa av Kvalitetsreforma måtte studentar på desse faga rekna med å bruka to år i staden for eitt år på eit grunnfag. I dag er faga tilpassa eit normalt studieløp.

Utanlandsopphald

- Dessutan har me i tredje semester lagt inn obligatoriske opphald på fem månader i Kina, Japan og Egypt for alle studentar på desse faga. Lånekassen dekkjer alle utgiftene for den ekstra tida det tar å bli ferdig med desse faga. Det er svært attraktivt for studentane, meiner ho. Mange av dei nye studentane på arabisk og persisk har desse språka som morsmål. Det er derimot ikkje tilfellet på kinesisk og japansk. - Fleirtalet av studentane som held fram med studia, har norsk bakgrunn, fortel Mette Halskov Hansen.

Emneord: Undervisning, Japan, Studentsaker, Kina, Iran, Islam Av Martin Toft
Publisert 13. apr. 2005 15:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere