Kina gav bokgåve til UB

Kinas ambassadør Chen Naiqing overrekte ei stor bokgåve til Universitetsbiblioteket i dag onsdag 6. april. Gåva inneheld både oppslagsverk, grammatikkbøker og klassisk skjønnlitteratur. - Dette vil vera til stor hjelp for både forskarar og studentar på kinesiskfaget, sa instituttleiar Mette Halskov Hansen , då bøkene hadde blitt trygt plasserte i eitt av magasina til UB.

BOKGÅVE: Kinas ambassadør, Chen Naiqing observerer ei av bøkene saman med bibliotektekdirektør Jan- Erik Røed og førstesekretær Sun Wangan.
Foto: Martin Toft

Bokgåva blei formelt overlevert til UiO og universitetsdirektør Hanne Harlem i lokala til Bibliotek for humaniora og samfunnsfag i Georg Sverdrups hus. Både ambassadøren og universitetsdirektøren uttrykte håp om at dette kunne vera eit viktig bidrag i det vidare forskings- og utdanningssamarbeidet mellom Kina og Noreg.

- Eg ser at Universitetsbiblioteket allereie har ei fin samling av bøker både på kinesisk og andre asiatiske språk. Og språk er eit av dei viktigaste verktya for at det skal bli god kommunikasjon mellom folk og land. Eg er stolt over det faktum at to av dei unge diplomatane som det kinesiske utanriksdepartementet for mange år sidan sende til Noreg for å læra seg norsk, i dag er ambassadørar. Den eine var Kinas ambassadør i Noreg til eg overtok for to år sidan, medan den andre er Kinas ambassadør i Sverige, sa ho.

- UiO bygde bru

Kinas ambassadør la også vekt på at Universitetet i Oslo oppretta kinesisk som fag allereie i 1966.

- Det var svært føresjåande og på den måten var de med på å byggja ei viktig bru mellom dei to landa våre. I dag tilbyr dei fleste større universitet i verda kinesisk. Samtidig har også kinesiske universitet satsa stort på å læra kinesiske studentar framande språk, slo ho fast.

Norsk til husbruk

Men sjølv har ho enno ikkje fått lært seg norsk.
- Dei få orda eg har lært, går berre til husbruk. Eg tar dei aldri fram i offisielle samanhengar, understreka ho. Gåva inneheld altså oppslagsverk, grammatikkar og klassisk skjønnlitteratur. Mette Halskov Hansen, som nyleg blei tilsett som instituttleiar for Institutt for kulturstudium og orientalske språk, var svært nøgd med bokgåva.
- Dette vil vera til stor hjelp for både forskarar og studentar på kinesiskfaget, sa ho.

Emneord: Kina, Forskning Av Martin Toft
Publisert 6. apr. 2005 16:07 - Sist endra 10. des. 2008 15:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere