Don Quijote salar av på Blindern

I 400 år har Don Quijote og væpnaren hans, Sancho Panza, ridd rundt i heile verda og gitt oss innblikk i denne parodien på dei spanske riddarromanane. Jubileet blir markert i alle verdsdelar. Fredag 15. april kjem markeringa av Don Quijote til Universitetet i Oslo. Men den nordmannen som veit mest om verdas beste roman, må halda seg heime på grunn av helsa.

ELDSTE I NORDEN: - Denne danske utgåva av Don Quijote frå 1776, er den første som kom ut i Norden, fortel professor Arne Worren.
Foto: Ola Sæther

Det er pensjonert professor i romansk litteratur,Arne Worren, som har gjort den siste omsetjinga av "Don Quijote" til norsk. I 2002 blei verdas beste roman klar i ein moderne norsk versjon på 800 sider takka vera Arne Worren . Dette omsetjingsarbeidet fekk han både Bastian-prisen og Det norske Akademi for sprog og litteraturs store pris for i 2003. No er han i ferd med å leggja siste hand på omsetjinga av ei mindre kjent bok av Miguel de Cervantes, nemleg "Eksemplariske noveller". Difor ligg det bøker og manus over alt i stova hans. Han likar best å stå og fortelja om Don Quijote, men av omsyn til journalisten set han seg ned i godstolen for å fortelja om romanen over alle romanar.

- Ein parodi

Og me vil gjerne vita om Don Quijote var noko meir enn ein riddar som slåst mot vindmøller.

- Denne romanen er først og fremst ein parodi på riddarromanane som var så populære i Spania på den tida då dei to banda av Don Quijote kom ut i 1605 og 1615. Bakgrunnen for den enorme populariteten til riddarromanane, som stort sett handla om slagsmål og drap, var at det gamle adelsvesenet med til dømes ein hertug som disponerte over 800 mann med lanser, sverd og pil og boge, var i ferd med å gi tapt for eit moderne militærvesen med kanoner og andre eldvåpen.

- Dermed kunne ikkje lenger ein hertug forhandla med ein konge om at han kan overta to byar, mot at mennene hans kjempar for kongen i ein krig. Alt som er i ferd med å døy bort, blir brått svært nostalgisk og førte til at riddarromanane blei umåteleg populære i ein 50 år lang periode.

- Fantasi blir røyndom

- Men på kva måte kjem forfattaren Miguel de Cervantes og romanen hans, Don Quijote inn i dette biletet?

- Don Quijote er ein fattig adelsmann som berre har råd til å ha ein fattig bondesøn, Sancho Panza, som væpnaren sin. Han har eit bibliotek fullt av riddarromanar og les gjennom dei dag og natt. Sakte, men sikkert tørkar vitet hans ut og han blir gal. Han klarer ikkje å skilja fantasi frå røyndom.

- Brått trur han sjølv at han er ein helt i ein riddarroman. Han slår i hel ein heil saueflokk og hevdar sjølv at han har drepe mange tusen av kongen sine soldatar. Dei som er rundt han, spelar med, gjer narr av han og får han til å tru på si eiga historie. Forfattaren Miguel de Cervantes skreiv romanen med blikket retta mot korleis han skreiv boka og ikkje retta mot handlinga.

- Misunneleg

- Korleis blei romanen mottatt av samtida?

- Den blei svært populær i Spania. Faktisk så populær at ein annan berømt spansk forfattar, Lope de Vega, blei så misunneleg at han fekk ein kollega, med psevdonymet Avellaneda til å gi ut ein oppfylgjar før Miguel de Cervantes sjølv hadde fullført band to. Det tok han ille opp, men det som han tok seg mest nær av var at denne ukjende forfattaren hadde kalla 50-åringen Miguel de Cervantes for gammal.

- I løpet av fire år var Don Quijote omsett til både fransk, engelsk og italiensk. Gustave Flauberts roman "Madame Bovary" er direkte inspirert av Don Quijote. Den kvinnelege hovudpersonen i den romanen forles seg på kjærleiksromanar på grunn av eit ulukkeleg ekteskap og klarer heller ikkje å skilja mellom fantasi og røyndom.

- Vittig

- Kva er det som gjer Don Quijote unik?

- Det er ikkje minst bruken av språket. Negative uttrykk kan bli brukte i ei positiv meining. Eit kraftuttrykk som "fy fan" er vanlegvis negativt lada. Dersom du seier "Fy fan, den vinen var god", så har du vendt det negative uttrykket til noko positivt. Don Quijote er full av slik vittige setningar og samansetjingar. Difor meinte mange at denne romanen var vittig, men ikkje seriøs.

- For å forsvara seg sette Miguel de Cervantes seg føre å visa kritikarane at han kunne skriva forskjellige litterære sjangrar. I boka "Novelas ejemplares" skreiv han ei samling med små historier som både kunne kallast fornøyelege og moralske. Den boka var ein kritikk av den katolske presteskapen som gjerne ville forby bøker som ikkje kunne kallast for oppbyggjelege. Han blei så oppteken av dette at oppfylgingsboka av "Don Quijote" blei forsinka.

- Tiltaleformene vanskelege

- Kva var den største utfordringa under arbeidet med omsetjinga?

- Det var dei forskjellige tiltaleformene som skal visa om personane tilhøyrer ein høgare eller lågare sosial klasse. I Norge har desse tiltaleformene og det høgtidelege språket vore svært lite brukte med unntak av enkelte miljø i byane Oslo, Bergen og Trondheim. I nynorsk finst dei så og seia ikkje. Riksmålet er det einaste målforma som har tatt vare på desse tiltaleformene i ein slik grad at det går an å finna ut kva sosial klasse ein person tilhøyrer berre ved bruk av språket.

- Difor har eg brukt uttrykk som "Min herre, Deres nåde og parodien Deres oppblåsthet. Dersom eg hadde omsett ei av setningane direkte til norsk, ville det ha blitt "Å for en god og katolsk vin". Det ville ikkje ha høyrt noko særleg bra ut på norsk, så difor omsette eg den til "Å for en god og kristelig vin". Det gir litt meir meining for ein norsk lesar, trur Worren.

- Inspirerte Ludvig Holberg

Mange meiner at Ludvig Holberg var inspirert av "Don Quijote."

- Det stemmer. Ikkje minst i helteeposet "Peder Paars" er han påverka av Miguel de Cervantes´ rollefigurar. Der er Peder Paars parallellen til Don Quijote medan hjelparen hans, Ruus, spelar den same rolla som Sancho Panza. På same måte som Cervantes, gjer også Holberg språket meir fleksibelt.

- Og den kvinna som omsette romanen til dansk i 1776 med hjelp frå den spanske ambassadøren, Charlotte Dorthea Biehl, brukte både Ludvig Holbergs gatespråk frå København og den høgtidelege stilen hans i delar av Don Quijote.

Fekk svar på bar

- Stod du nokon gong fast under arbeidet med omsetjinga?

- Jo, det har hendt. Av den grunn skreiv eg ned uforståelege ord og uttrykk på ei eiga liste. Denne lista tok eg med meg til ein bar i Barcelona der ein professorvenn ein gong i veka møter studentane sine. Der fekk eg alltid svar på kva tyding desse orda hadde på 1600-talet.

- Er du einig i at det ikkje er heilt lett å koma gjennom dei to banda av Don Quijote?

- Sonen min las ut "Don Quijote" for seks månader sidan. "Det andre bandet var best," sa han spontant til meg etterpå. Og det er klart at ein lesar må kjenna litt til spansk kultur og litteratur på 1600-talet for å få fullt utbyte av alle fotnotane i det første bandet.

Fakta om Don Quijote:

- spansk roman gitt ut av Miguel de Cervantes (1547 - 1616) i 1605 og 1615
- rekna som verdas beste roman
- begge banda kom for første gong på norsk i 1916 og i 1918
- omsett til norsk av Arne Worren siste gong i 2002

Markering ved UiO fredag 15. april

11.00:
Spanias ambassadør opnar 400-årsjubileet for Don Quijote i Aud. 2 i Georg Sverdrups hus, Blindern

13.30:
Spansk barokk-konsert i foajéen

14.15:
Bokutstilling i Galleri Sverdrup

Emneord: Fakultetene, Internasjonalisering, Litteratur (skjønn-) og forfattere Av Martin Toft
Publisert 11. apr. 2005 15:47 - Sist endra 10. des. 2008 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere