Wallström: - EU er eit fredsprosjekt

- EU er eit fredsprosjekt som skal gjera krig mellom europeiske land umogleg. Det sa visepresident for EU-kommisjonen, Margot Wallström då ho heldt årets Arena-forelesing fredag 18. mars.

KRIG UMOGLEG: - Det er dette EU handlar om: Å gjera land så innbyrdes avhengige at dei ikkje ville kunna gå til krig mot kvarandre, sa Margot Wallström.
Foto: Ståle Skogstad

- Dersom du er avhengig av å handla med nokon, vil du ikkje skyta kunden din ned. Det er dette EU handlar om: Å gjera land så innbyrdes avhengige at dei ikkje ville kunna gå til krig mot kvarandre, sa Margot Wallström under årets Arena-forelesing i Eilert Sundts hus på Blindern sist fredag. Ho viste til kor likt landskapet i Flandern i Belgia er landskapet i Västerbotten i Sverige der hennar familie kjem frå.

- Det einaste unntaket er alle krigskyrkjegardane i Flandern. Det er eit synleg minne folk i denne delen av Europa ynskjer å ta lærdom av. Difor er også EU eit fredsprosjekt. Eit viktig teikn på det, er at dagens europeiske ungdom ser det som heilt umogleg at det nokon gong skal koma ein ny europeisk storkrig, sa ho til ei forsamling som bestod av 90 prosent studentar.

- Vanskeleg for Noreg

Samtidig uttrykte ho ei viss forståing for at Noreg enno ikkje er blitt med i EU.

- Det er opplagt at det ikkje er så lett å få Noreg med i ein ny union hundre år etter at det gjekk ut av den førre unionen, konstaterte ho med eit smil. Då såg ho lysare på utsiktene til at Tyrkia kunne bli nytt medlemsland.

- No er det ein viss motstand mot at Tyrkia skal bli medlem. Men akkurat dei same argumenta blei tidlegare brukt mot at Spania, Portugal og Hellas skulle bli EU-medlemar. Heller ikkje den gongen gjekk dei verste spådomane om kva som kunne skje, i oppfylling. Søreuropearane overstrøymde ikkje dei andre EU-landa på jakt etter arbeid. Det kjem heller ikkje til å skje om Tyrkia blir EU-medlem. Dessutan er landet sakte, men sikkert i ferd med å utvikla seg til ein sekulær stat som respekterer menneskerettane, slo ho fast.

Forsvarte EU-konstitusjonen

Wallstrøm vedgjekk at EU ikkje er spesielt sexy.
- Likevel veit me kva EU-borgarane vil at EU skal brukast til. Først kjem kampen mot arbeidsløysa, deretter å skapa tryggleik for alle innbyggjarane sine, og på tredjeplass kampen for livskvalitet og sosial tryggleik, understreka ho. Wallström forsvarte også det omstridde forslaget til ny EU-konstitusjon.

- Det vil gjera det lettare å vita kven som skal ta avgjerder og korleis dei skal gjennomførast. Dessutan blir det innført eit europeisk statsborgarskap i tillegg til det nasjonale, trekte ho fram.

- Når storindustrien kan flytta arbeidsplassar frå eit land til eit anna over natta, må demokratiet fylgja med og tilpasse seg den røyndomen, meinte ho.

Satsar på forsking

EU har nettopp gått inn for å gjera medlemslanda verdsleiande på kunnskapsutvikling og forsking. Difor har EU akkurat som den norske regjeringa ei målsetjing om å bruka tre prosent av det samla bruttonasjonalproduktet sitt på forsking og utvikling innan 2010. Uniforum spurte Margot Wallström om ho rekna dette målet som realistisk.

- Det er naudsynt dersom EU skal bli den mest framgangsrike del av verda og få ny vekst i investeringane i heile unionen. Sverige har jo allereie klart dette målet. EU har ingen tvangsmetodar for å få det til, men heile EU-kommisjonen satsar på at me skal oppnå det målet, svarte ho.

Emneord: Internasjonalisering, EU Av Martin Toft
Publisert 21. mars 2005 11:09 - Sist endra 10. des. 2008 16:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere