UiO langt bak i biomedisin

Universitetet i Oslo er ikkje blant dei 100 beste biomedisinske forskingsmiljøa. Det går fram av ei rangering publisert i den britiske avisa The Times denne månaden. - Ikkje uventa, meiner rektor Arild Underdal .

IKKJE OVERRASKA: - Det er ikkje uventa at UiO ikkje kjem blant dei 100 beste biomedisinske forskingsmiljøa i verda, synest rektor Arild Underdal.
Foto: Ola Sæther

Det er nok ein gong Harvard-universitetet i USA som innkasserer førsteplassen på lista som The Times Higher Education Supplement publiserte i førre veke. Det får 200 poeng med eit gjennomsnitt på 32,2 siteringar for kvar vitskaplege artikkel som blei publisert ved det amerikanske eliteuniversitetet. Deretter fylgjer dei tre britiske universiteta, Cambridge, Oxford og Imperial College London. På femte og sjetteplass kjem dei to amerikanske lærestadane Stanford University og Johns Hopkins University.

Best i Norden

På sjuandeplass kjem Karolinska institutet i Stockholm, som er den einaste forskingsinstitusjonen utanfor den engelsktalande verda blant dei ti beste. Det gir Karolinska institutet ein klar førsteplass i Norden med ein poengsum på 112,18 og med eit gjennomsnitt på 16.9 siteringar for kvar vitskaplege artikkel.

På 29. plass fylgjer Helsinki universitet medan Aarhus Universitet kjem på 58. plass på denne lista. Göteborgs universitet og Lunds universitet kjem så vidt blant dei 100 beste med ein delt 96. plass. Universitetet i Oslo er altså ikkje inn på denne lista medan universitet frå Kina, Hong Kong, Thailand og Singapore plasserer seg høgt oppe.

- Ikkje uventa

Rektor Arild Underdal synest likevel ikkje det er overraskande.

- Det er ikkje uventa at UiO ikkje kjem blant dei 100 beste biomedisinske forskingsmiljøa i verda. Nasjonale evalueringar har vist at det ikkje er investert mindre i biomedisinsk forsking i Noreg i høve til mange andre land og at nivået er ujamnt, viser han til. Universitetsrektoren ser likevel ikkje heilt mørkt på tilstanden til det biomedisinske forskingsmiljøet.

- UiO har forskargrupper i biomedisin som ligg langt framme internasjonalt, medan andre ikkje blir lagt merke til utanfor Noreg. Sjølvsagt ville eg gjerne hatt UiO med på lista over dei 100 beste universiteta i biomedisin. Det medisinske fakultetet og fagmiljøa brukar no dei nasjonale fagevalueringane for å finna ut korleis me kan styrkja denne forskinga, opplyser han til Uniforum.

Han viser til at rangeringa i The Times Higher Education Supplement er basert på fagfellevurdering og på kor mange siteringar ein vitskapleg artikkel får i gjennomsnitt, i motsetning til Shanghai-undersøkinga som tok utgangspunkt i talet på mellom anna nobelprisar og talet på forskarar på listene over dei mest siterte i verda på ulike fagfelt.

- Me kan difor seia at UiO gjer det bra på toppforskinga, men dårlegare på breiddeforskinga, konstaterer han.

Emneord: Bioteknologi, Medisin, Forskning Av Martin Toft
Publisert 30. mars 2005 10:07 - Sist endra 10. des. 2008 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere