Geir Ellingsrud vil bli rektor

Matematikkprofessor Geir Ellingsrud melder seg no på i kampen om å overta rektorvervet etter Arild Underdal. - Eg vil gjerne vera med og staka ut UiOs framtidige kurs, seier han til Uniforum.

VIL STYRA UiO: Matematikkprofessor Geir Ellingsrud melder seg på i kappløpet om å bli ny rektor.
Foto: Ola Sæther

Geir Ellingsrud er den fjerde personen som erklærer seg som rektorkandidat. Frå før har både psykologiprofessor Fanny Duckert og medisinprofessorane Stein A. Evensen og Lars Walløe gjort det klart av dei vil delta kappløpet om å bli valt til UiOs neste rektor. Ellingsrud er i dag leiar for Forskarforbundet ved UiO, og han har også vore sentral i arbeidet i nettverket Vox Academica.

- Det er engasjementet mitt for UiOs framtid i Vox Academica som har fått meg til å seia ja til å stilla opp som rektorkandidat. Årets rektorval blir eit universitetspolitisk val og truleg det viktigaste valet på mange år. Difor ynskjer eg å vera med på å styra utviklinga av UiO i den retninga som eg meiner er den rette, seier Ellingsrud.

- Du er leiar i Forskarforbundet ved UiO. Trur du ikkje det vervet vil hindra at folk som er medlemar i andre fagforeiningar let vera å stemma på deg?

- Det vervet er eg no i ferd med å trekkja meg ut av. Men eg trur ikkje at engasjementet mitt som fagforeiningsleiar vil føra til at folk som tilhøyrer andre organisasjonar let vera å stemma på meg av den grunn, slår han fast.

- Kven blir prorektorkandidat?

- Eg er i kontakt med fleire. Men kven det blir, blir klart samtidig med kunngjeringa av valprogrammet.

- Tre personar kunngjorde før helga at dei stiller opp i rektorvalet. Kva synest du om desse kandidatane?

- Det spørsmålet kan eg naturleg nok ikkje svara på, men eg ser fram til valkampen.

- Kva synest du om den nyleg vedtatte lova om universitet og høgskular?

- Eg er sjølvsagt nøgd med at hovudregelen er at rektor både skal kunna veljast og vera styreleiar.

Får støtte frå Henning Jakhelln

Ein av dei viktigaste støttespelarane til Geir Ellingsrud , er jussprofessor Henning Jakhelln som var ein av initiativtakarane til danninga av det nasjonale forskarnettverket Vox Academica.

- Eg er veldig glad for at Geir stiller og stiller meg hundre prosent bak kandidaturet hans. Han er ein fin fyr, seier Jakhelln. Han kan ikkje seia at alle personane bak Vox Academica står bak forslaget på Geir Ellingsrud. - Han er ein sentral person i Vox Academica, og står sjølvsagt fullt ut på Vox Academicas linje. Eg reknar med at mange av oss vil gi han vår støtte, seier jussprofessoren, som ikkje vil kallast valkampgeneral, men som tilhøyrer dei som ynskjer at matematikkprofessoren skal veljast til rektor. Førebels er det altså ikkje lansert nokon prorektorkandidat. ­

- Kven det blir skal kunngjerast saman med valprogrammet andre veka etter påske, seier Jakhelln.

Emneord: Rektorvalet 2005, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. mars 2005 13:14 - Sist endret 10. des. 2008 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere