Frå harm til jåttut

Norsk Ordbok lanserte i går det femte bandet, berre to år etter at det fjerde bandet blei publisert. Det femte bandet gir forklaringar på alle ord frå harm til jåttut .

JULEGRIS: Ordbokredaktør Tor Erik Jenstad held foredrag om dei ulike tydingane av ordet "julegris".
Foto: Ola Sæther

Eit musikkverk spesialkomponert og framført av Mathilde Groos Viddal, krydra med opplesing frå Norsk Ordbok og opptak av dialektar frå heile landet, markerte lanseringa av det femte bandet til prosjektet Norsk Ordbok 2014. Komposisjonen hadde tittelen "Norsk Ordbok, band 5".

Kjartan Fløgstad opna gildet med ein spesialskriven prolog med sjonglering av kjente og mindre kjente ord og med ein hyllest til norske ordbokredaktørar. Som resten av dei litterære tekstane til Fløgstad, vil også denne prologen bli å finna i det elektroniske tekstkorpuset til Norsk Ordbok. Grunnstamma er likevel eit setelarkiv på 3,2 millionar setlar.

Medan ordbokredaksjonen ved Universitetet i Oslo har tatt seg av orda som byrjar med bokstaven h, har redaksjonen ved NTNU konsentrert seg om alle orda på j i det femte bandet.

Nestleiar i Stortingets kulturkomite, Trond Giske (Ap) helsa frå Stortinget. Han klarte ikkje lata vera å kommentera det faktum at det tidlegare gjekk mange år mellom kvar utgjeving i Norsk Ordbok.

- Enden er nær

- I byrjinga var ordet, men enden var ikkje å sjå, passa det å seia om prosjektet tidlegare. Medan det tok 35 år frå prosjektet kom i gang til det første bandet kom ut, går det no mykje fortare. Difor er det ei glede for meg å seia at enden no er nær, slo han fast. Han peika på at det ikkje var tilfeldig at Prosjekt Norsk Ordbok 2014 er eit av fire språkprosjekt Stortinget satsar på fram til grunnlovsjubileet i 2014.

- Det har ei viktig rolle i å forstå vår eiga historie og vår eigen kultur. I Norsk Ordbok finn du både munnlege ord på dialekt i tillegg til dei skriftelege. Mange ord har vandra rundt i lang tid før dei blei "bevingede" og sperra inne i Norsk Ordbok. Når nokon foreslår at nynorsk skal bli valfritt i kunnskapens namn, er det viktig med eit slikt prosjekt. Det er berre me som kan ta ansvaret for det norske språket, understreka Giske.

- Møtestad

Seinare helsa prodekan for forsking, Trine Syvertsen frå HF.

- Dette er både eit viktig nybrotts- og forskingsprosjekt. Dessutan er Norsk Ordbok blitt ein møtestad mellom folk frå mange av dei 80 faga ved fakultetet vårt. Både språkforskarar, historikarar og litteraturforskarar vil få nytte av det arbeidet som er gjort. Dessutan er prosjektet eit godt døme på metodeutvikling: frå individualistisk metodetradisjon til dagens forskarfellesskap, peika ho på.

Tolv band

Planen er at heile bokverket på 12 band skal vera klart til grunnlovsjubileet i 2014. Neste boklansering blir i 2007. Det året vil både band VI og band VII koma ut. I 2011 vil det koma ut heile tre band, medan dei to siste banda vil vera ferdige i 2014. Lars S. Vikør er hovudredaktør medan Kristin Bakken er prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014. Det Norske Samlaget er utgjevar, medan Kulturdepartementet, UiO og NTNU finansierer forskingsprosjektet.

Emneord: Forskning, Nynorsk Av Martin Toft
Publisert 4. mars 2005 15:29 - Sist endra 10. des. 2008 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere