Første doktoravhandling direkte på nett

For første gong er ei fersk doktoravhandling tilgjengeleg på Universitetsbibliotekets digitale utgjevingar (DUO). Det er Anne-Beate Solås frå Det medisinske fakultetet som har forfatta denne doktoravhandlinga.

PÅ NETT: - Eg synest det var ein grei måte å få publisert doktoravhandlinga mi på, seier Anne-Beate Solås, som er den første doktorkandidaten ved UiO som legg ut ei nyskriven avhandling på nett.
Foto: Ståle Skogstad

Etter at alle fakulteta har kome i gang med arbeidet med å leggja alle hovudoppgåver og masteroppgåver i elektronisk versjon på DUO (digitale utgjevingar ved UiO), er no turen komen til doktoravhandlingar. Først ute er altså Det medisinske fakultetet som har publisert ein elektronisk versjon av Anne-Beate Solås' doktoravhandling i DUO. Det ligg også andre doktoravhandlingar på DUO, men dei er lagde ut lenge etter at kandidatane disputerte.

- Eg synest det var ein grei måte å få publisert doktoravhandlinga mi på. Difor hadde eg heller ingen innvendingar mot det, seier Solås til Uniforum. Det blei likevel litt meir problematisk enn ho hadde tenkt seg.

- Ja, det var svært få institutt som hadde lisens på eit program som kunne overføra mine datafilar til PDF-format. Til slutt fekk eg heldigvis god hjelp av ein kollega. Dette må det gjerast noko med før andre legg sine doktoravhandlingar ut på nett, meiner ho.

- Legg ut alle doktoravhandlingar

Bibliotekdirektør Jan-Erik Røed er svært nøgd med at den første nyskrivne doktoravhandlinga no er tilgjengeleg for alle på nettet før kandidaten skal disputera.

- Me håpar at alle fakultet no vil koma i gang med arbeidet med å leggja alle nye doktoravhandlingar inn i denne databasen. Sidan Det medisinske fakultetet allereie har lagt den første doktoravhandlinga inn i basen, er ein barriere broten, og dei andre fakulteta kan fylgja etter, seier Røed. Det viktigaste er at fakulteta klarer å ordna alt som har å gjera med opphavsretten.

- Forfattaren av ei avhandling sit med denne retten til evig tid. Difor er det viktig at fakulteta får samtykke frå dei ferdige doktorane før dei legg ut dei elektroniske versjonane av avhandlingane på dette nettbiblioteket. Desse avhandlingane vil på same måte som før også bli registrert i BIBSYS-systemet. Skilnaden er at dei no vil vera tilgjengelege via Internett, understrekar Røed.

- Obligatorisk med nettversjon

Til no er det lagt inn 1400 hovud- og masteroppgåver i DUO. Men Universitetsbiblioteket siktar mykje lenger enn det.

- I løpet av 2006 skal det bli obligatorisk for alle masterstudentar å levera inn oppgåvene sine i elektronisk form. Det blir no jobba hardt ved institutta for å få dette på plass, understrekar Røed. Universitetsbiblioteket fekk øyremerkt 650 000 kroner på 2004-budsjettet for å kjøpa inn redigeringsverktyet og datautstyret som var naudsynt for å få dette til.

- Føresetnaden for at dette skal gå, er at institutta gir opplæring til studentane slik at dei berre kan senda dei elektroniske versjonane av masteroppgåvene sine til oss, slår han fast.

- Sparer arbeidstid

Når dette byrjar å gå på skinner, vil eit anna viktig mål for biblioteket også vera nådd.

- Då vil me spara masse arbeidstid for dei tilsette ved UB. Det er nemleg hovud- og masteroppgåver det blir spurt mest etter. Dermed fører den elektroniske publiseringa til ei stor effektivisering av tidsbruken til dei tilsette, peikar Røed på.

Han viser til at det er takka vera samarbeidet med Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) at det har lete seg gjera å realisera eit system for nettbasert publisering, innlevering, attfinning og arkivering av UiOs elektroniske vitskaplege publikasjonar. Universitetsbiblioteket i Oslo er systemeigar.

- I dag må alle vitskaplege tilsette rapportera alle vitskaplege dokument til universiteta sitt system for forskingsdokumentasjon (FRIDA). Kva skal de gjera for å hindra dobbeltarbeid?

- FRIDA kjem til å bli utvida slik at innlevering av vitskaplege elektroniske dokument kan skje via FRIDA med automatisk overføring til DUO. I dag kan dei tilsette berre innlevera direkte til DUO. Dessutan vil me oppmoda alle som publiserer artiklar på eit forlag om å inngå ein avtale med forlaget som også gir dei rett til elektronisk publisering av dokumentet i denne databasen, seier bibliotekdirektøren, som trur det blir mogleg å oppnå store ting på den måten.

- Målet er nemleg å dekkja heile spekteret av vitskapleg publisering som blir utført ved UiO. DUO er fritt tilgjengeleg på nettet og støttar den internasjonale standarden Open Archives Initiative. På den måten blir det lettare å gjera forskingsresultat frå UiO tilgjengelege for forskarar i andre land, konstaterer Røed.

Han viser til at Universitets- og høgskulerådet nyleg har sendt ut eit brev der dei oppfordrar alle utdanningsinstitusjonane i Noreg til å gjera alle forskingsresultat og avhandlingar fritt tilgjengelege via Internett. I brevet understrekar rådet at vitskapleg tilsette har ei plikt til å parallellpublisera arbeida sine i publiseringsarkivet til institusjonen eller via andre løysingar for "open access" der det finst slike alternativ og forfattaravtalar ikkje er til hinder for det.

- Akkurat no er det viktig å få gjort alle doktoravhandlingar tilgjengelege på nett, meiner bibliotekdirektøren.

Emneord: Forskningsformidling, Forskning Av Martin Toft
Publisert 7. mars 2005 14:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere