Avdramatiserer Unirand-utviding

- Det er ingen grunn til uro for tilsette som fryktar at arbeidsplassen deira skal leggjast inn under Unirand AS utan varsel, forsikrar assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien .

AVDRAMATISERER: - Tidsplanen er altfor ambisiøs. Me vil ikkje gå så fort fram. Kvar einskild aktivitet må drøftast særskilt, seier assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien.
Foto: Ola Sæther

Det var 3. februar i år Uniforum kunne fortelja at ei arbeidsgruppe som var sett ned av Universitetsdirektøren, tilrådde at fem einingar ved UiO skulle leggjast inn under Unirand AS i løpet av 2005. I tillegg meinte gruppa at det burde greiast ut om ti andre einingar skulle få ein ny organisasjonsmodell.

Innanfor dei sistnemnde einingane var blant andre Norsk senter for menneskerettar. Nasjonalt kompetansenettverk for autisme ved Institutt for spesialpedagogikk, Universiteta sine registreringssentralar (UNIREG) og Mikrobiologisk Diagnostisk Service ved Det odontologiske fakultetet, var blant dei einingane arbeidsgruppa meinte burde leggjast inn under Unirand AS allereie frå 1. juli i år.

Før året var omme burde også Forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanninga (ITU) ved UV-fakultetet og Laboratorium for ferskvassøkologi og innlandsfiske ved Naturhistorisk museum ha gjort det same, meinte arbeidsgruppa.

- For ambisiøs

No ynskjer assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien å avdramatisera konklusjonane i utgreiinga om korleis aktivitetar som ikkje inngår i UiOs kjerneaktivitetar skal organiserast.

- Tidsplanen er altfor ambisiøs. Me vil ikkje gå så fort fram. Kvar einskild aktivitet må drøftast særskilt. Det kjem difor ikkje til å skje noko med organiseringa av dei omtalte einingane før alle dei tilsette er blitt varsla og før fagforeiningane har vore med på dei vidare drøftingane, garanterer Lien. - Det vil seia at dette ikkje blir sett i verk før til hausten eller i 2006. Alt skal skje i ordna former, lovar ho. Det skal også avklarast nærmare om forslaga til arbeidsgruppa er i samsvar med intensjonane til Unirand AS.

- Nøgde

- Eg trur nok både Nasjonalt ressurssenter om vald og traumatisk stress og Åtferdssenteret er nøgde med å vera knytte til Unirand AS. Det har gitt dei ei heilt anna plattform for å staka ut den vidare kursen sin på enn det dei hadde tidlegare. Begge desse selskapa har gjennomført denne nyorganiseringa på ein fin måte, synest Lien, som også var styreleiar for Unirand AS, så lenge ho var konstituert universitetsdirektør. Det vil seia fram til byrjinga av denne veka, då Hanne Harlem kom tilbake etter å ha hatt svangerskapspermisjon sidan i sommar. Dermed overtar ho også automatisk styreleiarvervet i randsoneselskapet til UiO.

- Klokt å ta med fagforeiningane

- Det er altså ingen grunn til at folk skal vera urolege no. For dette skal bli ein ryddig prosess der alle skal bli høyrde før noko skjer. Fagforeiningane har bede om å få delta i den vidare prosessen. Det er det opp til universitetsdirektør Hanne Harlem å avgjera, men eg trur det vil vera klokt å lata dei bli med på det, synest ho.

Stray Lien viser til at Utdannings- og forskingsdepartementet ofte ynskjer å leggja forskingseiningar under UiO for å gi forskarane nærleik til eit etablert forskingsmiljø.

- Det som skil desse einingane frå kjerneverksemda til UiO, er at det som regel ikkje er knytt noko undervisning til desse forskingsmiljøa og at dei ofte har nasjonale oppgåver. Difor spelar dei ei anna rolle enn dei aktivitetane som oppfyller alle UiOs primæroppgåver, altså forsking, undervisning og formidling. Det er naudsynt med ei viss økonomisk utskiljing av oppgåver som ikkje tilhøyrer kjerneverksemda vår, slår ho fast.

Førebels kan ho ikkje seia noko konkret om når det blir klart kva einingar som skal leggjast inn under Unirand AS.

- Det blir ikkje klart før det vidare arbeidet er avslutta, konstaterer ho.

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Sentrene Av Martin Toft
Publisert 15. mars 2005 14:54 - Sist endra 10. des. 2008 14:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere