Straumbrot kan ha skadd utstyr for millionar

Eit 20 minuttar langt straumbrot i Domus Odontologica natt til i dag, kan ha øydelagt to elektronmikroskop til 10 millionar kroner. - UPS-systemet som skal koplast inn i tilfelle straumbrot, virka heller ikkje, fortel Edvard Berger Messelt som er leiar for Institutt for oralbiologi

MILLIONSKADER: Elektronmikroskopa til Institutt for oral biologi kan ha blitt skadde i eit straumbrot i natt.
Foto: Ola Sæther

Det er Rikshospitalet som er ansvarleg for straumforsyninga til odontologibygningen Domus Odontologica på Gaustad. Dei to elektronmikroskopa til Det medisinske fakultetet får straumforsyninga si frå Universitetet i Oslo og blei ikkje råka av straumbrotet i natt.

- Det viser at me ikkje kan stola på straumleverandøren vår. Førebels viser undersøkingane våre at ein elektrode på eit av elektronmikroskopa er gått sund. Om det andre elektronmikroskopet også er øydelagt, vil me først finna ut etter helga, forklarar Messelt. Han viser til at årsaka til dette er den lange nedpumpingstida for desse mikroskopa. Først når dei er pumpa heilt ned, er det mogleg å oppdaga moglege feil.

- Dette er mikroskop som forstørrar opptil 500 000 gonger, så difor er det eit sårbart utstyr, som det også vil ta tid å undersøkja nøye, presiserer han. Han er sint og irritert over at heller ikkje UPS-systemet som skulle ha kopla seg inn, ikkje gjorde det denne gongen.

- Det må gå an å venta av ein profesjonell straumleverandør at det er testa ut på førehand at dette fungerer, seier han.

Avviser problem med UPS-systemet

Overingeniør Arne Nilsen ved Teknisk seksjon på Rikshospitalet stadfestar at det var eit lite straumbrot i samband med testen av reserveaggregata på sjukehuset i dag tidleg.

- Dette er ein del av den faste testen som me kjører kvar einaste torsdag og som me varslar om på nettsidene til Rikshospitalet. Denne gongen blei det avdekka ein feil, så difor vil me ha ein ny test klokka 19.00 i kveld, understrekar han. Nilsen avviser at UPS-systemet ikkje fungerer.

- Me har testa det mange gonger, og det fungerer heilt fint. Spørsmålet er om dei ansvarlege for elektronmikroskopa ved Institutt for oralbiologi har kopla den elektriske kabelen til UPS-stikkontakten. Viss dei ikkje har gjort det, vil ikkje reserveaggregatet kopla seg inn ved straumbrot, seier han.
- Ingen av dei to elektronmikroskopa ved Rikshospitalet blei skadde under straumbrotet, legg Nilsen til overfor Uniforum.

- Rikshospitalets ansvar

Avdelingsingeniør Steinar Ørbech Stølen insisterer på at Rikshospitalet har ansvaret for at dei to elektronmikroskopa slutta å fungera.

- Det er pumpeanlegget som er knytt til elektronmikroskopa som blei slått ut under straumbrotet. Denne pumpa var ikkje kopla til UPS-systemet, og det er Rikshospitalet som har tatt på seg ansvaret for å passa på dette. I det interne kjølerommet sit det ein kompressor som held temperaturen på kjølevatnet nede. Rikshospitalet har oppdraget med å levera kjølevatn til denne kompressoren, og det har svikta mange gonger. Men har ikkje funne ut kvifor dette skjer før i dag, konstaterer han. Og det er altså ikkje første gong det har svikta.

- Det same kjølevatnet som er knytt til kompressoren, leverer også kjølevatn til luftkjøling. To somrar på rad har me under spesielle vêrforhold opplevd å få så mykje kondensvatn frå taket at me har måtta slått av heile luftavkjølingssystemet. Kondensvatnet har nemleg dryppa ned på dyrt og sårbart utstyr. Difor har me måtta slått av heile luftkjølingssystemet til biletbehandlingsrommet, til to mikroskoprom, elektronmikroskoprommet og mikroradiografirommet av frykt for skader på svært avansert elektronisk utstyr, fortel Stølen.

Emneord: Forskning, Odontologi Av Martin Toft
Publisert 2. des. 2004 15:12 - Sist endra 10. des. 2008 15:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere