Redaktøren som skapte overskrifter

- Eg skal vera minst like kritisk overfor Studentparlamentet som tidlegare redaktørar i Universitas. Det lovar den nytilsette redaktøren i Universitas, Vegard Kristiansen Kvaale .

SKAMMELEG FEIL: - Om nokon trur at dei vil få ei mindre kritisk avis med meg som redaktør, så vil dei ta skammeleg feil, lovar nytilsett Universitas-redaktør Vegard Kristiansen Kvaale.
Foto: Ola Sæther

23 år gamle Vegard Kristiansen Kvaale er mannen som fekk redaksjonsklubben i Universitas til å sjå raudt og skjella ut både styret for Universitas og Studentparlamentet. Etter at avisstyret hadde tilsett Kvaale som redaktør med styreleiar Vegard Kjesbus utslagsgjevande dobbeltstemme, meinte klubben at det var Studentparlamentet som stod bak. "Dette er eit nytt forsøk på å knebla avisa", sa nyhenderedaktør Anne B. Viken til Uniforum etter at styret ikkje fylgde rådet til klubben om å tilsetja Dag Stian Husby som redaktør.

Bråket førte til at Universitas-styret blei kalla saman igjen torsdag 2. desember for å avgjera om dei skulle opna tilsetjingssaka på nytt. Med fem mot to stemmer blei det vedtatt at tilsetjingssaka ikkje skulle opp på nytt, sidan det formelt sett ikkje hadde skjedd nokon feil, opplyser styreleiar Vegard Kjesbu til Uniforum. Dermed sit Vegard Kristiansen Kvaale trygt i stillinga som Universitas-redaktør.

Ynskte jobben

- Eg søkte stillinga fordi eg hadde lyst på denne jobben. Men eg hadde aldri rekna med at tilsetjinga av meg skulle føra til at eg blei midtpunktet i ein konflikt mellom Universitas og Studentparlamentet, seier han til Uniforum. Kvaale har dei siste to åra jobba som vikar i innanriksredaksjonen til NTB. Tidlegare har han vore redaktør for ei leiravis i Forsvaret og nyhenderedaktør i studentmagasinet Tiger på Høgskulen i Oslo. Der var han student på Journalistutdanninga. For tida er han registrert som student i statsvitskap ved UiO.

Møter klubben

I morgon skal han for første gong møta redaksjonsklubben i Universitas. Og det gruar han seg eigentleg ikkje til.

- Nei, eg kan lova dei at eg vil vidareføra dagens redaksjonelle linje med journalistikk som engasjerer og provoserer. Alt som har med studiekvardagen å gjera, skal få brei dekning i Universitas. Eg vil redigera avisa etter intensjonane i Redaktørplakaten, og om nokon trur at dei vil få ei mindre kritisk avis med meg som redaktør, så vil dei ta skammeleg feil, lovar han.

Kritisk til Mediepolitisk plattform

Kvaale har fylgd med i debatten om innhaldet i Mediepolitisk plattform for det framtidige Velferdstinget.

- Det er klart at eg er kritisk til forslaget om at frilansstudentane våre ikkje skal få honorar for artiklane sine. Der er eg heilt på linje med både John Olav Egeland og Sigurd Allern, understrekar han. 1. januar 2005 byrjar han i jobben. Første oppgåva hans blir å tilsetja redaksjonssjef.
- Det blir nok ei intern tilsetjing, men eg vil gjerne ha med meg så mange som mogleg frå dagens redaksjon, håpar han.

Emneord: Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 8. des. 2004 11:54 - Sist endra 10. des. 2008 15:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere