Budsjett og redaktørplakat i Styret

Det endelege årsbudsjettet for 2005 og forslaget om å redigera Uniforum og Apollon etter Redaktørplakaten, er blant dei sakene Universitetsstyret skal ta stilling til tysdag 21. desember.

REDAKTØRPLAKAT: Kristian Gundersens forslag om å innføra redaktørplakat for Uniforum kjem opp i Styret tysdag 21. desember.
Foto: Martin Toft

Saka det knyter seg størst spenning til er fordelinga av dei 20 millionar kronene som skulle frigjerast frå dei sentrale avsetjingane. Desse pengane skulle brukast til tiltak som vil ta vare på studiekvaliteten og avhjelpa situasjonen for driftsmidlane til forskinga ved UiO.

Førebels ser det ut som om den primære begynnarundervisninga på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet er komen best ut av det. Det er foreslått å setja av ein pott på fem millionar kroner til dette arbeidet. To millionar skal brukast til å oppretthalda gruppeundervisninga ved SV-fakultetet og 550 000 kroner skal nyttast til opptak av nytt kull på bachelorprogrammet "Teiknspråk og tolking."

Teknisk avdeling får samtidig redusert sin del av dei sentrale avsetjingane frå 26,8 til 22,8 millionar kroner. Omstillings- og strategipotten blir dessutan foreslått redusert frå 10,1 millionar til 7,1 millionar kroner.

Stipendiatmidlar blir som før

Ei anna endring i høve til det opphavelege budsjettframlegget er det faktum at det heller ikkje blir innført nokon ny fordelingsnøkkel for stipendiatmidlar. Det vil seia at desse midlane likevel ikkje blir flytta frå basiskomponenten til forskingskomponenten. Bortsett frå denne pengeflyttinga, blir 2005-budsjettet slik som det blei vedtatt i førre styremøte. Uniforum kjem tilbake med ei meir omfattande sak om fordelinga av dei 20 millionar kronene i byrjinga av neste veke.

Styret skal også vedta ein langtidsplan for UiOs arbeid med det fysiske og psykososiale læringsmiljøet til studentane i perioden 2005-2007. Det skal også ta stilling til innføringa av ei Arbeidsmiljøbok for studentar.

Redaktørplakat

Og som Uniforum tidlegare har meldt, skal Styret ta stilling til styrerepresentant Kristian Gundersens forslag om å innføra ei ordning der Uniforum blir redigert etter prinsippa i Redaktørplakaten. I sakspapira understrekar universitetsdirektør Inger Stray Lien at ho også ser det som naturleg å innføra ei liknande ordning for forskingsmagasinet Apollon. Det vil seia at redaktørane for dei to organa får tildelt fullmakt til å redigera desse publikasjonane i samsvar med prinsippa i Redaktørplakaten.

Informasjonsavdelinga skal framleis ha det økonomiske og administrative ansvaret for den praktiske drifta av publikasjonane. Redaktørplakaten vil også gjelda for nettsidene til Apollon og Uniforum. Dessutan skal det opprettast eit styre for kvar av dei to publikasjonane. Styret skal setjast saman av to eksterne, to vitskaplege tilsette og ein teknisk-administrativt tilsett. Innføringa av Redaktørplakaten skal gjelda straks Styret har vedtatt at ordninga skal gjelda.

Satsingar i 2006

I lukka møte skal styret vedta forslaget til satsingar utanfor ramma i 2006-budsjettet. I sakspapira går det fram at dei fire prioriterte felta blir styrking av UiO som internasjonalt forskingsuniversitet, innovasjon, store strategiske byggjeprosjekt og dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingane til universitetet.

Styret skal også tilsetja nye instituttleiarar for Institutt for geofag, for Institutt for molekylær biovitskap, for fakultetsdivisjonen ved Akershus universitetssykehus og for Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling. Denne gongen møtest Styret i Kollegieværelset i Domus Academica i Sentrum klokka 09.00.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. des. 2004 14:13 - Sist endra 10. des. 2008 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere