Frykta strategisk valkamp på HF

- Me ynskte ikkje val på instituttleiarar midt i omorganiseringsprosessen fordi det kunne ha ført til ein strategisk valkamp mellom ulike faggrupper der store fag kunne ha "kuppa" små fag. Dessutan ville me ha kompetente leiarar. Slik grunngjev dekan Bjarne Rogan kvifor leiinga på HF-fakultetet ikkje ynskte valde instituttleiarar.

FRYKTA UTSETJING: - Me frykta ei langvarig utsetjing. Difor bad fakultetet om dispensasjon frå normalreglementet for val i den unntakssituasjonen me fann oss i, vedgår HF-dekan Bjarne Rogan.
Foto: Ola Sæther

Etter det Uniforum kjenner til, botnar ynsket om å fråvika valreglementet på HF også i ei frykt for at heile omorganiseringsprosessen ikkje berre blir utsett, men at den strandar. Dersom feil instituttleiarar blir valde, kan det gi ein omkamp som HF-leiinga ikkje er interessert i. Difor var det naudsynt å ha tilsette instituttleiarar.

Frykta langvarig utsetjing

Dekan Bjarne Rogan viser til at reorganiseringa er samrøystes vedtatt av både fakultetsstyret og Universitetsstyret og difor ikkje vil kunna "stranda".

- Men me frykta derimot ei langvarig utsetjing. Difor bad fakultetet om dispensasjon frå normalreglementet i den unntakssituasjonen me fann oss i. Reglementet til Universitetet i Oslo tar ikkje høgde for ein situasjon der både styra og instituttleiarane skal veljast frå nye valkrinsar, seier Rogan til Uniforum.

Truleg klart 1. februar

Dei sju stillingane som instituttleiar ved HF-fakultetet er lyste ut og har søknadsfrist om ei veke.

- Eg reknar med at det vil vera mange interne søkjarar blant dei og då kan dei byrja i stillinga rundt 1. februar. Dersom me tilset eksterne søkjarar vil det truleg ta noko lenger tid, opplyser Rogan til Uniforum.

- Difor let me sju av dagens instituttstyrarar fungera som mellombels instituttleiarar før dei nye leiarane er tilsette. Rundt 1. februar skal både dei og dei nye instituttstyra vera på plass, håpar HF-dekanen. Dermed kan dei vera med og gi råd om innstillingane på kven som bør bli instituttleiarar.

- Alle søkjarane vil bli vurderte på grunnlag av kvalifikasjonane sine, slår han fast.

Ingen legitimitetsproblem

Han har heller ingen tru på at dei tilsette instituttleiarane vil få mindre legitimitet enn det dei valde hadde.

- Nei, legitimitet er ikkje noko ein har, men noko ein opparbeider seg i ein posisjon. Sidan reformprosessane ved HF heile tida har vore opne, trur eg ikkje det vil bli noko problem, seier Rogan. Han har ingen tru på at dette vil skapa meir uro på fakultetet.

- Me har heile tida lagt vekt på å spela med opne kort og difor trur me det no blir ro rundt heile prosessen. Dei utfordringane fakultetet står overfor har me altså valt å møta med ei omfattande omorganisering og med rekruttering av kompetente leiarar, understrekar han.

- 251 vitskaplege tilsette ved HF-fakultetet har skrive under på ein protest mot tilsetjing av instituttleiarar. Det viser jo at motstanden mot endringane er svært store.
Krev desse reformene verkeleg eit unntak frå normalreglane for val på HF-fakultetet?

- Ja, men det gjeld berre for denne gongen. Etter at åremålsperioden på fire år er over, vil me på nytt fylgja normalreglane for val på HF, understrekar han.

- Ein unntaksperiode på fire år er jo svært lang?

- Jo, det vedgår eg. Men me har vurdert det som svært lite ynskjeleg å tilsetja folk i kortare periodar i stillingar som krev så mykje som desse gjer. Det er ikkje noko lita oppgåve å få dei nye institutta til å fungera godt både fagleg og sosialt.

Emneord: Fakultetene, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 10. nov. 2004 13:48 - Sist endra 10. des. 2008 15:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere