Budsjettkutt saboterer Kvalitetsreforma

Innstilling av gruppeundervisninga på Matematisk institutt og ikkje lenger nokon dekning av utgifter for masteroppgåver på Fysisk institutt. Det kan bli fylgjene av innsparingstiltak på til saman 6,3 millionar kroner ved dei to institutta. Dette vil gi minimale høve til å oppfylla intensjonane i Kvalitetsreforma, skriv instituttleiarane i eit brev til rektor Arild Underdal.

RÅKAR HARDT: - Dei foreslåtte innsparingane vil råka studiekvaliteten svært sterkt og gir minimale høve til å oppfylla intensjonane i Kvalitetsreforma, understrekar Arne Bang Huseby.
Foto: Ola Sæther

- Universitetsstyret har ikkje fått god nok informasjon om fylgjene av innsparingane det har gått inn for. Det konstaterer Arne Bang Huseby og Eivind Osnes, som leier Matematisk institutt og Fysisk institutt. Dei har no sendt eit ope brev til rektor Arild Underdal, som blir publisert i papirutgåva av Uniforum torsdag 11. november. Der gjer dei det klinkande klart kva alvorlege konsekvensar ei foreslått innsparing på 6,3 millionar kroner vil få for dei to institutta. .

Råkar Kvalitetsreforma

Dei viser til at ramma til Matematisk institutt er foreslått redusert med 2,3 millionar kroner.

- Konkret vil dette seia at all gruppeundervisning og all satsing på studentmiljøtiltak må innstillast. Dette vil råka studiekvaliteten svært sterkt og gir minimale høve til å oppfylla intensjonane i Kvalitetsreforma, understrekar Arne Bang Huseby. Og han viser til at dette ikkje berre vil råka matematikkstudentane.

- Nei, alle studieprogram ved fakultetet har obligatorisk grunnkurs i matematikk. Spesielt dei studentane som ikkje har full fordjuping i matematikk frå vidaregåande skule, har gjerne stort behov for gruppeundervisning. Dersom denne undervisninga fell bort, vil desse studentane råkast ekstra hardt. Ein ganske stor auke i strykprosenten kan fort bli resultatet, trur han.

- Dette er eit fag som dei då må ta om igjen, og det vil føra til at dei vil avslutta studiet langt etter normert tid, legg han til.

- Hindrar fornying

Også ved Fysisk institutt vil innsparingane få alvorlege utslag. Bang Huseby viser til at eit kutt på fire millionar kroner utgjer halvannan gong støtta til forskingsgruppene ved instituttet.

- Dermed vil eit slikt kutt drenera forskinga for midlar. Dessutan hindrar det den fornyinga som er naudsynt fordi mange av forskarane vil gå av for aldersgrensa i dei næraste åra, peikar han på. Men også studentane vil merka ei eventuell innsparing.

- Ja, spesielle tiltak i tilknyting til undervisninga blir kutta med ein million kroner. Og i tillegg vil altså støtta til dekning av utgifter for masteroppgåver falla bort. I praksis vil det nærast leia til inntaksstopp på dei mest utstyrskrevjande masterstudia, slår han fast. Desse døma trekkjer han og Eivind Osnes fram for å visa at innsparingane vil gå utover gjennomføringa av Kvalitetsreforma ved UiO.

- Universitetsstyret har jo heile tida understreka at dei sentrale avsetningane ikkje måtte gå utover Kvalitetsreforma. Dei døma eg har vist til, viser at denne målsetjinga ikkje er oppfylt, meiner Bang Huseby.

- Barberte bort formuleringane våre

Han konstaterer også at dette er informasjon som ikkje er nådd fram til representantane i Universitetsstyret.

- I sakspapira til Styret var nemleg alle formuleringane våre om moglege konsekvensar av føreslegne innsparingar barberte heilt bort. Det einaste som stod igjen, var at einingane vil kunna tilpassa verksemda til dei tentative rammene. Det er me tvungne til, men det får altså svært uheldige konsekvensar. Med vedtaket sitt har Universitetsstyret med andre ord også akseptert desse fylgjene, understrekar Bang Huseby og Osnes i brevet til rektor.

Katastrofalt notat

Dei synest heller ikkje det står særleg respekt av rolla Universitetsstyret har spelt.

- Med utgangspunkt i denne saka kan det stillast spørsmål ved om Styret har nok kunnskap om den verksemda det er sett til å forvalta. Difor er det svært viktig at Styret får både solid og relevant informasjon før det skal takast viktige avgjerder. Framleggsnotatet i denne saka var difor nær ei katastrofe, hevdar Bang Huseby og Osnes i det opne brevet. Begge ber om at dette må handsamast på nytt.

- Konklusjonen vår er difor at dei store sentrale avsetningane må revurderast ved den endelege budsjetthandsaminga. Då håpar me også at framstillinga som grunneiningane gir av konsekvensane, må bli tatt på alvor, er oppfordringa dei to instituttleiarane kjem med.

- Mindre å rutta med

Rektor Arild Underdal har lese brevet frå instituttleiarane Arne Bang Huseby og Eivind Osnes.

- Det er rett at fleire fakultet og institutt ligg an til å få mindre å rutta med i 2005 enn dei har i år. Frå fakulteta og andre einingar har me fått mykje informasjon om kva utslag dette gir, og seinast torsdag 4. november hadde prorektor og eg også ein samtale med ein professor som kontakta oss om situasjonen for hennar faggruppe. Slike skildringar av konsekvensane gjer inntrykk og er med i vurderingane når me no sluttfører budsjettarbeidet, presiserer Underdal.

- Må finna dekning

Det er likevel ikkje enkelt å få kabalen til å gå opp.

- Hovudpina vår er at me må finna dekning for ein ganske stor auke i husleigeutgifter, el-avgift og enkelte andre pålegg, og at me bør tilføra jus midlar til å gjennomføra sin del av studiereforma, kompensera HF for deler av inntektstapet på grunn av nedkortinga av ex.phil, og gjera meir for å avgrensa forfallet i bygningane våre.

- For å få det til, må me diverre ta av den ordinære løyvinga. Nøyaktig kor mykje får me ta endelig stilling til når me kjem til slutthandsaminga, understrekar Underdal.

Universitetsstyret skal handsama budsjettet for 2005 tysdag 16. november.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 5. nov. 2004 16:54 - Sist endra 10. des. 2008 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere